Ord gjer skilnad
DEN NORSKE KYRKJA: For meg er orda «vigsling» og «ordinasjon» døme på at ord skaper skilnad mellom folk i vår kyrkje.
ORD: Nokre ord skaper skilnad mellom folk i vår kyrkje. Bruken av orda «ordinasjon» og «vigsling» er døme på dette, Eilev Erikstein. Biletet er av Anne Lise Ådnøy som blir vigsla, eller ordinert, til ny biskop i Stavanger bispedømme i 2019.
Ordet skapar kva det nemner. Eg tenkte på dette Grundvig-sitatet då eg las Vårt Land her om dagen. Med ord og språk lagar me rammer og forståing. Frå ulik sosial konstruvistiske tankegang veit me og at me nytter språket til subjektivt å skape våre oppfatningar av røyndomen. Det er heilt greitt. Men av og til trengs det opprydding, og kanskje ein kritisk gjennomgang av kvifor me seier eller skriv det me gjer.
For meg er ordparet vigsling og ordinasjon døme på at ord skaper skilnad mellom folk i vår kyrkje. Ordet «ordinasjon» blir nytta når prestane blir vigsla, og «vigsling» når det gjeld kantor, kateket og diakon.
Dette er veldig tydeleg og gjennomgåande i VL sine artiklar om biskopane si halding til å spørje om samlivsformer ved vigsling/ ordinasjon (VL 18.11.22). Det er mogeleg journalisten har misforstått her. Men det trur eg ikkje.
Bestill abonnement her
KJØP