Verdidebatt

«Senterpartiet er ikkje mitt parti lenger»

PARTILAUS: Nei, nå er begeret fullt for meg og. Kravet om medlemspengar får kvila nå.

Eg kan ikkje lenger røysta på Noregs mest tilbakeskodande og konservative parti når det gjeld kommune- og fylkesstruktur. Bak oss ligg ein valkamp der populismen fekk frie tøylar med store lovnadar i beste Frp-stil om raske løysingar på prosjekt i både aust og vest. Akk, eg skjønar ikkje at sindige Marit Arnstad ikkje makta å halda desse høgtflygande partitoppane nede på jorda i valkampen. Ja, me hadde ein lokal fugl i Rogaland også som sveva fritt over jærlandskapet og lova gull og grøne skogar om berre Sp kom i regjering.

Superdemokratiet

Ja, «superdemokrati» kallar eg det, når ei skiftande folkemeining skal vera det einaste og avgjerande kriteriet for viktige avgjerder for land og folk. Då kan det gå tregt, med tallause utgreiingar og ofte sterke negative verknadar i ettertid. La oss gå attende i historia til 1965 og sjå kva konsekvensar dette ville kunne hatt i ettertid, om ei folkerøysting då skulle vore like avgjerande som nå.

Schei-kommisjonen teikna i 1965 eit nytt kommunekart for kommunestrukturen i Norge. Kartet var i mange høve svært radikalt. Då talde i høg grad andre kriteriar som til dømes arrondering og funksjonalitet meir enn folkemeininga.

«Superdemokrati» kallar eg det, når ei skiftande folkemeining skal vera det einaste og avgjerande kriteriet for viktige avgjerder for land og folk

Lokale tilhøve i Rogaland

Før 1965 hadde me i fylket tre såkalla «smultring-kommunar»: Eigersund kommune omkransa Egersund by, Høyland kommune omkransa Sandnes og Hetland kommune omkransa Stavanger. Tenk dykk, Sp-toppar, at folkemeininga då var like avgjerande for kommunestrukturen som i dag ? Det er ikkje utenkeleg at ei folkerøysting i ein eller fleire av landkommunane Eigersund, Høyland og Hetland ville gi fleirtal mot samanslåing med bykommunen.

Tenk dykk som resultat at til dømes både Høyland og Sandnes også i dag eksisterte som eigne kommunar. Kva vonlaus kommunal styringsdyktighet ville ikkje dette innebere? Dette syner klart kor uante negative konsekvensar det kan få om fylkes- og kommunegrenser skal bli trekte opp på eit så spinkelt grunnlag som ei folkerøysting er.

Folk aksepterer ikkje det meiningslause i å ausa ut hundretals millionar kroner i «denne tilbake til fortida»-politikken

Søgne/Kristiansand

Er ikkje Søgne langt på veg også ein slik smultringkommune som omkransar Kristiansand by? Skjønar ikkje Sp-toppane at den kinninga dei driv på, også med lovendring, høyrer fortida til? Lillebror kan ikkje fornekta storebror. Han må berre vona på ein forståelsesfull og raus storebror.

Eg greier ikkje meir av denne «tilbake til fortida»-politikken frå Sp si side.

Når det gjeld fylkesstrukturen er det same elendet: Det minst folkerike fylket Finnmark med stor fråflytting og sterk forgubbing, skal framleis vera åleine. Kva framtid er det i det? Hedmark og Oppland som ligg som eit par i ektesenga med den lange felles grensa, ville også Sp skilja. Heldigvis lukkast dei ikkje. At Viken ikkje er eit lukkeleg ekteskap er eg samd i. Denne mislukka «tilbake til fortida»-politikken til Sp, som dei vektla så sterkt før valet, har nå ramma partiet som ein bumerang, ikkje berre for Sp men også Ap. Folk aksepterer ikkje det meiningslause i å ausa ut hundretals millionar kroner i «denne tilbake til fortida»-politikken.

Før Senterpartiet legg «tilbake til fortida»-politikken sin død og rettar blikket framover, vil eg ikkje kunna finna attende. Eg vil ha eit framtidsretta parti.


Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt