Verdidebatt

Pollestad har rett

BUDSJETT: Heilskapen i dette er umulig for Venstre å akseptere, fordi det riv beina under havbruksnæringa og andre framtidsnæringar langs kysten.

«Distriktspolitikken krev prioriteringar», skriv Senterpartiets Geir Pollestad i eit svarVenstres kritikk av regjeringa sitt statsbudsjettforslag i Vårt Land 12. oktober.

Det har Pollestad heilt rett i. Og det er nettopp det som er problemet. For det regjeringa har prioritert, er ikkje rett medisin for å utvikle distrikta.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) er blant dei mange ordførarane som ikkje ønsker å splitte opp sin nysamanslåtte kommune. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK

Ikkje rett prioritert

Når regjeringa vel å prioritere å bruke hundrevis av millionar kroner på å gjenopprette gamle fylkeskommunar og lensmannskontor, har det ingenting med utvikling av distrikts-Noreg å gjere. Når regjeringa vel å prioritere gratis ferjer på utvalde ferjesamband og gratis barnehagar i Finnmark, så er det fint og flott, isolert sett. Men det er ikkje rett prioritert. Ikkje når det er distrikts-næringslivet som må plukke opp rekninga – det næringslivet som distrikta skal leve av i framtida.

Heile kystnæringslivet – både store og små bedrifter – vil bli ramma av Ap/Sp-regjeringa si «skattebombe» av eit statsbudsjett

Pollestad seier at det berre er dei største selskapa i havbruksnæringa som må betale meir skatt med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Det er rett og slett ikkje sant. Heile kystnæringslivet – både store og små bedrifter – vil bli ramma av Ap/Sp-regjeringa si «skattebombe» av eit statsbudsjett – og kan bli endå hardare ramma når Ap og Sp no skal forhandle budsjett med SV.

Kjem i trippel skvis

Regjeringa foreslår i tillegg til grunnrenteskatt å skjerpe formuesskatten kraftig, samtidig som også utbytteskatten blir auka. Det betyr at eigarar av små og store lokalt eigde bedrifter langs kysten kjem i ein dobbelt – for ikkje å seie trippel – skvis. Ikkje berre må dei betale auka skattar i ein frå før pressa kvardag. Dei må også ta ut høgare utbytte for å dekke desse skatteaukane – og så på toppen betale endå meir skatt enn før på det utbyttet dei blir tvinga til å ta ut. Det er pengar som skulle ha blitt brukt til investeringar i lokalt næringsliv langs heile Kyst-Noreg – investeringar som det no ikkje blir noko av.

Det er difor både bedriftseigarar og tillitsvalde i kystnæringane no reagerer så sterkt, saman med svært mange av Ap og Sp sine lokalpolitikarar. Heilskapen i dette er umogleg for Venstre å akseptere, fordi det riv beina under havbruksnæringa og andre framtidsnæringar langs kysten.

Ap/Sp-regjeringa skjermar offentleg sektor og lar næringslivet betale rekninga når økonomien skal strammast inn. Det er ei prioritering – ja – men det er også distriktsfiendtleg og dårleg politikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt