Biskopar og Israel

BOIKOTT: Kva meiner preses Olav Fykse Tveit om å «gratulere» Israel på den måten biskop Kari Veiteberg nyleg gjorde?

BOIKOTT: Biskop i Oslo, Kari Veiteberg, deltok nyleg i ein boikottdemonstrasjon mot Israel.
Publisert Sist oppdatert

I år er det 75 år sidan staten Israel vart oppretta. Biskop i Oslo, Kari Veiteberg, markerte nyleg dette jubileet med å delta i ein boikottdemonstrasjon saman med mellom anna ordføraren i Oslo, Marianne Borgen (SV). Dei ser på Israel som ei «katastrofe» som dei vil boikotte. Det gjer dei ved å framstille Israels eksistens som ei katastrofe, jamfør eit av slagorda under demonstrasjonen: «75 år med nakba.» Nakba betyr katastrofe, og er den arabiske nemninga på grunnlegginga av staten Israel. «Boikott apartheid» var ein annan av parolene under demonstrasjonen.

Ein sårbar minoritet

Ni av ti norske jødar ser på Israel som viktig eller svært viktig, ifølgje ei undersøking av PhD-student Leif Knutsen. Nokre av desse vil kanskje også oppleve biskopen og ordføraren i Oslo sin boikottdemonstrasjon som bidrag til antisemittisme? Det er trist at Veiteberg og Borgen ikkje ser ut til å ta innover seg kva for ein liten og sårbar minoritet dei norske jødane er. Det er om lag 1500 jødar i Norge og framleis er ordet «jøde» eit av dei mest vanlege skjellsorda i norsk skule.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP