Verdidebatt

Patriarken og islamisten

PATRIARK KIRILL: Som religiøs ekstremist føyer patriark Kirill seg inn i ei farleg rekkje av leiarar i ulike religionar som legitimerer terror – og lovar evig liv til dei som er klare til å drepa.

I siste del av september reiste tre kollegaer og eg rundt i Nord-Irak. Åtte år etter at IS jaga og drap kristne, utsette jesidiane for folkemord og skremde livredde moderate muslimar på flukt, møtte vi kristne som brukar livet sitt til å hjelpa overlevande – uavhengig av tru – til å starta nye liv. Dei gjer det djupt inspirerte av Kristus.

Medan vi var i Irak, tok patriark Kirill i Den russisk-ortodokse kyrkja igjen ordet. I ei preike i eit kloster i Moskva 23. september bad Kirill russiske menn om å gå i krigen for Putin. Han bad dei som blir sende i krigen, om ikkje å frykta døden. «Ver modige og gjer den militære plikta dykkar. Og hugs at dersom du ofrar livet for landet ditt, vil du vera med Gud i hans kongerike, i hans ære og få evig liv.»

Johannes Morken

Går heller i fengsel

Uroa og frykta spreier seg hos russiske menn som ikkje vil gå i krigen, verken på patriarkens eller presidentens ord. Eg fekk akkurat melding frå ein russisk-ortodoks prest som heller går i fengsel, dersom han ikkje kjem seg ut av landet før ordren måtte koma. Den gamle bautaen av ein russisk ortdoks prest, Georgi Edelstein, og den yngre kollegaen hans, Viktor Joann Burdin, var raskt ute med å fordømma krigen og samanlikna den med Kains brodermord på Abel.

Det er misbruk av kristendommen å manipulera folk til å tru at det er Guds vilje å terrorisera eit nabofolk

Patriark Kirill har derimot heilt sidan 24. februar velsigna Vladimir Putins fullskala krig mot nabolandet. Han har framstilt krigen som eit heilag felttog mot vestlege verdiar og for eit nytt storrussisk rike: For Kirill, som for Putin, er Ukraina og Russland eitt folk, og Putins brutale krig med patriarkens velsigning skal oppfylla dette.

Men det er komplett uråd å legitimera angrepskrigen i Ukraina med religiøse argument. Det er misbruk av kristendommen å manipulera folk til å tru at det er Guds vilje å terrorisera eit nabofolk og sjølv kanskje falla på slagmarka. Det er dessutan grufullt at han kallar dei som nektar å drepa, for svikarar og i praksis dømmer dei til fortaping.

Liknar IS-ideologien

Kvar har vi høyrt ein liknande ideologi om martyrium? Det er ingen vesentleg skilnad på martyrteologien til patriarken og den bestialske martyrideologien til islamistiske terrororganisasjonar. Patriarken vil ha russiske borgarar til å tru at dei ved å drepa for eit storrussisk rike, får evig liv. IS-ideologien fortel muslimske kvinner og menn at dei ærar Allah ved å drepa vantru, også ved å ofra eigne liv, og reinsa kalifatet på tvers av landegrenser.

I kristen tenking blir ingen martyr ved å drepa andre. Det er derimot terror å drepa og kanskje falla sjølv i Putins krig i Ukraina. Martyrium er derimot å ofra sitt eige liv for trua. Eitt døme er dei 21 koptiske mennene som kaldblodig vart drepne av IS-bødlar på ei libysk strand i 2015. Dei ville ikkje fornekta Kristus. Etterpå vart dei erklærte som martyrar av Den koptisk ortodokse kyrkja.

Her har patriarken i Moskva mykje å læra. Han har mykje å læra også av Paulus som angra djupt på at han var med på å steina Stefanus, som blei den første kristne martyren. Vi får alle håpa at vi hadde forsvart Stefanus. På kva side ville Kirill stått?

Vanærar russiske martyrar

Den russisk ortodokse kyrkja har sine eigne martyrar. Mange mista livet for kristentrua under kommunismen og ateismen, ikkje minst under Stalins blodige herjingar. Men Kirill og forgjengaren som patriark har snakka svært lite om den brutaliteten som kommunismen utsette kyrkja for. I staden har dei med religiøs retorikk hjelpt Vladimir Putin med å mobilisera ny russisk nasjonalisme, med krig for utvida grenser. Patriark Kirill vanærar no sine eigne martyrar.

For både muslimar og andre blei det i 2014 for lettvint å seia at «IS har ikkje noko med islam å gjera». Muslimske lærde har måtta nytolka religiøse kjelder, for å riva desse vekk frå den blodige IS-tolkinga. Mange muslimske lærde har gjort noko, men mange har framleis ein god veg å gå.

Diverre lever IS-ideologien framleis i mange sinn i den irakiske storbyen Mosul som eg fekk gjesta sist veke. Eg kunne sjå vandaliserte kyrkjer i ein by som er tømt for kristne og andre minoritetar som ikkje vågar å venda heim.

Oppgjer

Kristne tenkjarar og teologar har gjennom åra fjerna seg frå ein farleg korsfararteologi. Toppleiinga i den russisk-ortodokse kyrkja har ikkje vore med på den reisa. I staden har Kirill jubla for ein eigen krigskatedral i Moskva, velsigna russiske atomvåpen og gitt Putin religiøs legitimitet til brutale felttog både i Georgia, Tsjetsjenia og Ukraina.

Det finst diverre ei freisting også i visse delar av kristen tenking til å legitimera blodige angrep for ei påstått heilag sak. Kirill stiller seg med i rekkja av religiøse ekstremistar som vi finn i både islam, hinduismen og buddhismen. Nasjonalreligiøse buddhistmunkar er til dømes blant militærjuntaens beste støtter i Myanmar.

Når Kirill no lovar evig liv til dei som – utan dødsfrykt – vil drepa ukrainske naboar, er det tid for å ropa ut at dette er ein forkvakla religion som vi avskyr. Vi kan ikkje nøya oss med å seia at Kirills teologi ikkje har noko med kristendom å gjera, vi må gå opp grensegang så det smertar.

Verdas kyrkjeleiarar må ta eit kontant oppgjer med Kirill og dei kjeldene han måtte bruka for å lova frelse på ei ukrainsk slagmark. Ein slik teologi kan ikkje ha nokon plass i eit globalt fellesskap av kyrkjer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt