Verdidebatt

Kan julefeiringa endrast?

ALKOHOL: I Norge er det om lag 90.000 barn som lever med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula, syner tal frå Helsedirektoratet. Truleg er det dobbelt så mange som har foreldre med eit risikofylt alkoholforbruk.

I Norge vert det gjerne ofte brukt alkohol i samband med ferie og høgtid. Omsetninga på Vinmonopolet er i desember det dobbelte av omsetninga ein månad elles i året. For mange barn vert det jul med utryggleik og fyll.

Flytta grensa

Jula er barna si høgtid. Det er forventningar og spenning knytt til julefeiringa, og barna gler seg lang tid i førevegen. Barna fortener då og at vi vaksne set deira behov først. Noko av det viktigaste for barna er tryggleik og stabilitet, og ikkje minst det å få vere saman med vaksne som oppfører seg normalt og er hyggelege. Heldigvis meiner dei fleste at ein skal vere restriktiv, eller la vere å drikke alkohol når ein er saman med barn, men det syner seg at koronaepidemien har ført til at fleire enn før drikk heime i kvardagen og saman med barn. Det ser ut til at fleire har flytta grensene, og at aksepten for å drikke saman med barn har auka.

Det syner seg at koronaepidemien har ført til at fleire enn før drikk heime i kvardagen og saman med barn

Kampanje for kvit jul

IOGT arbeider for å få redusert alkoholkonsumet og har no Kvit jul-aksjonar landet rundt. Målet for kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. IOGT Region Midt-Norge, som omfattar Helgeland, Trøndelag og Møre og Romsdal, vil i november og desember ha stand på ulike stadar i regionen. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med barn i julehelga 23. — 26. desember.

Ser du ikkje nokon IOGT-stand kor du kan skrive Kvit jul-kontrakt, kan du avtale med deg sjølv at du let vere å drikke alkohol når du er saman med barn i jula. Det vil gje barna tryggleik og velvære. Kvitjul-kontrakten kan du òg signere digitalt på nettsida: www.hvitjul.no.

Om ikkje julebodskapen kan endrast, kan i alle høve alkoholbruken endrast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt