Verdidebatt

Diakonale høgtider

RØRSLE: Det er to høgtider eg gler meg til i mitt diakonliv. Strengt tatt er ingen av dei offisielle høgtider. Men i mitt hovud, for ikkje å seie hjarte, er dei det.

Det er Helgemesse, slik me hadde sist helg og Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, tysdagen før Palmesundag.

Det vert sagt mykje om kyrkjeleg byråkrati, «dei mange i Kyrkjas Hus», men når det gjeld Helgemesse er det strålande det arbeidet dei gjer.

På nettsidene ligg gode ider og hjelp til markeringar. Den felles marknadsføringa gjer at også me i lokal kyrkja vågar og tenke ny, og kan hende heilt nye tankar. I videosnuttar og reklame materiell anar ein fagleg tanke om kva som kan treffe folk heime. Dei dyktige folka i Kyrkjas Hus skal ha stor takk , også for årets stoff til Helgemesse.

Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein.

Rørsle som handling

Ein fellesnemnar for begge høgtidene, er kanskje at dei set oss i rørsle. Det er diakoni, det. Rørsle som handling. Det er ikkje tanken som tel, men det konkrete. Den miskunnsame samaritanen bøygde seg ned, «og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle».

På kyrkjegardane og i kyrkjene er det lys. Små lys som bryt mørket, og lyser opp namna på gravsteinane.

Så er det fellesskapet. Familiar kjem gjerne saman. For somme er det fyrste gong dei er i kyrkja etter gravferda. Nokon tek attende rommet, så å seie.

Mange kyrkjer held opne, og ein kan få ei stille stund. Velsigna skal og sokneråd og diakoniutval som ber inn til mat og kaffi vera. I slike stunder blir rosinbollar og kaffikoppar til noko reint sakramentalt. Ord og handling i eit, som og fortel om at menneske ikkje kan leva utan von. På slike dagar blir og vona om eit etterliv: «Der eg og Jesus skal bu», som i songen om Tore Tang.

Det er ikkje tanken som tel, men det konkrete

Kristus-møter

Vona er felles både for Helgemesse og Fasteaksjonen. Kirkens Nødhjelp veit også ar kyrkja er lokal, at det er viktig å lage godt stoff som kyrkjelydane kan nytte. Utan mange bøsseberar blir det ingen pengar.

Både Fasteaksjonen og Helgemesse er bygd på vona om at ting kan bli betre. Felles for begge markeringane at dei gjev oss Kristus- møter. «Alt det gjorde mot ein av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.


Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt