Verdidebatt

Distriktspolitikken krev prioriteringar

BUDSJETT: Eg er heilt trygg på at enda på visa vert at Venstre sluttar seg til prinsippet om grunnrenteskatt, men med ei litt anna utforming. Ikkje primært av omsut for næringa, men for eige samvit si skuld.

Alfred Bjørlo tillèt seg 9. oktober å fantasere fritt om Senterpartiet sitt syn på distriktspolitikk – og bommar grovt. Vi fører ein politikk for å bygge heile landet gjennom å legge til rette for investeringar, tenester nær folk og styrka beredskap.

Geir Pollestad sier Senterpartiets stortingsgruppe mener regjeringen må bruke enda sterkere virkemidler for å begrense strømproduksjonen for eksport. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Nytt forslag

Bjørlo samanliknar forslaget til grunnrenteskatt på havbruk som Høgre og Frp fekk greidd ut i 2019 med dagens forslag. Forslaget i 2019 innebar dobbel så høg skattlegging, at alt skulle tilfelle staten, inga direkte utbetaling ved investeringar og inga skjerming av dei små aktørane.

Eg er framleis motstandar av den grunnrenteskatten som låg på bordet i 2019. Skilnaden mellom no og då er at no har regjeringa med eit parti som alltid legg vekt på omsynet til distrikta.

Venstre skal få synse i veg. I Senterpartiet står vi godt i ei stram økonomisk styring som imøtegår prisveksten

Vårt forslag til grunnrenteskatt for havbruksnæringa går inn for at dei fem største selskapa skal betale to tredjedelar av all grunnrenteskatten, og at dei to tredjedelane av selskapa som er minst ikkje skal betale grunnrenteskatt. For å sørge for at innretninga treff planken har vi invitert til høyring.

Involverer seg meir

Oppdrettsnæringa vil no verte behandla slik som vi har behandla vasskraftnæringa i 100 år og oljenæringa i 50 år. Grunnrenteskatt betyr at staten involverer seg meir i investeringane, og tar ein del av risikoen i byte mot å få ein større del av lønsemda i åra som kjem.

Eg er heilt trygg på at enda på visa vert at Venstre sluttar seg til prinsippet om grunnrenteskatt, men med ei litt anna utforming. Ikkje primært av omsut for næringa, men for eige samvit si skuld.

Med ein enorm prisvekst som vi ikkje har sett sidan 1980-talet er det naudsynt med sterke politiske prioriteringar. Venstre skal få synse i veg. I Senterpartiet står vi godt i ei stram økonomisk styring som imøtegår prisveksten, og som på same tid går inn for å minske dei geografiske og sosiale skilnadane i landet vårt og kraftig styrke beredskapen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt