Verdidebatt

Fleire moskear, meir sosial kontroll

INTEGRERING: Det blir bygd stadig nye moskear. Parallelt må samfunnet ordne opp i nesten tusen saker årleg der spesielt jenter lever under negativ sosial kontroll.

På eit nyleg seminar i regi av kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll, kom det fram at talet på saker har auka frå 759 til 891. Dette svarer til 17 prosent auke. Kompetanseteamet er eit tverrfagleg team som ligg under Bufdir. Hovudoppgåva deira er å gi råd og rettleiing til dei ulike tenesteapparata, frivillige organisasjonar og enkeltpersonar som tek kontakt. Imdi, som også jobbar førebyggjande med denne tematikken, fekk 950 saker å jobbe med i 2022. Som tidlegare år dreidde 75 prosent av sakene i 2022 seg i hovudsak jenter/kvinner med bakgrunn frå Syria, Somalia og Pakistan, i tillegg dei til dei andre Mena-land (land frå Midt-Austen og Nord-Afrika). Mørketala er truleg store. Men den instansen som naturleg nok fekk flest førespurnader, var politiet.

Vaktarar av æra til familien

Frå mi tid som minoritetsrådgivar i Imdi har eg lang erfaring frå «førstelinja» i forhold til denne tematikken. Ei av hovudoppgåvene mine var å ta opp negativ sosial kontroll både med ungdommane og med foreldra deira. Som oftast tok familiane utgangspunkt i at det var kulturelle utfordringar som låg til grunn for at enkelte internt i det norsk-muslimske miljøet dreiv med negativ sosial kontroll, men når vi saman pirka på det kulturelle aspektet og stilte spørsmål rundt kulturell praksis som gjekk mot dei universelle menneskerettane, som til dømes likestilling eller sex utanfor ekteskap, dukka den religiøse komponenten opp. Kva som er halal og kva som er haram, altså kva som er lov og kva som ikkje er lov. Jentene blir kontrollerte, men også gutar har ansvar. Det er som oftast mannen/guten som har ansvaret for å verne æra til familien. Dette blir gjort ved å kontrollere dei kvinnelege familiemedlemmene som til dømes mødrer, søstrer, og kusiner. I enkelte tilfelle kan mannen eller guten som har fått denne oppgåva, oppleve dette som belastande.

.

Den mørke krafta til moskeane

Dei mange moskeane, som også aukar i talet i Noreg, uttaler ofte at dei er brubyggjarar som bidreg til integrering. Dei får også støtte av kommune og stat til ulike aktivitetar. Også byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen, har uttalt at til dømes den somaliske moskeen, Tafwiiq, er viktig for integreringa. Dersom dette stemde, burde vi sett at talet på saker om æresrelatert vold og negativ sosial kontroll går ned, og ikkje opp. Men det har det altså ikkje gjort. Den konservative posisjoneringa til islamistane dei siste 25-30 åra har ført til at vi har fått større omfang av negativ sosial kontroll. Islamistane har vorte fleire og mektigare.

Då eg var barn og ungdom, var det ikkje mange som var opptekne av kva som var halal og kva som var haram

Journalisten Inga Holst gjorde eit godt stykke journalistisk arbeid då ho i fjor i år i Minerva viste til kva Rabita, sidan starten av 2000-talet, har skrive om hijab-påbod. Fleire av meinigheitene krev til dømes at jenter skal gå med hijab frå dei kjem i puberteten. Ein av disse er til dømes Rabita-meinigheiten. Andre krev bøter dersom ein bryt fasta («36.000 kr i bot for å ikke faste», Utrop.no, 02.06.2016). Då eg var barn og ungdom, var det ikkje mange som var opptekne av kva som var halal og kva som var haram. Dei av oss muslimar som ikkje åt svin, åt kylling. Om ho var haram eller halal var uvesentleg. Men i ein stadsanalyse for Bjørndal, som Oslo kommune har laga, kjem det fram at både personal og barn måtte få opplæring i å ikkje kontrollere kva barna måtte ete av haram- og halalmat. Under ramadan er barn og ungdom opptekne av å halde oppe fastinga sjølv om ein ikkje vil (Arbeidsforskningsinstituttets rapport 4:2018). Enkelte av barna bruker sjølv omgrepet «ramadanpoliti», som eg sjølv har høyrt når eg har jobba som minoritetrådgiver.

Dei kulturelle og religiøse aspekta berre nektar vi å ta innover oss. Det kan ikkje halde fram

Berre sosioøkonomiske utfordringar?

Internt i fagmiljøet snakkar ein ofte om at desse utfordringane med negativ sosial kontroll er samansette og sosioøkonomiske. Var det snakk om sosioøkonomiske forhold burde ein også sett eit liknande omfang av negativ sosial kontroll blant barn av polske arbeidarar, all den tid det er den største innvandrargruppa i Noreg. Men vi ser ikkje slike saker blant polakkar. Eller vietnamesarar.

Dei kulturelle og religiøse aspekta berre nektar vi å ta innover oss. Det kan ikkje halde fram. Samfunnet kan og skal ikkje ha to ulike standardar, ein for dei med muslimsk-norsk bakgrunn, og ein for resten av befolkninga. Dehumanisering av annleistenkjande, liberale, antirasistar, homofile, ateistar, vantru, feministar og så vidare, må det takast eit internt, men også eit eksternt oppgjer med. Her må vi politikarar på ulike nivå, og andre aktørar be om dialog, men det må vere ein dialog basert på ærlegdom og basert i dei universelle menneskerettane. Å sikre alle den same fridommen og velferda som norske Nora, er ekte antirasisme.

Ikkje minst må vi med muslimsk bakgrunn òg streve etter å faktisk integrere oss og starte nedbygginga av halal- og haram-universet, og ta innover over oss at ære ikkje har noko med kva jentene frå regionane våre gjer, men korleis vi byggjer velferd og fridom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt