Verdidebatt

Biskopane og mormora mi

RESERVASJONSRETT: Mormora mi heia på kvinnene, og las om dei i Bibelen. No venter eg på biskopane sine presiseringar – for mi og mormora mi si skuld.

I 2020 uttalte biskopane i «Ordinasjon og kollegafellesskap» at det er ikkje reservasjonsrett for mannlege prester. Kallet til å bli prest i Den norske kyrkja (Dnk) gjeld både kvinner og menn. Sjølvsagt, sa fleirtalet i Dnk og arbeidde uanfekta videre. Men arbeidsmiljøundersøkingar i Møre har vore trist lesing.

Venter på presiseringar

Nyleg har Presteforeininga bedt bispemøtet om ei tydeliggjering og presisering av fleire av punkta i uttalen frå 2020. Presteforeininga si uttale frå 22. mars 2022 vitnar om at det likevel ikkje er så lett å navigere i nødvendige tiltak og trinnvise prosessar. Og at kvinner blir skadelidande. Eg er kvinne og prestestudent, og ser for meg mange arbeidsår i kyrkja. No venter eg på biskopane sine presiseringar.

Er det likevel mogleg for menn som «måtte ha problem knytt til kvinner si presteteneste» å reservere seg? Er det ein del av tiltakspakken at mannlege prester får nekte å delta i nattverdsfellesskapet? At mannlege prestar kan stenge døra for uformelle korridorsamtaler for kvinner som ønsker eit kollegafellesskap?

Kven har definisjonsmakta for kjensla av å vere skadelidande? Kven tør å vere «hårsår»? Kven skal vere «tøff» og stå i det? Er dette premissa for eit sunt og godt arbeidsmiljø i DnK?

Eg er kvinne og prestestudent, og ser for meg mange arbeidsår i kyrkja. No venter eg på biskopane sine presiseringar

Mormora mi

Mormora mi heia på kvinnene. I gamledagar satt ho i kommunestyret. Ho heia på Gro. Statsministeren. Ho hadde sikkert heia litt på Erna også. Ho gav meg lommepengar når eg drog på leir i regi av Misjonsselskapet på Kjeldsund, ein stad som tilbydde gode rollemodellar og ein organisasjon som gav kvinner stemmerett ni år før kvinnene i Noreg fekk stemme ved stortingsvalet.

Eg tenker ofte på mormor. Ho heia på kvinnene. Og ho las om kvinnene i Bibelen. Om Maria som Jesus gir plass ved sine føter. Ei forteljing som viser at både kvinner og menn får undervisning av Jesus. Disippelen Maria.

Om Marta som gjekk Jesus i møte etter at Lasarus var død. Teksten inneheld Marta si vedkjenning «eg trur at du er Messias» – men vi har liksom ikkje fått med oss denne.

Om Maria Magdalena som fann grava tom og som var det første vitnet til å fortelje at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Ho vart apostelen til apostlane. Men gjennom kunsten har ho fått ei tvilsam og urett framstilling. Slik kyrkja automatisk tenkjer at Peter er ein disippel, burde kyrkja tenkt det same om Maria Magdalena.

Eg venter på svar

I fjor feira vi 60 år med kvinner i presteteneste i Møre. Mange kvinner har gått ein altfor bratt veg til prestetenesta i Dnk. Kjære biskopar. Eg venter på svaret de vil gje Presteforeininga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt