Verdidebatt

Kven vil NRK at andakten skal vere for?

RADIOANDAKTEN: Det er kanskje vanskeleg for NRK å tenkja seg lyttarar rundt i landet som held andaktsstunda «heilag», som gir plass for den, slår over på P1, lytter, utan alt anna, noterer og faldar hender under bøn og velsigning.

Etter fleire analyser av radioandakten i media, vil eg som fast lyttar det meste av mitt liv, ikkje berre ti andaktar, og også andaktshaldar, gjerne koma med ein del kommentarar.

Andakten har forandra seg mykje, frå eit kvarters direkte sending til eit «petitkåseri» på nokre få minutt, og dei siste åra også utan kristen salme eller song.

Einy Rendal Elgsæther

Når ein journalist som analyserer andakten i Vårt Land 3. januar, skriv «Før var det kun prester som holdt andakter for NRK,» så er det heilt feil. Ein tidlegare kringkastingssjef utfordra kristne organisasjonar (eg er ikkje sikker på om det var berre i Den norske kyrkja, eller også frikyrkjer) til å foreslå andaktshaldarar, som dei gjorde. Mellom dei namna var det stort sett lekfolk, oftast erfarne kristne forkynnarar.

Då andakten vart korta ned til sju minutt, inkludert ein kristen song, vart mange gode andaktshaldarar kutta ut.

Veit knapt kva andakt er

I dag ser vi, som Espen Ottosen kommenterer, at det stort sett er «kjendisar» som blir spurt, enda somme til og med har innrømt at dei knapt veit kva ein andakt er, noko som også kjem tydeleg fram.

Dei får instruks for dei tre minutta andakt: Minimalt bibeltekster og forkynning, eitt tema, personleg kvardagsoppleving (ofte svært kjedeleg), med eit påhengt bibelvers. I staden for å gå ut ifrå ei av dei rikhaldige tekstene i Bibelen, fulle av spennande og djuptgripande forteljingar og åndeleg innhald.

Tidlegare vart ein oppfordra til å følgja Bibelselskapets tekster, noko som den siste tida mesta berre Henrik Syse har gjort, med sine djupe og innhaldsrike kommentarar. Rein folkeopplysning, slik tidlegare leiar, Helge Gudmundsen var klår på, også når det galdt Fadervår og velsigninga, så folket vårt fekk læra «sitt Fadervår». Lyttarane kan da finna andaktsordet i Bibelen.

Mange har slutta å høyra andakten, som dei ikkje får noko ut av lenger

Det er kanskje vanskeleg for NRK å tenkja seg lyttarar rundt i landet som held andaktsstunda «heilag», som gir plass for den, slår over på P1, lytter, utan alt anna, noterer og faldar hender under bøn og velsigning. Dessverre kan vi ikkje lenger lesa den på nett.

Å slå opp Bibel og salmebok til radioandakten er liten vits i dag for mange som vil starta dagen med eit Gudsord og oppbyggeleg forkynning. Mange har slutta å høyra andakten, som dei ikkje får noko ut av lenger.

Forkynning i NRK

Skal det vera forkynning i NRK? Det er mykje forkynning og personleg formidling i NRK, om ikkje mykje kristen forkynning. Dagleg leiar i Tro og medier skreiv ein gong: «om NRKs dekning av sport kan danne mal for formidling av kristen tro, vil vi få mye Jesusglede og trosbegeistring i allmennkanalen framover». Og elles er det mange program som formidler standpunkt og tru, til dømes Verdibørsen.

Det er vel også rimeleg å forventa at andaktshaldarar er engasjerte kristne forkynnarar som kan gi oss sakleg bibelkunnskap og trusstyrkande formidling, slik ein vil velja kunnskapsrike og engasjerte formidlarar i program om teater, film, musikk, forskning, helse og så bortetter. Det forventer vi i alle fall i særprogram for interesserte.

Men andakten skal vera for alle, seier dei. Det betyr at den ikkje blir for nokon, berre likegyldig prat i bakgrunnen, som det elles er fullt av.

Kven er andakten for?

Men er det ikkje viktig å nå alle med Guds ord? Jau, viktig ut frå eit misjonerande og evangeliserande synspunkt. Men då må innhaldet vera klårt evangelisk bodskap til omvending, kristen tru og liv. Og «å tenke at annerledes troende lyttere må beskyttes fra noe som er interessant og viktig, kan være å undervurdere både tilhørerne og budskapet», som kommentator Sivert Angel skriv.

Men kanskje denne programposten likevel først og fremst skal vera for den lyttargruppa som er interessert, og spesielt for dei som ikkje kan koma seg til kyrkje og kristne samlingar, gamle, uføre, sjuke, slike som kanskje ikkje sjølv greier å lesa Bibelen, men som ønskjer trusstyrkande kristen forkynning, gjerne med kjente, relevante songar. Heldigvis har vi no fått gudstenester på fjernsynet, og takk for det. Det er heller ikkje gudstenester kvar søndag i alle kyrkjer, så det er godt for mange.

Vi ventar ikkje at alle skal forstå dette behovet, men vi ventar at NRK skal tilgodesjå denne lyttargruppa interesserte kristne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt