Verdidebatt

Myanmars helvete

KRISTNE PÅ FLUKT: Myanmars junta brenn ned kristne landsbyar og har drepe ein pastor som prøvde å stoppa flammane. Vil maktsjuke generalar fordriva endå ein religiøs minoritet?

Myanmar er herja av pandemi og fare for svolt. På toppen kjem altså militærjuntaen som kuppa makta 1. februar i år og som frå dag ein har skote med skarpt mot fredelege demonstrantar.

Brutalt har generalane også angripe sivile, ikkje minst i dei delstatane der folket er etniske og religiøse minoritetar. Desse minoritetane, som bur i delstatar langs Myanmars grenser til nabolanda, har hæren undertrykt i sju tiår, heilt sidan landet blei sjølvstendig. FNs representantar som etterforskar overgrepa i Myanmar, kallar brutaliteten etter kuppet for brotsverk mot menneskeslekta.

Ed Brown og Johannes Morken

Pastor skoten og drepen

I desperasjon har mange som starta som fredelege demonstrantar mot kuppet, søkt våpentrening hos opprørsgrupper i desse delstatane. Dei ser våpen som den einaste utvegen i møte med ein omsynslaus junta.

Generalane har svart med brutale angrep på sivile overalt der dei har møtt motstand. Så desperat er situasjonen at eksilregjeringa, som etter kuppet vart vald av dei medlemmene av det avsette parlamentet som ikkje blei fengsla, oppmoda til væpna motstand. Det er frykt for full borgarkrig.

Aller verst er situasjon no i den fattige Chin-staten i nordvest, på grensa mot India. 85 prosent av folket der er kristne. I september vart dei første husa i landsbyen Thantlang sett i brann av artilleri. Generalane slo til mot sivile fordi ei opprørsgruppe hadde forsvart folket mot juntaen.

I eit land lamma av frykt er ikkje eingong kyrkjer trygge

—  Kyrkjeleiar

Baptistpastor Cung Biak Hum (31) vart skoten og drepen. Han prøvde desperat å sløkkja brannen i heimen til eit medlem i kyrkja. Den myrda fekk så fingeren skoren av. Drapsmennene stakk av med ringen hans.

Angrepa blei trappa kraftig opp i slutten av oktober. Dei siste rapportane fortel at over 160 hus brende ned (UCAnews) To kyrkjer ligg i oske, kyrkjekontor er skadde. Den første raketten skal ha landa ved inngangen til baptistkyrkja, den største kyrkja i byen. Det er rapportar om at soldatar går i gatene og set fyr på hus.

Storparten av dei 10.000 som budde i Thantlang, har flykta, hals over hovud, frå rakettar og brannstiftarane til juntaen. Ein god del har kome til India, rapporterer New York Times. Ein mann som saman med ti andre i familien hadde gått til fots i åtte dagar før dei nådde grenseelva, utbraut: «Det er betre å lida her enn å leve i frykt i mitt eige land».

Livsfarleg å ta seg inn

Hæren skuldar på ei opprørsgruppe. Men kjelder i Chin-staten er klare: Hæren har skulda for brenninga av Thantlang, chin-folk ville aldri finna på å setja fyr på sine eigne hus eller kyrkjer, seier ein lokal politikar.

Dei som prøver å dokumentera overgrepa, slit. Det er livsfarleg for journalistar å ta seg inn i den delvis øydelagde byen som et patruljert av soldatar. Dei fryktar represaliar eller arrestasjonar. Lokale vitne finst knapt sidan dei fleste for lengst har flykta.

Fleire andre landsbyar er også sette i brann. Kyrkjer, kyrkjeleiarar og friviljuge er angripne eller har hamna i krysseld under militære angrep. I eit land lamma av frykt er ikkje eingong kyrkjer trygge, seier ein fortvilt kyrkjeleiar i ein annan delstat.

«Eit levande helvete»

FNs spesialrapportør Tom Andrews har karakterisert brutaliteten som «dei siste eksempla på at det levande helvete» som juntaen dagleg påfører folket sitt. Han har trygla verda ikkje berre om å følgja med, men også å handla. Det har verda ikkje gjort.

Framleis blokkerer Russland og Kina for ein full våpenboikott. Juntaen har i staden fått våpen frå dei to. Våpna er brukte mot det folket som hæren skulle verna.

Førre veke klarte dei 15 medlemmane i Tryggingsrådet i alle fall å samla seg om ei utsegn der dei ber om at valden vert stogga, for å verna sivile. Den brutale opptrappinga i den hovudsaklege kristne Chin-staten ligg nok bak, utan at dette vert konkret nemnt.

Ord stoppar ikkje flammehavet i Myanmar

—  Johannes Morken

Dødeleg nasjonalisme

I årevis blei sterke åtvaringar mot eit føreståande folkemord mot rohingya-folket i Myanmar ignorert – til det i 2017 var for seint. Meir enn 700.000 blei fordrivne, og mange blei drepne då hæren utløyste overfallet. Hæren mobiliserte den gongen også buddhistisk ekstremisme og dødeleg nasjonalisme mot eit folk der dei fleste er muslimar.

Også den gongen blei landsbyer brende ned, slik kristne landsbyar no vert tende på. Det er alvorleg fare for at Myanmars generalar endå ein gong brukar nasjonalisme og angrep på ikkje-buddhistar for sin eigen brutale politiske agenda.

Utsegna frå Tryggingsrådet, som også krev at fordrivne rohingyaer og andre trygt må få koma heim, er svært viktig. Men ord stoppar ikkje flammehavet i Myanmar. Ikkje denne gongen heller.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt