Verdidebatt

Misjon, dialog og økseskaft

JØDENE: For ein månad sidan spurte eg Den norske Israelsmisjonen (DNI) om kva organisasjonen la i dei misforståelege omgrepa «Israel» og «misjon». I Vårt Land fekk eg svar. Eller gjorde eg det?

Utgangspunktet for ein samtale om kristen misjon blant jødar, er vi einige om: Som DNI skriv, deler vi eit «ønske om å øke kirkens sensitivitet og ydmykhet i møte med den jødiske minoriteten. Kirkens bekmørke historie stiller høye krav til dagens kirke- og misjonsledere i møte med jøder og jødedom.» Den katolske kyrkja og fleire viktige protestantiske kyrkjer har etter Holocaust konkludert med at det ikkje er rett å drive slik misjonsverksemd retta mot jødar. Israelsmisjonen meiner tydelegvis at det stadig er det.

Og då vil eg berre vite meir om kva dei legg i dette omgrepet. Er DNI einig med den pensjonerte lekpredikanten Erik Dahl om at det «å fortelle jøder om Jesus og det han står for [...] må komme i samme gruppe som å forkynne evangeliet for muslimer og hinduer»?

«Forkynne Jesus for dem»

På DNIs heimeside heiter det at organisasjonen «vil forkynne Jesus Messias for dem», altså «det jødiske folk». I svaret til meg verkar det som om slik forkynning godt kan sameinast med ein religionsdialogisk praksis, berre «vi er transparente i det vi sier og gjør». Eg forstår religionsdialog som eit gjensidig møte der vi lyttar og lærer av kvarandre, med likeverd og respekt som utgangspunkt, og ikkje for å prøve å overbevise om at ein sjølv har rett.

Ein slik dialog bør også skje med medvit om makt, styrkeforhold og historia til partane. Dette gjeld særleg for møte mellom ein majoritetsreligion og ein minoritet som har så mange fellestrekk og likevel ei så vond historie seg imellom som det kristendom og jødedom har. Eg lurer på kva den utsette minoriteten av norske jødar eigentleg synst om at det finst ein organisasjon som har som eit av sine formål å «forkynne» for dei?

Salme- og sangbøker

Då eg las gjennom salmar og songar for å finne ut kva dei formidla om jødar og jødedom, var det ein type tekstar som peika seg negativt ut. Det dreier seg nettopp om salmar under overskrifta «misjon», i eldre salme- og sangbøker også «Israelsmisjon». Eg synst det er uforståeleg at Arne Skjånes sin salme «Løftet i Guds ord», skriven til DNIs hundreårsfeiring i 1944, året etter at norske jødar vart deportert til dødsleirane, framleis finst i Norsk salmebok (NoS 693).

Her handlar det jo tydeleg om at alle jødar skal omvende seg: «den brutte oljekvist/ skal ved tro på Jesus Krist/ atter podes inn i stammen». Den opprinnelege versjonen i den gamle Sangboken uttrykker også eit håp om at «Israel skal frelse finne/ ifra synd og onde kår». I fleire av desse salmetekstane skin det gjennom at jødane har skulda for Jesu død og at dei stadig har eit «dekke» for augo sine. Eg trur jo at ein høveleg måte å ta avstand frå «kirkens bekmørke historie» er å markere at slik negativ omtale av jødar i ulike «Israelsmisjonsalmer» ikkje kan aksepterast. Har DNI råda støttespelarane sine frå å synge slike salmar, også frå tidlegare utgåver av Sangboken, som jo stadig er i bruk? Viss ikkje, vil eg oppfordre til å gjere det.

Den kyrkjelege utgreiinga som har vore utgangspunktet for dette ordskiftet, kritiserte eit utsegn i DNIs prinsipperklæring frå 2004: «Det er åpenbart at historien kan vanskeliggjøre misjon og vitnetjeneste blant jøder. Men kirkens tidligere synder må ikke føre til at man begår en ny, alvorlig synd ved å hindre at jødene får høre evangeliet.» Eg lurer på om DNI stadig står bak denne omtalen av å ikkje drive misjon blant jødar, som «en ny, alvorlig synd»?

Kva legg DNI i «Israel»?

Misjonsorganisasjonar har ofte fått namn etter kva landområde eller folkegruppe dei konsentrerte arbeidet om, til dømes Kina-, santal- og zulu-misjonen. Svært mange av desse organisasjonane har seinare skifta namn eller har blir fusjonert inn i større misjonsselskap. Det mest spektakulære eksempel på slike namneendringar er Forening til omstreifervæsenets modarbeidelse, som seinare vart Norsk misjon blant hjemløse, frå 1988 Kirkens sosialtjeneste og no frå 2017 CRUX. Det engelske namnet til DNI, The Norwegian Church Ministry to Israel, inneheld ikkje lenger ordet «misjon», men målet for denne tenesta er stadig «Israel».

Spørsmålet mitt, som eg ikkje har fått svar på, er kva DNI legg i det sentrale ordet Israel? Er det staten Israel som vart oppretta i 1948 eller er dreier det seg om alle med jødisk tru? Eller er det litt det eine og litt det andre, alt etter kva som passar best?

DNIs eigen historikar Oskar Skarsaune skildrar bakgrunnen for namnevalet slik: «Det ble ikke jødemisjonen. Det ble et kompromiss, det ble et navn som tok vare på arven fra Israels venner. Det ble: Israelsmisjonen. Dette navnet har altså ingen ting med landet å gjøre, og slett ikke med staten Israel.» Er det slik leiinga i DNI stadig forstår namnet?

Har DNI noko råd til dei av oss som stadig høyrer det same ordet, Israel, i nyheitssendingane og i salmar og tekstlesingar i kyrkja, og som blir litt forvirra av kva samanheng det er mellom desse to ulike meiningane av ordet?

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt