Verdidebatt

No er det er verkeleg tid for å be om fred

BØN OM FRED: Kjærleiken kan opne vegar mot forsoning og fred, og kyrkja må alltid vere villig til å gå opp dei vegane. Det er tid for å vise solidaritet.

Når vi denne helga samlast til gudstenester, fyller bileta frå krigen i Ukraina oss. No er det er verkeleg tid for å be om fred, og mange kyrkjer vil vere opne for å be, ettertanke og lystenning. Ei påminning om at lyset er sterkare enn mørkret.

Det russiske angrepet på Ukraina er forkasteleg. Det er eit brot på folkeretten og eit alvorleg slag mot den fredstilstand som har vore etablert i Europa etter andre verdskrigen. Krigshandlingane må stoppast umiddelbart, og forhandlingar må overta for stridsvogner og rakettar.

No gjeld det å be for fred, for ein rettferdig fred. Vi kan ikkje be om fred utan å fordømme den urett som no skjer. Vi ber om at alle som har makt til å stoppe krigen, gjer det.

Grunnlaget for varig fred for Ukraina og for alle land er rettferd, respekt for folkeretten, vern om sivilsamfunn og menneskeliv. Forsoning og samhald på tvers av grenser og mellom nasjonar og folk trengst som aldri før. Denne krigen kjem på toppen av ein pandemi som har sett solidaritet, samhald og rettferd på alvorleg prøve i heile verda.

Vi trur at kjærleiken er den kraft som Gud gir oss til å ta oppgjer med det som er urett og til å leve saman i rettferd, i rett ferd og på rett vis, med kvarandre. Kjærleiken kan opne vegar mot forsoning og fred, og kyrkja må alltid vere villig til å gå opp dei vegane.

No er det er verkeleg tid for å be om fred, og mange kyrkjer vil vere opne for å be, ettertanke og lystenning

Det er tid for å vise solidaritet. Det er alltid dei mest sårbare som lir mest under krig: Barn og unge, kvinner, eldre, sjuke og fattige. Vårt fokus må vere på menneska som lir, dei som er skada, dei som er redde, dei som flyktar for livet, dei som opplever at livet vert rive i stykkar. Vi tenkjer også spesielt på dei som bur her i Noreg og som er redde, som har sine røter eller familie i Ukraina eller Russland.

Som enkeltpersonar og kyrkjelydar kan vi støtte det humanitære arbeidet i Ukraina og nabolanda, gjennom til dømes Kirkens Nødhjelp, og førebu oss på ta imot flyktningar om dei kjem til vårt land.

Fastetida startar i år med denne tragedien. Faste er tid for bøn. Bøn om rettferdig fred. For alle menneske. For heile Guds skaparverk.

Kyrie Eleison – Herre, miskunna deg!

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt