Dramatisk kutt på 4,3 millionar for Kongshaug musikkgymnas
STATSBUDSJETT: Vi tykkjer nokre av kutta til regjeringa er meir ideologisk enn økonomisk motivert. For Kongshaug kan det føre til at skulen ikkje kan gje elevane lovpålagt undervisning etter læreplanen i musikk.
RAMMA AV KUTT: Skulen skaper trygge rammer for eleven og kan vere ein mjuk overgang til studentlivet seinare, skriv Ingunn Kvalsnes Blom, som ber regjeringa reversere sitt planlagde kutt for skulen.
Kongshaug
I statsbudsjettet som regjeringa la fram 6. oktober var det vist eit strammare budsjett ein vi nordmenn er vant med. Likevel tykkjer vi i Vestland KrF at nokre av kutta er meir politisk og ideologisk enn økonomisk motivert. Det var gjennomgåande kutt i bevilgningar til bibelskular og friskular, og Tonje Brenna har sjølv uttalt at ho vil: «gjere den offentlege skulen så variert og interessant at alle opplever den som det naturlege førstevalet».
Det Tonje Brenna gløymer, er at skule handlar om meir enn berre faga og det du lærer på skulen, det handlar òg om miljøet. For å ta eit konkret døme: Ein av skulane som har vorte ramma av kutt i dette budsjettet er Kongshaug Musikkgymnas, som ligg i Bjørnafjorden kommune. På papiret er ikkje Kongshaug Musikkgymnas så ulik andre musikklinjer. I praksis er det likevel nokre skilnader. For å gå på ein offentleg musikklinje må mange elevar flytte på hybel. Det er det ikkje alle elevar som har lyst til. Det er heller ikkje alle foreldre som ynskjer eller trur at deira born er moden for å flytte på hybel når dei er 15—16 år. Då vil dei heller at barnet flyttar til ein internatskule, som Kongshaug Musikkgymnas.
Skulen skaper trygge rammer for eleven og kan vere ein mjuk overgang til studentlivet seinare.