Verdidebatt

Kyrkjemusikalsk kvakksalveri?

KYRKJEMUSIKK: Den norske kyrkja hadde vore fattig på song og musikk om ikkje den ufaglærte organisten hadde meldt si interesse og stilt opp.

Det er mangel på kvalifiserte kyrkjemusikarar, slik eg opplever det forbundssekretær Thor Henning Isachsen i Creo gjekk ut med i Vårt Land sist veke. Han får seg så til å bruke eit underleg uttrykk, «guteromsmusikarar», om dei som ikkje har tilstrekkeleg utdanning innan kyrkjemusikk. Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte.

.

Ja, vi treng solide og gode kyrkjemusikarar som vil vere med å løfte opp og fram dei evangeliske rikdomane vi har gjennom bibelske tekstar og liturgi, for ikkje å snakke om salmar, hymner og songar og eit vell av kyrkjemusikalske verk som komponistar opp igjennom tidene til i dag har gitt oss.

Menneske treng sjeleføde, ikkje berre gjennom estetiske sansar, men truslivet treng ord om frelse og nåde, og styrke til å leve som Guds barn. Her er forkynninga av Ordet og poesien med sine rike tekstar sentrale.

Treng dei ufaglærte

Den norske kyrkja hadde vore fattig på song og musikk om ikkje den ufaglærte organisten hadde meldt si interesse og stilt opp for ei syngjande og lovprisande gudsteneste, gjerne med vokale og instrumentale innslag for born, unge og vaksne.

Rekrutteringa til kyrkjemusikalske oppgåver har ikkje vore god, for å seie det mildt. Mange har komme til oss frå omliggjande land, fordi vi ikkje har nok av eigne søkjarar – og takk for det.

Men kva er gale med å nytte oss av kompetente utøvarar, som med sine utrustingar vil gå inn i ei kyrkjemusikalske oppgåve, sjølv det utan kantorkompetanse? Vi er ikkje få som har vore, eller er, slike «halvstuderte» organistar. Personleg har eg vore organist i mange år i fleire kyrkjer med min mastergrad i musikkpedagogikk, – med kordireksjon som mitt hovudinstrument. Eg fekk mange gode tilbakemeldingar.

Kva er gale med å nytte oss av kompetente utøvarar, som med sine utrustningar vil gå inn i ei kyrkjemusikalske oppgåve, sjølv det utan kantorkompetanse?

Oppmuntre dei unge

Meir enn nokosinne treng vi å oppmuntre unge til å bruke sine musikkgivnader i våre kyrkjer, bedehus og forsamlingar, og ikkje setje som krav at ein må ha den fulle kyrkjemusikalske utdanninga.

Sjølv gløymer eg ikkje fleire kurs med dyktige komponistar, musikarar og instruktørar, som ein fekk ause god lærdom av til bruk for eit rikt song- og musikkliv i gudsteneste og møter.

Lat oss elske fram til musikalsk leiarskap – ja, oppmuntre til å både utdanne og dyktiggjere sine vokale og instrumentale gåver til bruk i gudstenestelivet, utan å diskvalifisere dei som ikkje tek «topputdanning».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt