Verdidebatt

Blir det forsoning no?

FORNORSKINGSPOLITIKK: Korleis skal forsoning med samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar kunne lukkast når eit forsvinnande lite antal nordmenn føler at forsoning angår dei?

I morgon, 1. juni, legg Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner (betre kjend som Sannings- og forsoningskommisjonen) den 700 sider lange sluttrapporten sin fram for Stortinget. I denne rapporten kjem dei med ei rekke tiltak som skal skape forsoning mellom den norske stat og samane, kvenane, norskfinnane og skogfinnane som gjennom fleire tiår vart utsette for grove menneskerettsbrot gjennom fornorskingspolitikken.

Elin Skaar

Lenge var forsoning i dette landet einstydande med heling av såra etter den andre verdskrigen. Akkurat no er ein heilt annan forsoningsdebatt aktuell: korleis skal dei gruppene som har lidd historisk urett i form av fornorsking forsonast med den norske staten – og med majoriteten? Korleis skal dei kunne lukkast når eit forsvinnande lite antal nordmenn føler at dette angår dei?

Elin Monstad, phd-stipendiat, Universitetet i Bergen

700 personlege historiar

Den offisielle fornorskingspolitikken varte frå midten av 1800-talet til (offisielt, men ikkje i praksis) midten av 1950-talet. Dei langsiktige konsekvensane av denne politikken er høgst aktuelle. Tenk berre på Fosen-saka.

Rapporten som kommisjonen legg fram i morgen inneheld fem år med grundig gransking av historiske kjelder. Innsamling av rundt 700 personlege historiar frå samar, kvenar, norskfinnar, og skogfinnar skal presenterast for heile folket. Kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten har lova at rapporten vil avdekka sider av norsk historie som til no har vore eit ukjent kapittel.

Størst spaning - og forhåpning – knyter seg antakeleg til anbefalingane som rapporten vil komma med. Kommisjonen har vore genuint opptatt av å få innspel til forsoningstiltak undervegs i arbeidet sitt. Er innspela som enkeltpersonar har komme med tatt med? Er innspela frå dei 36 interesseorganisasjonane som deltok på høyringsmøtet i Stortinget 6. mars tatt på alvor? Er anbefalingane til forsoning mange? Kjenner dei berørte gruppene seg att i forsoningstiltaka? Vil det vera mogeleg for norske myndigheiter å faktisk implementera tiltaka? Og det største, viktigaste, og vanskelegaste spørsmåla av alle: Vil desse tiltaka enkeltvis, eller samla, bidra til forsoning?

Samar kjenner det aller største personlege ansvaret for forsoning: 45 prosent

Forsoningsdugnad

Me er mest spent på korleis Kommisjonen sjølv kjem til å definera det vanskelege omgrepet «forsoning». Vil tolkinga vera i tråd med det «folk flest» meiner om forsoning?

I nasjonale spørjeundersøkingar som forskingsprosjektet TRUCOM har fått utført, kjem det nemleg tydeleg fram at folk tenkjer på mykje rart når ein ber dei om å skriva ned kva dei assosierer med ordet «forsoning». Berre ein liten del av det er relevant for det Kommisjonen har jobba med. Dei fleste tenkjer på forsoning som å bli vener igjen, prata saman, be om unnskyldning, tilgje, bli samde, gå vidare. Altså handlingar eller samspel som går føre seg mellom enkeltindivid eller mellom grupper. Ei lita handfull tenkjer på forsoning i tydinga av noko åndeleg eller religiøst. Berre nokre få snakkar om erstatning og kompensasjon. Av om lag 2000 respondentar, var det kun ti som nemnde staten eller norske myndigheiter.

Eit anna spørsmål er dette: Kommisjonen kjem med framlegg til ei rekke tiltak for forsoning, og staten har hovudansvaret for implementeringa av tiltaka. Men kven skal syta for at forsoninga faktisk skjer? Det paradoksale er at sjølv om «folk flest» tenkjer på forsoning som noko som angår enkeltmenneske eller forholdet mellom menneske/grupper, føler under tre prosent av dei som definerer seg sjølv som norske, at forsoning er noko som vedgår dei personleg. For dei som definerer seg sjølve som same, kven, norskfinne eller skogfinne derimot svarar over ti gonger så mange – 34 prosent – at forsoning angår dei personleg.

Samar kjenner det aller største personlege ansvaret for forsoning: 45 prosent. Heile 75 prosent av eit representativt utval av folk som bur i landet vårt svarer at forsoning ikkje angår dei personleg, men at dei (likevel) tykkjer det er viktig. Litt nedslåande er det at ein fjerdedel av alle nordmenn tykkjer verken det er viktig eller at dei har eit personleg ansvar for forsoning. Dei som skal fylgja opp rapporten har difor eit stort ansvar for å få folk med på forsoningsdugnaden.

Vedgår oss alle

Frå kl. 12:00 i morgon, 1.juni, skal ei rekke framståande forfattarar, journalistar, skodespelarar og «kjendisar» frå heile landet gjennom 35 samanhengande timar vera med på ein høgtlesingsstafett av alle dei 700 sidene. Opplesinga skjer på Nationaltheatret si hovudscene i Oslo, blir strømma på Bergen Offentlege Bibliotek (som vil halda ope natta gjennom) - og skal sendast kontinuerleg i radio og som «sakte-TV» på NRK. Dette er ein glimrande strategi for å nå ut til folk i heile landet. Kanskje er det nettopp eit slikt stunt som skal til for å få både samar, kvenar, norskfinnar, skogfinnar og «folk flest» til å føle at forsoning vedgår oss alle?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt