Refrenget gjennom Bibelen
ESSAY: Vi har ein hang til å framstilla dei bibelske skikkelsane som modige heltar. Men dei bibelske heltane er skamlaust redde.
– I Det gamle testamente er tilbøyelegheita til «frykt» ein del av ein svekka maskulinitet. Dei utvalde er nemleg underordna Gud sjølv, og slik avhengige av Gud. Og likevel, når Bibelen skal konstruera sine heltar, så er uro ein del av ein adekvat respons, skriver Ingunn Aadland.(Foto: Erlend Berge)
Det er mykje angst og uro i Bibelen. Ja, dei fleste bibelske personlegdomane er før eller seinare anten redde eller bekymra. Det begynner med Adam og Eva som gøymer seg for Gud i hagen. Dei er nakne, redde og skamfulle. Sara og Hagar og Abraham er også urolege, ja dei er vel beint fram redde, særleg for korleis det skal gå med etterkomarane. Slektshistoria vidare fortel om hungersnaud, undertrykking, maktkampar og ymse anna ein kan bekymra seg over.
Og profetane, ja, dei bekymrar seg for om dei har det som skal til for å makta å vere Guds sendebod. Er ein stor nok, sterk nok, talefør nok? Kongane går heller ikkje fri frå slike tankar. Saul si uro liknar på det vi i dag ville kalla angst. Det er rett nok eit gap mellom Bibelens antropologi og vår forståing av psykisk helse. Likevel, her er mykje interessant å hente ved å sjå nærare på Bibelens urolege menneske.
«Magen er uroleg, hjartet vrid seg»
Bestill abonnement her
KJØP