Ikkje mobb studiekameraten min!
DEBATT: Unge teologistudentar frå MF og TF har funne det nødvendig å skrive eit bekymra opprop i Vårt Land mot oss som studerer erfaringsbasert master prest. Innlegget deira vitnar om frykt for det framande og manglande vilje til å sjekke fakta.
FRYKT: – Mange av oss har opplevd frykta for det framande når vi er ute i praksis. Særleg frå unge og usikre prestar, skriver innsender Arne H. Krumsvik.
privat
Det er ei grov forenkling å hevde at den erfaringsbaserte mastergraden er ein snarveg til presteteneste. Dersom ein tek seg tid til å lese teksten på heimesida, vil det bli tydeleg at dette løpet krev fem år på fulltid i tillegg til ei avslutta utdanning frå før. Eit år teologi før opptak, minst to års relevant praksis og to år som masterstudent. I sum er det altså ingen av oss som berre har brukt seks år på å nå målet.
Akademiker
I mitt tilfelle har eg cand.mag. (4 år), master (2 år) og doktorgrad (3 år), før eg tok teologiske fag (1 år) for å komme inn på mastergraden (2 år). I tillegg til relevant praksis (2 år). Min snarveg har altså tatt meg 14 år på fulltid. Når eg så tek ein del av dette på deltid, er det ikkje direkte mangel på tid til modning og refleksjon.
Bestill abonnement her
KJØP