Verdidebatt

Evangeliet for jøde først - eller?

MISJON: Eg håpar preses Olav Fykse Tveit tek sine eigne ord om misjon og evangelisering på alvor, og tydeleg opnar opp for at det jødiske folk også treng Jesus, han som er deira Messias

Vårt Land har den siste tida bidrege til at viktige ord om kyrkja og jødane har blitt sett på dagsorden. Tidlegare biskop i Oslo, Ole Christian Kvarme, kom for ei tid tilbake (30/10-21) med tydeleg råd om at Den norske kyrkja bør kome med ei unnskyldning til det jødiske folk, for korleis ein behandla jødane i samband med den 2. verdskrig.

Kyrkja har no sett ned eit utval som skal sjå på kyrkja sitt forhold til jødedom og det jødiske folk. Både før, under og etter okkupasjonen. Ein har begynt på ein god og viktig veg. Her finst eit mørke som treng lys. Og som den jærske diktaren minner oss om, lyset du treng finst.

Benjamin Bjørnsen Anda, Sokneprest i Giske og Vigra

Rett og slett trist

I helga fekk Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja, spørsmål frå Vårt Land omkring dette. Til avisa seier han viktige og gode ting. Eg er glad for at Fykse Tveit tek dette seriøst.

I intervjuet blir også Fykse Tveit spurt om kva han tenkjer om misjon i møte med det jødiske folk. Her svarar Fykse Tveit følgande: «Jeg har lyst til å vente med å svare til utvalget har gjort et større dypdykk i tematikken. Teologisk har jeg alltid tenkt at evangeliet er et godt budskap for alle, men når det gjelder hvordan man konkret skal forholde seg til jøder når det gjelder misjon i dag, ser jeg at andre i dag har kommet til andre standpunkter.»

Berre nokre dagar tidlegare har Fykse Tveit svart på det same spørsmålet i same avis: «Israelmisjon – skal vi holde på med det?» kor Fykse Tveit svarer: «Den norske kirke har nedsatt et utvalg for å se på vårt historiske forhold til jøder og jødedom. Jeg vil vente til vi får en konklusjon derfra før jeg svarer på misjon overfor jøder.»

Dette må det gå an å halde fast ved, samtidig som ein går inn i ein sjølvransakande prosess som bør munne ut i ei unnskyldning til det jødiske folk

—  Benjamin Bjørnsen Anda

Som prest, misjonsven og som medlem i Israelsmisjonen er det å sjå den øvste leiar i kyrkja sine svar på desse spørsmåla rett og slett trist. Kyrkja sine øvste leiarar skulle vera dei første til å seie: «Så klart skal vi drive Israelsmisjon!»

Paulus skriv jo nettopp om dette i Romarbrevet, til dømes i 1, 16: «For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.» Og ikkje minst, Jesus seier jo sjølv i evangelia at han er komen til det jødiske folk, han er jo deira Messias. Han som profetane forkynte og rydda veg for.

Misjonsbefalinga er enkel og klar

Misjonsbefalinga lærer oss at evangeliet er for «alle folkeslag». Paulus minner oss om at dette «alle» også gjeld jødane, ja, «jøde først». Så enkelt og så klart.

At ikkje Fykse Tveit kan svare klart og tydeleg på dette spørsmålet opplever eg som svært urovekkjande. Fykse Tveit seier sjølv i intervju med Vårt Land at evangeliet er «... et godt budskap om Guds frelse til alle mennesker.» Gjeld ikkje dette det jødiske folk? Er det jødiske folk ekskludert frå evangeliet?

At ikkje Fykse Tveit kan svare klart og tydeleg på dette spørsmålet opplever eg som svært urovekkjande.

—  Benjamin Bjørnsen Anda

Eg håpar at preses i Den norske kyrkja gjer ei omvending kva gjeld svara hans til Vårt Land i denne saka. Ikkje minst når han i avisa Dagen, nesten same dag som han stiller spørsmål ved misjon til jødar, snakkar varmt om at kyrkja må evangelisere og misjonere.

Eg håpar Fykse Tveit tek sine eigne ord om misjon og evangelisering på alvor og tydeleg opnar opp for at det jødiske folk også treng Jesus, han som er deira Messias. At evangeliet også er Guds kraft til frelse for dette folket, som til alle folk. Dette må ikkje stillast spørsmål ved, og ein treng ikkje vente på eit utval sin konklusjon. Misjonsbefalinga er alt gitt, av Jesus.

Frimodig vitnemål

Dette må det gå an å halde fast ved, samtidig som ein går inn i ein sjølvransakande prosess som bør munne ut i ei unnskyldning til det jødiske folk for den måten kyrkja valde ettergjevinga sin veg, som alt for mange andre. Og for korleis kyrkja har møtt det jødiske folk.

Men, éin sak er misjon med tvangsmiddel, det driv me ikkje med. Noko heilt anna er eit frimodig vitnemål om at Jesus er Messias, at han er «vegen, sanninga og livet» for «alle folkeslag», for «jøde først, og så grekar». Det håpar eg også at preses og elles Den norske kyrkja vil vere med på, i tråd med Jesu ord: «Gå ut og gjer læresveinar av alle folkeslag!»


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt