Kinas massive press mot tru

TRUSFRIDOM: Forfølginga av religion under president Xi Jinping er den verste sidan kulturrevolusjonen som tok slutt i 1976.

PROTEST: Medlemmer av den katolske kyrkja i byen Jingda i Zhejiang-provinsen heng opp eit banner imot påbud om å fjerne krossar frå kyrkjebygg. Xi Jinping er redd for at religion sakte vil undergrava partiet og det sekulære verdsbiletet, skriv Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Den modige pastoren Wang Yi forstod tidleg kva Kina var i ferd med å bli under president Xi Jinping. Han sa ifrå. I over fire år har Wang Yi vore bura inne, med ein dom på ni år for «å ha oppmoda til undergraving» av regimet.

Wang Yi leia kyrkja Early Rain i Chengdu, ei av fleire store uregistrerte kyrkjer som blei tolererte av forgjengarane til Xi. Men Xi såg veksten som ein trussel. For fem år sidan tok han i bruk lovverk, bulldosarar og dynamitt.

I januar 2018 blei kyrkja Golden Lampstand i Shanxi-provinsen jamna med jorda. Den 1. februar stramma Xi Jinping til religionslova: Utover året vart fleire store uregistrerte kyrkjer stengde. Dei nekta å bli innlemma i den registrerte kyrkja.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS