Det er sjeldan omgrepet synd blir brukt i terapirommet. Derimot er eit gjentakande tema dette med å ikkje vera god nok, ikkje strekka til, kjenna seg mislukka og ha dårleg samvit. Kan det på nokre måtar vera snakk om gammal vin på nye flasker?
Eg vil hevda at kyrkja sitt språk om synd på nokre måtar kan vera nyttig og godt. Det handlar mellom anna om ei opning for å snakka sant om det å vera menneske: Me er feilbarlege. Mange opplever det utoleleg å skulle komma til kort, anten det handlar om urealistiske krav til seg sjølv, forventingar frå andre eller prestasjonspress som ligg i kulturen. For dei fleste i dag er det ikkje Gud som krev til rekneskap, men ein sjølv.
Eit anna perspektiv
Leiar i pinserørsla Øystein Gjerme og psykolog Peder Kjøs (VL 17.08) drøftar ulike sider ved det kristne omgrepet synd, og kva dette er erstatta med i dag. Begge peikar på korleis moralisering og maktmisbruk har fulgt i kjølvatnet av kristendommen si konseptualisering av synd. Dette er sjølvsagt viktige korrektiv og historia har mange døme på at maktmisbruk har skjedd. Eg vil løfta fram eit anna perspektiv.
Kva skjer når folk i større grad har løyst seg frå presten eller predikanten, eller strenge foreldre, si makt over korleis ein lever livet? Då er ein fri. Dette er fridom me ønskjer både som individ og samfunn. Det er godt å kjenna seg fri, men på eit psykologisk plan blir livet ikkje nødvendigvis lettare.
Med fridom følger eige ansvar og eigne valg inkludert frykt for å velga feil, me står stadig i dilemma og må tåla usikkerhet. Frykt for å gjera feil eller velga feil blir for mange umogleg å leva med. Tematikken er godt kjent og skildra, blant anna av psykoanalytikaren Erich Fromm i klassikaren Flukten fra friheten frå 1941 og eksistensialfilosofen Jean-Paul Sartre som ved fleire høve skildra korleis mennesket er dømt til fridom og den angsten fridomen fører med seg. Så er ikkje alternativet underkasting, men aksept.
Eigne levereglar
Livet er komplisert. Me lagar oss på ulike måtar meir eller mindre ubevisste strategiar som kan kallast levereglar. Dette er ein slags retningslinjer me har med og som formidlar kva me kan gjera og ikkje gjera for å vera oss så godt me kan. På eit djupare plan handlar det ofte om behovet for å høyra til, kjenna seg god nok.
For mange kan det å redusera krava til seg sjølv kjennast ut som om ein skulle kasta frå seg redningsvesten medan ein er på ope hav
For nokre blir desse levereglane veldig strenge. Det kan handla om å aldri gjera feil, å aldri skuffa nokon, å bli likt av alle, å alltid få beste karakter og så vidare. Ein blir sliten av dette, strevet gir ikkje den gevinsten ein ønskjer i form av fred i hjarta og eit perfekt liv. Så ein må streva meir. Du får velmeinte råd om å senka skuldrene og bli snillare med deg sjølv.
Dette med å senka krava til seg sjølv er sjølvsagt lettare sagt enn gjort. For mange kan det å redusera krava til seg sjølv kjennast ut som om ein skulle kasta frå seg redningsvesten medan ein er på ope hav. Det er stor risiko. For kva kan skje då? Oppgåva mi i terapirommet kan ofte vera å bidra til å auka toleransen for tvil og usikkerhet, ikkje til å finna klare svar.
Sjølvaksept og sjølvmedkjensle
Den britiske psykologen Paul Gilbert er opptatt av sjølvaksept og sjølvmedkjensle som motsats til giftig og handlingslammande sjølvkritikk. Han talar varmt for å akeptera og forsona seg med si eiga tilkortkoming. Dette er ikkje uttrykk for resignasjon eller passivitet, men eit utgangspunkt som gir fridom til å utforska og agera ut frå det grunnlaget som er. Då kan ein lettare gje seg sjølv rom til å prøva og feila, læra av erfaring og gå vidare. Det handlar også om å våga forhalda seg til vanskelege følelsar, minne og situasjonar, heller enn å unngå eller bortforklara. Så treng ikkje løysinga vera å be Jesus om tilgjeving, men å vera rausare med seg sjølv.
Kanskje noko av kompleksiteten ved å vera menneske vart oppfatta og omtalt som synd i tidlegare tider?
Frå ein psykologisk ståstad kan eg seie at som menneske er me både gode nok og feilbarlege, samtidig. Denne erkjenninga gir det beste utgangspunkt for livskvalitet og bærekraft. I lys av syndvedkjenninga vågar eg å tru at det også er slik i kristendommen.