Verdidebatt

«Så lenge rettsprosessane går, vil Trump gjere politikk av det»

Donald Trump er under etterforsking i fleire politidistrikt. Det vil, ironisk nok, kunne styrke oppslutninga hans inn mot valet i 2024 dersom han klarer å framstille seg som offer for politisk motivert straffeforfølging.

Donald Trump er langt frå ukjend med rettsvesenet. I nær framtid risikerer han likevel å sjå innsida av ein rettssal under ein strafferettssak. Det er ikkje vanleg kost for den historisk sett søksmålsvillige forretningsmannen.

Laurdag ettermiddag norsk tid la han ut ei melding på det sosiale mediet Truth Social der han hevda å ha fått vite via lekkasjar frå det «korrupte og svært politiske» statsadvokatembetet i New York at han kom til å bli arrestert tysdag.

Seinare gjorde representantar for Trump det klart at den tidlegare presidenten ikkje har fått signal frå statsadvokaten om at dette faktisk ville skje. Vi veit imidlertid at det har vore fleire møter internt i politiet i New York om korleis ein kan ivareta sikkerheita dersom statsadvokaten faktisk tek ut tiltale og den tidlegare presidenten skal bli framstilt for påtaleforkynning. Dette taler for at eit påtalevedtak er nært kommande.

Betalinga til Stormy Daniels

Høvet er den pågåande etterforskinga av ei betaling Trump gjorde via den såkalla fiksaren Michael Cohen til pornoskodespelaren Stephanie Clifford, betre kjend som «Stormy Daniels» i 2016.

I innspurten av valkampen dette året skal Clifford ha forsøkt å selje opplysningar til høgstbydande medium om eit utanomekteskapeleg forhold til Trump. Fiksaren Cohen skal ha betalt Clifford om lag 130.000 dollar for å halde opplysningane for seg sjølv. Desse pengane skal Cohen seinare ha fått betalt tilbake frå Donald Trump medan han var president.

Cohen sa seg skuldig i ein føderal rett etter fleire tiltalepunkt i 2018, mellom anna knytt til nett denne betalinga. Trump har førebels ikkje blitt tiltalt for si rolle i saka.

Dei juridiske tilhøva er kompliserte, men dersom ein tek ut tiltale mot Trump vil det vere for å ha brote forretningslov i New York ved å føre forretningsbilag som ikkje er korrekte. Dette er eit relativt lite lovbrot, men det vert imidlertid meir alvorleg dersom ein har gjort det for å skjule ei anna kriminell handling, i dette tilfellet brot på vallovgjeving. Svært forenkla: Fordi formålet med å betale dei 130.000 dollarane til Clifford var å skjule opplysningar som kunne påverke valresultatet, kan pengane bli rekna som eit direkte bidrag til Trump sin valkamp – og eit pengebidrag i denne storleiken er ikkje lov.

Statsadvokatane som etterforsker Donald Trump, kan ikkje ta politiske omsyn. Tilliten til dei strafferettslege prosessane vil ikkje bli større av det.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Eggjar til protest

I praksis vil ei fengsling i samband med påtalevedtaket vere ein formalitet. Når tiltalen blir teken ut, vil statsadvokaten ta kontakt med Trump sine advokatar, for å utarbeide ei avtale om at den Florida-busette Trump frivillig stiller i retten i New York for å få forkynt tiltalen. Trump sine advokatar har allereie meldt at Trump vil stille, og at det ikkje vil bli naudsynt å pågripa han for påtaleforkynninga.

Like fullt vel den tidlegare presidenten å nytte høvet til å forsøkje å piske opp tilhengarane sine. Han avsluttar meldinga på Truth Social: «PROTESTER, TA NASJONEN VÅR TILBAKE!»

Det er vanskeleg å ikkje lese meldinga som ei ubehageleg referanse til opptøyane i Washington DC i januar 2021. I forkant av desse kom Trump med fleire oppmodingar til sine støttespelarar som tydeleg eggja folkemengda. Ein kan lett sjå føre seg at Trump ville sette pris på store folkemengder i gatene som protesterer mot eit påtalevedtak.

Ikkje den rette saka?

I ein urovekkjande trend kjem fleire politiske kommentatorar, også her i Norge, med utspel som kan tolkast til å leggje ansvaret for demokratiet i USA si framtid på skuldrene til statsadvokat Alvin Bragg i New York. Ein del stiller spørsmål ved om dette er den viktigaste av sakene mot Trump, og om det er den rette saka å sette Trump under tiltale for.

Eirik Løkke, rådgjevar i Civita og USA-kjennar, er ein av desse. Han skriv at han lenge har stussa over vurderingane til Statsadvokaten i New York. «Av alle sakene Trump etterforskes for er denne av minst betydning for demokratiet i USA», skriv Løkke i ein gjennomgang av situasjonen. Han meiner denne saka er den som har størst potensial til å slå tilbake i president Trump si favør.

Det er ikkje eit omsyn statsadvokatane som leier dei ulike etterforskingane kan, eller bør, ta. Tilliten til dei strafferettslege prosessane er liten mellom Trump sine tilhengjarar, men den vil ikkje bli større dersom påtalemyndigheita av politiske årsaker, eller fordi ein annan statsadvokat har ein «viktigare» sak, let vere å reise tiltale.

Dei mange politietterforskingane vil kunne styrke oppslutninga til Trump inn mot valet i 2024, dersom han klarer å framstille seg som offer for politisk motivert straffeforfølging

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Republikanarar sluttar rekkene

Då Trump la ut meldinga til tilhengarane sine, var effekten umiddelbar: Leiande personar i det republikanske partiet sprang han til forsvar.

Speaker Kevin McCarthy, leiar for republikanarane i Representanthuset, skreiv på Twitter at etterforskinga er å rekne som maktmisbruk. McCarthy lova også at han vil be dei aktuelle komiteane i Kongressen granske om føderale midlar kan ha blitt brukt i etterforskinga – ein særs dårleg skjult trussel mot statsadvokat Bragg.

Ei rekke andre republikanarar, mellom dei tidlegare visepresident Mike Pence, har avskrive den forventa tiltalen mot Trump som reint politisk motivert. Det er i tråd med måten Trump sjølv omtaler saka – han har kalla det ei heksejakt og skulda statsadvokat Bragg, som er svart og demokrat, for å vere rasist og politisk motivert.

I Trump si interesse

Det er i Trump si interesse å male denne, og andre etterforskingar som er i gang rundt moglege straffbare tilhøve i samband med og etter 2020-valet, som politisk motiverte. Dei mange politietterforskingane vil, ironisk nok, kunne styrke oppslutninga hans inn mot valet i 2024 dersom han klarer å framstille seg som offer for politisk motivert straffeforfølging.

Det er ein av dei meir alvorlege konsekvensane av at påtalemyndigheit og dommarar i USA i stor grad er folkevalde eller politisk utnemnde. Det utgjer eit enormt problem for tilliten til rettssystemet, som Trump og hans politisk allierte på kynisk vis utnyttar til eiga politiske vinning.

Tysdagen kom og gjekk utan at påtalevedtaket kom, og utan dei dramatiske demonstrasjonane som Trump ønska seg. Det er i beste fall berre eit pusterom. Så lenge rettsprosessane går, vil han vere gjere politikk av det.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt