Verdidebatt

Vi er alltid meir eller mindre urolege

ESSAY: Kjenner du på at vi lever i urolege tider? Det stemmer. Truleg er det mykje verre enn du har førestilt deg. Eller betre. Alt etter som.

I alle fall: It’s the end of the world as we know it (and I feel fine), som R.E.M har sunge sidan 1987. Difor er det på tide at vi går frå uro til at vi tek tak. Saman.

Uro finst alltid. For å forstå eiga og andre si uro kan det vera tenleg å tenkja på den som eit hav med ulike nivå. For eksempel alt frå uroa for om vi klarar å betala alle rekningar, til uroa for vener med livstrugande sjukdom eller eigne barn si psykiske helse, høyrer heime på eit overflatenivå. Her er det alltid rørsle, og ei bølgje har ikkje lagt seg før ei ny reiser seg. For vi er alltid meir eller mindre urolege. Av og til er bølgjene høge og farlege, men ting ordnar seg, om enn langt frå alltid til det beste.

Under bølgjene på overflatenivået går dei store havstraumane. Dei er ikkje brå og skriftande, men likevel langt meir kraftfulle enn bølgjene. Her finn vi uroa for krisene som finanskrise, flyktningekrise og klimakrise. Dei er så store at det ikkje finst éi løysing eller ein slutt, men løysing følgjer løysing utan at krisa utan vidare forsvinn. Dette er for eksempel tilfelle med klimakrisa, der elvar og byluft er reinsa, ozonlaget er redda og sur nedbør har opphøyrt, men likevel står utfordringane i kø. Det er difor tale om kriser som pregar tiår, kanskje hundreår. Uroa vi kjenner er difor like mykje for komande generasjonar som for oss sjølve.

Fra Moster sin jubileumsuke i anledning etablering av kristenrettena i 1024. 2024.

---

Jørn Øyrehagen Sunde

  • Professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo. Forsker på Nasjonalbiblioteket. Den fremste eksperten på Landsloven av 1274.
  • Sunde har tre ganger mottatt undervisningsprisen ved juridisk fakultet i Bergen. I 2012 fikk han Meltzer-prisen for «framifrå formidling».
  • Sundes har blant annet skrevet boken Speculum legale - rettsspegelen. Den er pensum for studenter som tar faget Rettshistorie på Det juridiske fakultet i Bergen. Etter forordet har Sunde viet en egen side til et vers fra salmen Jerusalem (skrevet av William Blake).

---

Om sant og falskt, godt og vondt

Havbotnen skjuler framleis mange mysterium. Uroa vi finn der, er sjeldan tema i diskusjonar ved kjøkenbordet eller i media. Det er meir ei nagande kjensle av at det bak havstraumane og bølgjene finst noko som driv desse fram, men som vi verken ser klart eller kjenner. Dette er dei grunnleggjande førestillingane om individ og kosmos, om sant og falskt, godt og vondt. Dette ligg ofte fast, men med variasjonar og endringar vi kan sjå i havstraumane eller bølgjene. Men ein sjeldan gang er det rørsle på havbotnen òg, og då kjenner vi på ei langt djupare og vedvarande uro for sjølve samfunnsbyggverket. Det gjer vi i dag.

Det er altså sjeldan sjølve grunnlaget for samfunnet er i endring. I vår skriftfeste historie skjedde det på 1100- og 1200-talet, 1600- og 1700-talet, og på 1900-talet og fram til i dag. Dette er historiske periodar når statsforma endrar seg, verdigrunnlaget for samfunnet er i endring, individsynet vert forandra, måten vi ordnar kunnskap og skil mellom sant og falsk på verta stokka om på, og endringane skjer i stor fart fordi ein får ny kommunikasjonsteknologi.

På 1100- og 1200-talet vart Norge eit rike med ei sentralmakt som kunne styra gjennom lov og ikkje bare gjennom militærmakt, ei utvikling som kulminerte med Landslova av 1274. Kristninga gjorde at mennesket fekk verdi og difor vern mot overgrep og rett på omsorg når uhellet var ute. Samstundes tok individet steget ut frå ætta og fekk meir ansvar for eige liv og frelse. Gjennom ei syklisk tidsforståing og algebra si evne til å handskast med det ukjente, kom forventningar til og trua på samfunnsstabilitet. Alt fremma gjennom skriftteknologien, som gjorde kunnskapsspreiing langt meir effektiv, og bygde nye og større fellesskapar enn ættefellesskapen.

---

Sundes uro

Vårt Land også spurt høstens skribenter om deres egen uro. Her er Sundes svar:

1. I hvilke situasjoner kan du oppleve triviell urolighet?

– Eg opplever uro kvar gong eg ser at nokon ber teikn på fattigdom av typen arveleg fattigdom. For eg veit kor mykje smerte og nederlag som følgjer med arveleg fattigdom.

2. Når var sist gang du kjente på urolighet i ditt liv?

– I dag, då eg åt thai take away i ein park mellom sprøyter, tomme ølboksar og triste andlet.

3. Hvordan håndterer du uroligheten?

– Eg ser etter kjærleiken. Eg ser etter nokon – eit kjærestepar, foreldre og barn, besteforeldre og barn, gode vener – som held kvarandre i hendene.


---

Vår eiga samtid

På 1600- og 1700-talet vaks nasjonalstaten fram som ei statsmakta med ein administrasjon som styrte gjennom detaljert lov tufta på grunnleggjande prinsipp, ei utvikling som kulminerte med Grunnlova av 1814. Reformasjonen gjorde at individet måtte ha kunnskap for å vera i dialog med Gud, og slik myndiggjort og mottakar av rettar til å aktivt handla, som ytringsfridom. Gjennom ei linjer tidsforståing og geometriens evne til å få sikker kunnskap om det ukjente, kom trua på utvikling og framsteg. Skular, fengsel og psykiatriske institusjonar vart bygd som rammer for omsorgsplikta. Alt fremma gjennom trykkekunsten, som gjorde bøker på folkespråket tilgjengeleg for stadig større samfunnsgrupper, og gjorde den nasjonale fellesskapen mogeleg.

Kva så med 1900-talet og vår eiga samtid? Vi er enno så tett på endringane, at vi meir opplever enn vi analyserer dei. Difor tenkjer få på at vi i løpet av 30 år har fått transnasjonale statar i Europa. Det vil seia at politikk gjennom lovgjeving i mindre og mindre grad skjer nasjonalt, men i staden på eit overordna nivå som er felles for mange nasjonar. Dette gjeld både Europarådet sine menneskerettar, og det gjeld ikkje minst innan EU og EØS-området.

Meir enn 30% av norsk rett, og dermed norsk politikk driven gjennom lovgjeving, er i dag EØS-rett eller europeiske menneskerettar som vi deler med store deler eller nesten heile Europa. Saman med sjølvstendige forvaltningsorgan som Konkurransetilsynet, som ikkje er underlagt nasjonal styring, og domstolar som kontrollerer nasjonal politikk opp mot transnasjonale plikter, har dette svekka sjølve den tredelinga av makta som Grunnlova byggjer på, og som var bærebjelken i nasjonalstaten.

Når uroa nagar

I 1972 vart Norge sekulært. For då vart sambuarskap og homoseksualitet lovleg og fristilt kristen familiepolitikk. Men kristen nestekjærleik spelar samstundes ei stadig viktigare rolle ved at individet ikkje bare får vern mot vold, og rett til handling, men får rett til å vera i samfunnet på lik linje med andre. Det gjer at psykisk sjuke, funksjonshemma, personar tilhøyrande ulike etniske grupper og religionar, kvinner og barn, har fått sterkt utvida rettar. Rettane er opplevd som universelle og difor ikkje lenger knytt til nasjonen, men følgjer individet på tvers av nasjonsgrenser og vert transnasjonalt handheva. Slik omfattar myndiggjeringa av individet i prinsippet alle. Alt fremma i rekordfart gjennom datateknologi og digital skrift frå 1990-talet av, som har potensialet til å byggja fellesskap over nasjonsgrenser.

Fra Moster sin jubileumsuke i anledning etablering av kristenretten i 1024. 2024.

Det er dette som gjer oss urolege utover uroa for til dømes vener sin sjukdom og klimakrisa. Utfordringa er at uroa for det ukjente som vil følgja av endringane i vår samtid gjer oss sårbare for sjarlatanar og demagogar som løftar fram og lovar å gjenskapa eit idealisert bilete av fortida. Putin i Russland, Orban i Ungarn, Erdogan i Tyrkia, Modi i India og Trump i USA er gamle menn som byggjer si makt på frykta for den ukjente. Media spelar indirekte på det same når dei publiserer artiklar om avdøde kjendisar i populærkulturen, som vert ikon for ei trygg fortid i møte med ei usikker framtid.

Å planta eit epletre løyser ikkje problema i seg sjølv

Så kva skal ein gjera når uroa nagar? Alle veit at når det brenn skal alle gå roleg mot naudutgangane. Men akkurat no spring kvar av oss som gal og skuvar andre bort. Når eit offentleg kjent slaveri som trafficking og tredobling av barnefattigdom på to tiår ikkje plagar oss og vert eit politisk tema, er det fordi vi bare har augene festa på nødutgangen og eiga frelse.

Epletreet

Martin Luther vart spurt kva han ville gjera i dag om han visste det var Dommedag i morgon. Svaret var: Å planta eit epletre. I overført tyding vil det seia at ei skal investera i det som er her og no. At vi skal stoppa opp, sjå våre medmenneske, og investera i relasjonen til dei. Då vert vi immune mot sjarlatanar og demagogar som ikkja har nokon annan neste enn seg sjølv. Men viktigast er at vi då kan løfta saman i møte med alt det nye, der langt frå alt er bra og mange vanskelege val må gjerast.

Å planta eit epletre løyser ikkje problema i seg sjølv, og skapar ikkje noko nytt paradis. Men det er byrjinga på ein ny og større fellesskap som gjer problema meir løyselege. Det er det beste vi kan håpa på i møte med det ukjente.




Mer fra: Verdidebatt