Verdidebatt

Eit berekraftig kyrkjeval

KYRKJEDEMOKRATI: Alt for mange har brukt alt for mykje tid på at alt for få deltek i kyrkjevalet. Det nyvalde Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.

Åtte komma nittini prosent. Oppslutninga i kyrkjevalet er det lågaste sidan kyrkjeforliket på Stortinget – og med den valordninga vi har i dag. Når alle sokn har rapportert inn vil det vonleg vere rett over ni prosent.

Vi skal evaluere valet, men allereie no kan vi sjå at dette ikkje er berekraftig i lengda.

Kristin Gunleiksrud Raaum, leder av Kirkerådet i Den norske kirke

Tilsette i alle stillingsgrupper brukar tid på kyrkjeval, i staden for å forkynne evangeliet og byggje fellesskap. Frivillige hender stiller opp i mange timar for å ta i mot relativt få stemmer. Avtroppande soknerådsmedlemmar må bruke sine siste timar på rigging, stemmemottak og oppteljing. Valordninga vi har i dag legg beslag på for store ressursar, både menneskeleg og økonomisk.

Ny og meir digital valordning

Eg meiner vi må sjå på ei ny valordning. Då er det viktig å sjå på alle element som kan gjere at vi svarar opp lovkravet om å vere landsdekkjande og demokratisk, men samtidig svarar til oppslutninga i valet.

Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg. I eit medlemsdemokrati handlar det mykje om å gje si støtte til dei som er villige til å ta på seg oppgåver for kyrkja, anten lokalt eller regionalt/nasjonalt. Alle medlemmer som ynskjer skal få stemme i kyrkjevalet.

Det kan hende vi må innsjå at valdeltakinga ikkje kjem så høgt vi kunne ynskje. Men vi kan ikkje ha ei valordning som gjer at vi stadig blir skuffa over låg deltaking. Ei stor utfordring er dessutan at det er stadig færre kandidatar til val av sokneråd og at gjennomsnittsalderen går opp.

Eg meiner det er grunnlag for å satse meir på digitale val. Ein av tre veljarar stemte digitalt i år for første gang. Det sikrar hemmelege val, er universelt tilgjengeleg og landsdekkjande. Samtidig må det vere mogleg å stemme på papir for dei som ikkje ynskjer eller har høve til å stemme digitalt.

Det kan hende vi må innsjå at valdeltakinga ikkje kjem så høgt vi kunne ynskje. Men vi kan ikkje ha ei valordning som gjer at vi stadig blir skuffa over låg deltaking

Store spørsmål

Vi må også sjå på tidspunkt for valet. Kunne vi hatt eit eige kyrkjeval-år, der vi slepp å kjempe om merksemda med det offentlege valet? I år såg var det ein tydeleg tendens at når kyrkjevalet var tema på riksdekkjande TV-nyheiter, gav det utslag i digital førehandsstemming.

Det er fleire spørsmål vi må sjå på. I år var det til dømes ikkje valkort som gjekk ut til alle som er medlem. Er det mogleg med digitale valkort i kyrkjevalet? Eit anna døme er oppgåve- og ansvarsfordeling mellom lokalkyrkja, bispedømet og nasjonalt nivå. Den seier mellom anna noko om at det er listene og kandidatane som sjølv skal formidle kva dei står for. Også denne fordelinga er viktig å evaluere fram mot neste val.

Hovudprinsippa i valordninga i dag har vi hatt sidan 2009. Kyrkjevalet 2023 er dermed femte val med denne ordninga, andre som sjølvstendig folkekyrkje og første val etter ny trussamfunnslov. Vi diskuterer val og valordning kvar gong. Det må me gjere denne gangen og.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt