Eg reknar med at vi er samde om at alle som les Bibelen, tolkar. For den vidare samtalen om samliv mellom to av same kjønn, er det derfor rimeleg at vi startar med dette som eit felles utgangspunkt. Alle prestar veit jo at det, bokstaveleg talt, er umogleg å vere bokstavtru: Som teologar har vi lese gresk og hebraisk og veit at vi har å gjere med ei mengde manuskript, kopiar og fragment. Bibelen er eit stort bibliotek.
Eg har for stor respekt for både Bibelen og for menneskeliv til å lese Bibelen bokstavelig. Bibelen må bli lese grundig, kritisk og varsamt. Vi kan ikkje forstå tekstane utan å sjå dei i samanheng med den tida og den kulturen dei blei skrivne i, ei tid som på mange måtar var forskjellig frå den tida vi lever i no. Å snakke om «Skriftas klåre ord» framstår ofte som forsøk på å lukke teksten og samtalen. Om meininga var så klar, er det veldig rart at ho har blitt forstått så ulikt til alle tider!
«Er det ikkje noko som står fast då?» spør du. «Og tar dei som er for likekjønna ekteskap Bibelen og det kristne evangeliet på alvor?» Eg vil svare: «ja». Kvifor?
Det er kjent at Martin Luther såg på nokre av skriftene i Det nye testamentet som mindre verdifulle enn andre
Grunnsanningar
Dette står fast: Til dei bibelske grunnsanningane høyrer at Gud har skapt verda, at Gud elskar oss og kallar oss til å elske tilbake, at vi skal elske nesten vår som oss sjølv, at frelsa er ei gåve vi får ved tru, ikkje av gjerningar.
Det er kjent at Martin Luther såg på nokre av skriftene i Det nye testamentet som mindre verdifulle enn andre. Hovudsaka for Luther var «ob sie Christum treiben» - om det driv til Kristus. Eller som han sjølv skriv i fortalen til eit av dei nytestamentlige skriftene: «Das ist auch der rechte Prüfstein, alle Bücher zu beurteilen, wenn man siehet, ob sie Christustreiben oder nicht». (Det er også den rette prøvesteinen, som alle bøker skal bedømmast etter, om dei driv til Kristus eller ikkje.)
I ein samanheng då Jesus skal tolke ein bibelstad, gjer han det ved å setje ord på kva evangeliet handlar om: «Han opna bokrullen og fann den staden der det står: Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren» (Luk 4,17-19).
Vår oppgåve som kyrkje er å forkynne og formidle evangeliet i ord og gjerningar. Når vi gjer det, møter vi Bibelen med kunnskap, og vi les Skrifta som rettesnor for liv og lære: Det som driv til Kristus er rettesnora. Det dreier seg om ein god bodskap for fattige og om eit nådeår eller jubelår. Her er det mykje å gripe fatt i! Folk er redde. Folk fryktar for framtida i dagens Europa, og i verda no i 2024.
Ekteskapet er ei borgarleg ordning som ligg under dei verdslige styresmaktenes ansvarsområde. Når vi som er prestar vier, utfører vi eit oppdrag på vegne av styresmaktene.
Om ekteskapet
For Martin Luther var ekteskap ein verdslig ting. Det er det for oss også.
Ekteskapet er ei borgarleg ordning som ligg under dei verdslige styresmaktenes ansvarsområde. Når vi som er prestar vier, utfører vi eit oppdrag på vegne av styresmaktene. Kyrkja godkjenner ekteskap inngått på rådhuset og også ekteskap inngått i andre land og med utgangspunkt i andre religionar. Ekteskapet i vår lutherske tradisjon er ikkje noko sakrament. Det er ei god og tenleg ordning for menneskelivet si skuld.
Eg er mellom dei som meiner at kyrkja bør vie skeive. Når det gjeld spørsmålet om kyrkja bør vie menneske av same kjønn, er det godt mogleg å meine at kyrkja ikkje bør vie nokon. Men når det norske samfunn no har ei ekteskapslov som definerer både hetero- og homofile parforhold som «ekteskap», og når kyrkjesamfunna faktisk har vigselsmyndigheit, då meiner eg og mange med meg at kyrkja, også Den norske kyrkja, bør vere open for å vie både heterofile og homofile par. Dersom kyrkja i det hele tatt skal vie nokon, så også dei, når dei ønskjer det. Kyrkja skal vere ein stad ein kan stille seg framfor Guds åsyn med liva sine, finne fotfeste og håp og bli omgjeven av bøn og forbøn.
Det er opplagt for meg at tolkinga vår av Bibelen alltid er prega av den forståinga vi til ei kvar tid har av menneskeverd og samkvem menneske i mellom
Å møte Bibelen med kunnskap
Det er ikkje til å kome bort frå at Paulus hadde eit syn på kvinna og kvinnas stilling og rolle i forhold til mannen, som vi i dag tar avstand frå. Det er også er kjensgjerning at Paulus i den måten han omtalte av slavanes rolle overfor sine herrar, hadde eit utgangspunkt vi i dag synes er ytst problematisk. Det er ei kjensgjerning at kyrkjer over heile verda meiner at ein ikkje kan seie at nokre menneske er meir verd enn andre, slik ein til dømes gjorde det under apartheid-tida i Sør-Afrika.
Det er derfor opplagt for meg at tolkinga vår av Bibelen alltid er prega av den forståinga vi til ei kvar tid har av menneskeverd og samkvem menneske i mellom. Når vi les i Bibelen treng vi ikkje bla så mange sidene før vi oppdagar at ekteskapet ikkje er noko einsarta. Ekteskapet framstår i mange ulike former, både i dei bibelske skriftene og oppover i historia. Frå Det gamle testamentet kjenner vi til patriarkar med følgjekoner, til dømes Abraham med Sara og Hagar. David hadde 18 kvinner, sonen Salomo hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner (1 Kong 11,3). Er det dette som er det bibelske ekteskapet?
Det er ikkje mykje kjernefamilie i Det Gamle Testamente, og Paulus såg aller helst at ein ikkje gifta seg, for ikkje å bekymre seg meir for ektefellen enn for Kristus (1 Kor 7). Etter kvart blir ekteskapet monogamt, men fram til mine besteforeldre/ oldeforeldre har ekteskapet i praksis vore ein kontrakt mellom to familiar.
Det er også viktig å ta med seg at heilt opp til vår tid har det vi kallar for ekteskap vore eit forhold der det var tydeleg at mannen bestemte. Dette har Den norske kyrkja tatt avstand frå: Ekteskapet er ikkje lenger at kvinna blir ein del av mannens eigedom. Det er ikkje det som no blir feira av Den norske kyrkja.
Kva er ekteskapet?
Ekteskapet som institusjon har altså endra seg opp igjennom historia. Kvinna er ikkje, som ho ofte blir omtalt som i Det gamle testamentet, mannens eigedom. Ein forventar ikkje lenger at kvinna skal underordne seg mannen.
Dette er viktig, godtfolk! Kva er det kristne ekteskapet?
Eg kjenner folk som gifta seg då dei svært unge. Eg har via heterofile par etter at dei har fått barn og eg har via par som aldersmessig er kome over den grensa at dei kan få barn. Ein kan vere barnlaus og framleis ha eit fullgodt ekteskap. Ja, kyrkja vier både dei som ikkje får barn og dei som tidlegare har vore gift.
Ekteskapet er mangfaldig. Det bibelsk funderte ekteskapet dreier seg om eit samliv grunna på truskap, gjensidig respekt, ansvar og kjærleik.
Ekteskapet, også for ulikekjønna par, er i dag uendeleg langt frå kva det var på Abraham og Saras, Jesu og Luthers tid. I dag er likskapen mellom ulike- og likekjønna par større enn ulikskapane.
Over heile verda, i mange kyrkjesamfunn og på tvers av generasjonane har den skjedd ei fundamental endring dei siste tretti åra i synet på homoseksualitet. Det er ikkje Bibelen som har endra seg, men kunnskapen om skeive og homofile liv har endra seg. Vi har i dag større kunnskap om kva Paulus eigentleg sa, og om korleis vi kan lese Paulus si fordøming av skeives liv. Når Paulus fordømmer at menn har sex med menn talar han inn i ei verd der homoseksualitet er uttrykk for bestemte maktrelasjonar. Det er noko anna enn det livslange monogame samlivet mellom mann og mann eller mellom kvinne og kvinne, som vi kjenner i dag.
Forsking og kunnskap er viktig når vi drøftar ekteskap og samliv, mellom heterofile og homofile. Det er viktig, ikkje fordi kyrkja skal være tvungen til å seie ja og amen til alt det forskinga finn ut av, men fordi vi skal vite kva vi snakkar om.
Kva kjenneteiknar eit godt samliv?
Ekteskapet og kjernefamilien er korkje godt eller vondt i seg sjølv. For nokre er det ei god form. For nokre går det sund. For nokre, som for Paulus, er ekteskapet ikkje ønskjeleg. For nokre har ekteskapet blitt vondt fordi det har vore eit valdshelvete.
Korleis har vi det i liva våre? Korleis lever vi saman? Korleis fremje kjærleik? Korleis få til at innhaldet i ekteskapet er tufta på gjensidigheit, respekt og tryggheit? Kjærleik og erotikk, gjensidig forplikting, ømheit og respekt. Det er vakkert! Eg har sett og opplevd det frå mange av mine homofile og lesbiske venner. Mannen min og eg snakkar ofte om det, etter at vi har vore på middag hos Per og Asbjørn, måten dei sender matfatet til ein annan, med kjærleik i blikket! Dei har vore saman i over førti år no. Og vore førebilete og inspirasjon for meg både i kristen tru og kjærleik.
Korleis nokre kan hevde at eit homofilt ekteskap truar det heterofile ekteskapet, er for meg en gåte. At eit auka tal heterofile sambuarskap gjer at færre lever i heterofile ekteskap, er eit faktum. Dersom det er statistikken som er poenget, kan ein seie at sambuarskap svekkjer ekteskapet som institusjon.
Men ekteskapet er ikkje trua, i alle fall ikkje av skeive som ønskjer å gifte seg. Derimot er homofile og lesbiske framleis ei utsatt og trua gruppe i denne verda.
Vår heimlege diskusjon må og sjåast i eit globalt perspektiv. Det er nok av land der skeive framleis blir trakassert og forfølgt, og nokre stader er forfølgingane i desse dagar skjerpa. Eg ønskjer å stå opp for skeives rettar både her i landet og i verda.