Verdidebatt

Eit råd til Kyrkjerådet

KYRKJELEG ORGANISERING: Temaet lokal leiing bør ikkje vedtakast allerede i år. Til det framstår saka umoden.

Kyrkjemøtet i 2022 gjorde eit prisippielt viktig vedtak om kyrkjeleg organisering, der ein vidarefører annan arbeidsgjevarar for prestar enn for andre kyrkjelege tilsette. Vedtaket legg heldigvis til rette for å oppnå same daglege leiing for alle som arbeider i lokalkyrkja. Samtidig manglar det enno eindel avklaringar. No er det difor viktig at den tunge maratondistansen som denne debatten har vore, ikkje endar med at ein spurtar så hardt at ein snublar på målstreken.

Lokal styring

Som kandidatar på nominasjonskomiteen si liste til bispedømmerådet er me grunnleggjande opptekne av at kyrkja skal vera forankra i sokna og sokna sine organ. Difor er me opptekne av at både lokal styring frå dei folkevalde organa og lokal leiing for dei tilsette må vektleggjast. Lokalkyrkja er avhengig av både god andeleg leiing frå sokneprest og prost, og god dagleg leiing, der dagleg leiar representerer dei lokale råda.

I spørsmålet om organisering av kyrkja er det svært viktig at me endar med ei løysing som i tilstrekkeleg grad tek omsyn til presten si særstilling i kyrkja, som forvaltarar av den særskilte tenesta med ord og sakrament. Samtidig er det viktig at me ikkje verken vatnar ut dette eller gjer dagleg leiing uklar ved å blanda inn oppgåver som naturleg høyrer inn under styret/rådet, representert ved dagleg leiar sitt utføraransvar.

Ei rekke spørsmål

Det synest som nokre av kompromissa som skulle dra vedtaket i havn i Kyrkjemøtet har resultert i vedtakspunkt som manglar avklaring og utredning, noko som etterlet ei rekke spørsmål. Mellom desse er spørsmålet om korleis «delt og sidestilt leiing» skal fungera. Og kva betyr eigentleg «kyrkjefagleg» leiing? Gjeld det også diakonen i besøk til sjuke og einsame og kantor som spelar postludium? Og er det ikkje også kyrkjefagleg arbeid når kyrkjegardsarbeidaren opnar ei ny grav?

I tillegg kan ein spørja om Kyrkjemøtet/kyrkjerådet eigentleg utan vidare kan fjerna vesentlege oppgåver frå kyrkjeverjene sin arbeidskontrakt. Kva med stillingsvernet til kyrkjeverjene?

Saka framstår alt i alt umoden for vedtak allerede i august i år

Saka framstår umoden

Dersom ikkje dagens tenesteordning for prestane gir godt nok grunnlag for å sikra presten si særstilling i kyrkja og det andelege leiaransvaret, bør det kanskje utgreiast betre verktøy for det ansvaret som prestane har gjennom vigsling og tenesteordning. Gjennom ein slik prosess vil det vera viktig å finna arbeidsmåtar som gjer at prest og dagleg leiar kan utgjera eit godt leiarteam. Dette må vera mogeleg å oppnå, utan at ein samtidig dels drastisk endrar ansvarsområdet til dagleg leiar og lokale råd og dels tilfører sokneprestane oppgåver som ligg utanfor dei fleste prestar sitt naturlege kompetanseområde. Den tenesta og det ansvaret dei alt har er altfor viktig til det.

Saka framstår alt i alt umoden for vedtak allerede i august i år. Når me først har brukt så mykje tid og krefter på ein omfattande organiseringsprosess, fortener saka konklusjonar som er eintydige, gjennomtenkte og konsekvensutgreidde. Temaet lokal leiing bør difor etter vårt syn flyttast til neste runde i prosessen og ikkje vedtakast allerede i år.

Dag Sele, Turid Fjose, Jostein By, Kristin Jordheim Bovim og Dag-Olav Bjorøy. Kandidat nr 1,2,4,5 og 6 på nominasjonskomiteen si liste til bispdømmerådsvalet i Bjørgvin bispedømme.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt