Verdidebatt

Svanesong for samtalen

UNDERORDNING: Ein nysgjerrig journalist i ei sekulær avis er langt å føretrekka framfor moderne teologars nidkjære vakthald av eige territorium.

Nokre vekers lokal storm med utgangspunkt i bisettingar over eit kafebord, utveksla mellom underteikna og ein venleg journalist i Stavanger Aftenblad, har gitt fleire interessante perspektiv på toleranse og meiningsutveksling. For korleis er samtaleklimaet for spørsmål knytt til tru og kristen livsstil om dagen? I intervjuet tangerte eg temaet menn og kvinners ulike roller i ekteskapet, mellom anna dette å leva som om Paulus’ ord om underordning er aktuelle også i vår tid, og at Gud vil meir med kristne ekteskap enn berre å ordna eit samliv.

Til spørsmålet om samtaleklima over, konstaterer eg at ein nysgjerrig journalist i ei sekulær avis er langt å føretrekka framfor moderne teologars nidkjære vakthald av eige territorium. Fleire av teologane verkar merkeleg opptekne av å gjera seg sjølv til portvaktarar, både for kva deler av Bibelen som framleis gjeld, men også for korleis denne akseptable skriftresten skal lesast. At dette dessutan er ein samtale «vi ikkje vil ha i 2022», glimrar også med si kraftløyse, men er i det minste ein type maktspråk som er lett å avsløra.

For den som byggjer trua på fleire tusen år gamle skrifter, er det særleg viktig å tilbakevisa slikt «kronologisk snobberi», som C.S. Lewis treffande kallar det. Alt nytt er ikkje godt nytt.

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Gjensidig underordning

Fleire som meiner heile spørsmålet om underordning mellom kristne ektefellar er fullstendig malplassert (jamfør Åste Dokkas «uhyrleg» her i VL 14. mai), spør etter likevel detaljane. Inneber underordning at mannen skal delegera alle upopulære oppgåver i heimen til kvinna? Slike spørsmål viser i kva grad feministiske perspektiv filtrerer Paulus. Ein underslår og overser at alle ektemenn vert utfordra på eit vesentleg og heilt avgjerande punkt. Ein kristen tankegang gjer underordninga til noko gjensidig, men når nokon ser ut til å meina at «gjensidig underordning» er akseptabelt, men stiller seg avvisande til at kvinner underordnar seg, liknar det eit paradoks. Finst «gjensidig underordning», dersom den eine parten ikkje eingong får snakka om å ta sin del?

Vi kjenner overordning som makt, delegasjonsmynde og privilegium. Guds rike set ein annan standard, og set oss fri til å leva ut frå den. Kristne er som alle i ei fallen verd, utsette for krefter som gjer at vi ikkje alltid maktar å gjera det vi skal. Men at ekteskap der menn og kvinner lever med underordning skulle gje særskilt grobotn for vald og destruktive relasjonar, og dermed må bera eit særskilt ansvar for dette, er ei skulding som vi ikkje treng djupdykk ned i teologiens spissfindige korridorar for å imøtegå.

Eit livsfjernt og idylliserande syn på kristne ekteskap trengst heller ikkje. Å halda det kristne ekteskapsidealet ansvarleg for maktmisbruk og overgrep, blir omtrent like treffsikkert som å skulda det sekulære og meir frigjorde samlivsidealet av i dag for triste statistikkar knytt til skilsmisse og psykiske problem blant barn og unge. Ingen i denne samtalen tener på slike generaliserande utfall, same kven som fremjar dei.

Sidene som utfordrar oss

Når eg avstår frå å gå vidare inn i personlege detaljar om korleis underordning kan sjå ut, hevdar fleire at dette er ei manøvrering unna det saka «eigentleg» handlar om. Dette er overraskande. Dersom ein grunnleggande sett avviser ulikskap knytt til kjønn, og har parkert tanken om at Bibelen seier noko som helst forpliktande om dette, vil ulike utslag av underordningstanken berre verka tilsvarande irrelevante som utgangspunktet dei kom frå. Denne delen av debatten gir eit ekko av farisearane sin framgangsmåte i dei mange ordskifta vi les om i evangelia. Dei ville stadig ha fleire detaljar, vidare ordskifte rundt, og meir oppsiktsvekkande utslag av den læra dei søkte å driva tilbake. Men blir ordskiftet eit poeng i seg sjølv, kjem ein neppe til omvendinga. På det punktet trur eg vi er fleire som må gå i oss sjølve.

For den som byggjer trua på fleire tusen år gamle skrifter, er det særleg viktig å tilbakevisa slikt «kronologisk snobberi»

—  Sofie Braut

Den som trur at Paulus’ ord forpliktar oss vil, midt i det faktum at vi er barn av vår tid og svært prega av eit heilt anna tankesett enn det som prega Bibelens samtid, likevel ønska å koma tettare også på dei sidene ved å leva som kristen som utfordrar oss. For eksempel leita etter rom for å øva på verdien av å underordna seg. Poenget er ikkje at ein fullt ut forstår det, eller ikkje veit, slik kritikarane mine gjerne påpeikar, at vi sjølvsagt alle kjem i skade for å vera selektiv i møte med Guds ord. Poenget er at den som ønskjer å leva forplikta på Paulus og resten av Guds ord, har eit grunnleggande ønskje om stadig å bli korrigert av ordet, og ikkje stadig leita etter argument for at ordet ikkje lenger er relevant eller at ideala er fullstendig umoglege å leva etter i vår tid.

Forteljing frå eit kvardagsliv

For den som er interessert i samtaleklimaet, kan det vera verdt å merka seg at utgangspunktet for denne debatten ikkje var nokon sin påstand om «å ha rett», men om ei forteljing frå eit kvardagsliv, og rommet for «ikkje å vera a4», som Stavanger Aftenblad fortenestfullt ville undersøka nærare.

Mild utforsking er bytt ut med moralisering før trykksverta tørkar. Det bør ikkje gjer oss desillusjonerte ved tanken på vidare samtale, men det er unekteleg ei realitetsorientering.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt