Verdidebatt

Teologi som manglar tangentar

BIBELTOLKING: Norske teologar spelar stadig opp, men det er som om pianoet manglar nokre tangentar.

Ansgar-rektor Ingunn F. Breistein gjer i ein nyleg artikkel dei store spørsmåla om korleis kristne skal forstå Bibelens ord om underordning til eit enkelt val mellom «Likestilling eller underordning» (Dagen 27.8). Harald Hegstad, professor på MF, har på si side funne ut at «den tradisjonelle avvisning [av likekjønnet samliv] ikke er mulig å begrunne bibelsk og kristelig» (Luthersk kirketidende 12.8). Innlegg som dette gir ei merkeleg kjensle av at teologane sjølv opplever Bibelen utilstrekkeleg i møte med krevjande spørsmål.

Ein fjern draum

I sin siste Dagen-artikkel tek Breistein opp tråden i den svært omfattande debatten om underordning, og trass ein uvanleg langvarig debatt, er det framleis interessant å få ulike perspektiv frå kristenlivs-profilar. Breistein overraskar imidlertid ved å setja opp heilt enkle kategoriar, der underordning vert ein kontrast til likestilling, der motkultur vert presentert som eit omgrep som treng hermeteikn (fordi det ikkje finst?) og der idear om å ta Bibelens ord om underordning på alvor, vert «avslørt» som ein lengt tilbake til «den borgerlige kulturen i USA og Europa på 1950-tallet».

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Kristne som vil praktisera underordning i ekteskapet «trenger ikke skylde på Gud» rundar rektoren av etter å ha gitt lesaren innblikk i ein analyse der eigentlege teologiske perspektiv glimrar med sitt fråvær. Spøken om å skylda på Gud blir fort umusikalsk i ein kultur der mykje teologi verkar irrelevant for kristne som vil etterleva Bibelens ord «innrett dykk ikkje etter denne verda». At det frigjerande livet i Guds rike byr fram kvalitativt andre kategoriar å tenka i, synest som ein fjern draum. Breistein nemner rett nok «gjensidig underordning» i tillegg til likestilling, men det er vanskeleg å få tak i kvifor gjensidig underordning er OK, dersom underordning eigentleg er ut.

Det er som om det bibelske tankegodset må hjelpast utanfrå; det strekk ikkje til.

Rektoren bør dessutan utfordrast på kvifor omgrepet «likestilling» ikkje treng å problematiserast eller presiserast når Bibelen tilbyr eit vell av tankar og uttrykksmåtar som er vel så interessante for å forstå korleis vi kan leva godt saman. Det er som om den eigentlege konklusjonen i Breisteins artikkel står skriven med usynleg blekk: Det bibelske tankegodset må hjelpast utanfrå; det strekk ikkje til.

Vil hjelpa Bibelen

På same måten ser det ut til at MF-professor Harald Hegstad også vil hjelpa Bibelen med premiss tilført frå dagens debatt og andre alminneleg aksepterte konklusjonar når han no gjer greie for si nye linje i samlivsspørsmål. I det siste innlegget hans får ein inntrykk av at han har vore stengd inne i teologiens tvangstrøye og endeleg kan pusta fritt. I dagens kyrkjelege debattlandskap er kanskje ikkje Hegstads konklusjon i seg sjølv noko som vekkjer oppsikt. Det er likevel ikkje til å underslå at linjeskiftet hans er meir enn forsiktig manøvrering i meir liberal lei. Som sitatet over viser, legg han breisida til når han no tek oppgjer med den tradisjonelle bibelske forståinga av samliv. Han seier jo faktisk at det ikkje er mogleg ut frå Bibelen, å grunngi det synet han sjølv inntil nyleg forfekta. Kva gjer argumentasjonen hans utover det å gi skeive miljø nok eit handslag frå kyrkjeleg hald? Kva fortel det om kva rolle Bibelen får som fundament for liv og lære?

Ei djup tillitskrise

Bibelen byr på ei fargerik utforsking av det gode liv, og gir svært mange interessante, ikkje-akademiske svar både på kva som er vondt og godt for mennesket. Han kan lesast som ein genial, eksistensiell dialog mellom tallause tablå, stadig kretsande omkring dei grunnleggande spørsmåla: Kva er det som gir liv og kva fører til død?

I Hegstads framstilling, synest det derimot som om spørsmålet om det gode liv er noko vi må tilføra utanfrå. Det kan nesten likna på ei djup tillitskrise vis-a-vis teologien. Har vi eigentleg ingen haldepunkt for å seia noko om kva som er det gode liv nettopp med utgangspunkt i Bibelen? Er det verkeleg «Bibelen» på den eine sida og «livet» på den andre? Hegstad går langt i å konstruera ei slik motsetning. Han skriv til dømes «En kristen etikk kan aldri være isolert lesning av bibeltekster, men må alltid spørre etter hva som er godt og ondt for mennesker». Det kan synast som om Hegstad gløymer at Bibelen sjølv verkeleg er den som stiller det spørsmålet, og i tillegg til å gi svar som har metta lesarar med sanning og innsikt til alle tider.

I Hegstads framstilling synest det som om spørsmålet om det gode liv er noko vi må tilføra utanfrå

Ønsket om aksept hemmar teologien

Breistein og Hegstad fyller begge forma som dynamiske teologar i dialog med ei samtid som krev at ein snakkar eit språk alle forstår. Tekstane deira minner om at det er lenge sidan det introverte «Kanaans språk» var problemet for kristne. I dag synest det heller som om ønsket om dialog med og aksept frå samfunnet har gjort at teologien manglar ein trygg og fulltonande klang. Når Bibelen ikkje lenger utgjer det sjølvsagde grunnlaget som tenkinga spring ut av, blir teologien stadig meir isolert frå dei kristne den skal vera til hjelp for, om det er aldri så godt meint. Litt som med eit piano der nokon kom på at dei berre ville behalda den kvite tangentrekka. Det liknar så absolutt på det opphavlege instrumentet, men musikken som kjem ut vert ikkje den komposisjonen og klangen som ein verkeleg kan dansa til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt