På Lambertseter ein søndag i juli vert eg møtt av eit anonymt og enkelt mursteinsbygg med påskrifta «Rikets Sal». Berre logoen til Jehovas Vitne på utsida avslørar et det er eit gudshus eg skal inn i.
Sist gong eg dro på gudsteneste for å skrive om det for Vårt Land, var eg kyrkje-søkjande, og skreiv under pseudonymet Sta. Birgitta. Med litt snert og mykje kjærleik til gudsfellesskapa fortalde eg om mi jakt etter ein plass å høyre heime. Difor er det annleis å seks år seinare vitja Jehovas Vitne utan dette som mål. Eg har nemleg kalla Metodistkyrkja min heim sidan «Kyrkjespire»-spalta blei avslutta.
Anonym sal, velkledde folk
Forsamlinga på Lambertseter er den minste til Jehovas Vitne i Oslo, men parkeringa er tilnærma full denne søndagen. I etasjen over møtesalen har nemleg vitne frå heile regionen samla seg til sommarstemne. Lik utsida, er utsmykninga inne i møtesalen også anonym: kun nokre litt utypiske mintgrøne stolar og ein blomsteroppsats dekorerer.
Men me er ikkje ferdige når predikanten har sagt sitt
Folka eg møter er derimot fargerike og engasjerte. Eg blir ønskt varmt velkommen av velkledde folk i dress eller penkjole. I USA lærte eg uttrykket «Sunday best» om det å kle seg i sitt finaste når ein skal i kyrkja. Uttrykket ser ut til å vere gjeldande også her, og eg er glad for at eg tok på finskjorta i dag.
Alle dei rundt 20 personane som har møtt opp i dag vil helsa på den nye som har kome inn døra. Dei er nyfikne på om eg har vore her før, og kvifor eg kom i dag. Når eg fortel at eg er metodist, men på besøk for å skrive om korleis det er å vere på eit møte hjå Jehovas vitne, er folk positive og håpar eg vil koma igjen. Det er tydeleg at misjon, som Jehovas vitne jo er kjende for gjennom tallause husbesøk og stands på gata, står sterkt også når dei møter folk i eige hus.
Gudsteneste eller KRLE-time?
Iveren etter å formidla bodskapen om Guds kjærleik er også tydeleg gjennom møtet, som er ordet dei brukar om det eg gjerne kallar ei gudsteneste. Dagens tittel på møtet er nemleg «La kjærlighet motivere deg til å forkynne!» Men i motsetnad til gudstenester i andre kyrkjesamfunn eg har vore i, er dette søndagsmøtet mykje meir enn noko me passivt deltek på.
Første halvdel av møtet føregår slik eg er van med frå andre lågkyrkjelege gudstenester, med velkomst, bøn, salmesang og ei preike. Men me er ikkje ferdige når predikanten har sagt sitt. Møteleiaren inviterer nå til lesing av ein tekst, og har fleire spørsmål som forsamlinga skal diskutere i fellesskap. Ein tekstlesar les eit avsnitt eller to av teksten, før møteleiar stiller spørsmål som «Hvorfor forkynner vi?»
Nesten alle i rommet deltek med refleksjonar, forteljingar frå eige liv og referansar til Bibelen gjennom dei vel 45 minutta me brukar på å gå gjennom teksten. Det er spanande å høyre kva erfaringar folk har med forkynning, enn om eg som besøkjande vel å ikkje delta sjølv. På eit vis føler eg meir at eg sit i ein KRLE-time for vaksne enn på ei gudsteneste.
Praktisk, men avgrensande struktur
Samtidig er samtalen veldig strukturert. Teksten me diskuterar er skriven på førehand, og har vore tilgjengeleg for medlemma i appen og bladet deira Vakttårnet i lengre tid. Det er mange referansar til bibeltekstar undervegs, frå over ei handfull nytestamentlege bøker samt til Det gamle testamentet.
Dei fleste på møtet sit med ein iPad eller telefon i handa, kor dei følger teksten og refleksjonsspørsmåla gjennom Jehovas Vitne-appen. Der finn dei også lenke til dei mange Bibel-referansane i teksten, og har moglegheit til å skriva inn eigne svar på refleksjonsspørsmåla. Ho som har invitert meg til å sitje med seg, viser meg villig både teksten og Bibel-referansane undervegs.
Eg ser føre meg at dette er ein praktisk måte å studera Bibelen på. Samtidig har eg fått fortald at alle møtene har same tema og tekst, uavhengig av kor du er i verda ein er denne dagen. Det kan jo vere praktisk at alle medlem får same opplæring i Bibelen. Men det framstår også i overkant uniformt. Kor er fridomen til å utforske ulike spørsmål som er viktige for folka i den enkelte forsamling, eller moglegheita til å tilpassa seg eit endra nyheitsbilete?
Kjærleik og endetid
Innhaldet i preika, som på grunn av ferieavvikling blir vist i opptak på skjerm, er oppbyggjande om det å visa kjærleik til familie, vener og Gud. Fokuset på forkynning eller misjon meiner eg at er ei viktig påminning for alle kristne.
Når me går til tekststudien er det derimot tydeleg kor viktig endetida, eller Harmageddon, er for vitna. Viss ein trur at endetida snart kjem, som jo er sentralt i Jehovas vitne sin teologi, kan eg forstå at dette er viktig for dei å snakke om – og at det gjer formidling og misjon særleg relevant å undervise om. Samtidig opplever eg at det fokuset vitna har på endetida tek mykje vekk ifrå bodskapen om Guds kjærleik til oss menneske.
Den så strukturerte måten å driva forkynning på trur eg også hindrar gode diskusjonar
Det får meg til å tenkje på diskusjonane kring eksklusjon som har råka Jehovas vitne både i omdømme og økonomi dei siste åra, etter at dei mista statstilskot som trussamfunn grunna eksklusjonspraksisen sin i 2021. Vissheita om at dei som eventuelt forlet trussamfunnet vil miste kontakt med sine nære, gir meg uro i magen. Det tenkjer eg bryt kraftig med kjærleiksbodskapen i Bibelen, som er så sentral i mi eiga tru på Gud.
Eg vil presisera at eg kjende meg hjarteleg velkommen hjå Jehovas vitne, og fann inspirasjon gjennom møtet til å meir aktivt diskutere Bibelen og eigen truspraksis med andre. Men fokuset vitna har på endetid er langt unna mi eiga forståing av kva Gud og kristendom er. Den så strukturerte måten å driva forkynning på trur eg også hindrar gode diskusjonar og impulsar. Difor finn du meg nok attende i Metodistkyrkja neste søndag.