Verdidebatt

Lukta av høvelspon

FLUKTEN: Det er verken rett eller godt å sette Josef si truverdigheit og eit moralsk svik i samband med barnemordet dengong, og med assosiasjonar til dagens Midtøsten, slik Moxnes antydar i sin artikkel.

Kvart nyttår blir vi minna på at store delar av den kristne verda ikkje feirar jul slik vi er vane med. I den ortodokse tradisjonen er det Epifania-festen, eller Kristi Openberringsdag, som er høgtida for Jesu fødsel. Vismennene si tilbeding av Jesusbarnet er sentrum for denne feiringa. Sjølv i det katolske Spania står denne festen 6. januar (Los Reyos) sterkare enn julefeiringa 24.-25. des.

Han som var «rettskaffen»

Matteus skriv sitt juleevangelium (kap 1-2) på særmerkt, dramatisk vis. Då eg las Halvor Moxnes sine tankar (VL 28/12) om denne teksta, og dramaet kring Kristi fødsel, kom eg til å tenkje på julespelet «Herodes» som vart laga for NRK-fjernsynet tidleg på 1970-talet. Det var eit latinsk manuskript frå Middelalderen som var funne i Cluny-klosteret. Matteus-versjonen av juleevangeliet var lettare å dramatisere og visualisere enn Lukas sitt juleevangelium. I Matteus-teksta blir vi også blir kjende med Josef, han som var «rettskaffen» og ikkje ville «føre skam» over Maria, men som Guds engel likevel kalla til å ta vare på barnet og Maria.

Kanskje vil ein seie at vi gjerne vil halde på det idylliske og heroiske bildet av Josef

Maktmannen Herodes

I julespelet «Herodes» hadde vi Vera Zorina som profesjonell instruktør frå USA. Dette vart ein del av NRKs juleprogram på 1970-talet. Eg var teologistudent og song i koret Grex Vocalis, som hadde ei sentral rolle i denne produksjonen, saman med solistar frå Den norske opera. Eg gløymer ikkje korleis maktmannen Herodes, alias bass-solist Bjørn Lie-Hansen, gnidde seg i hendene og bad vismennene melde frå til han når dei hadde funne den nye kongen som var fødd. Og så følgde dramaet om Josef som igjen vart varsla av Guds engel og om flukta til Egypt, om Herodes sitt raseri, om barnedrap og Rama-skrik. Ei frykteleg hending som absolutt kan føre både tankar og kjensler til dagens blodige og grufulle krig i Jesu fødeland.

Snekkarverkstad

Men eg syns ikkje det er verken rett eller godt å sette Josef si truverdigheit og eit moralsk svik i samband med barnemordet dengong, og med assosiasjonar til dagens Midtøsten, slik Moxnes antydar i sin artikkel. Kanskje vil ein seie at vi gjerne vil halde på det idylliske og heroiske bildet av Josef. Kanskje det, men å skulde Josef for å kome seg vekk i tide og la ramaskriket berre ramme alle dei andre, synes eg er påfallande og spekulativt. Eg veit at Josef-alteret i den katolske Christ the King-katedralen i Liverpool eingong gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg. Eg kan framleis kjenne på lukta av snekkarverkstad og høvelspon der Josef står og tømrar. Derfor likar eg også Inger Hagerup si Hymne til Josef: Kan hende han svøpte sin kappe litt betre om barnet og moren. Slik vernet han ordløs menneskets drøm, den hellige Josef av jorden.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt