Verdidebatt

Familien Karpols oppreising

HOLOCAUST: Synne Corells bok om familien Karpol er ei sterk utfordring til Frons-bygdene om å ta oppgjeret med ei skamfull fortid som enno gjenstår.

For nokre år sidan intervjua eg eldre menneske heime i Fron, og fekk mange forteljingar (samla i ein artikkel i årboka «Fronsbygdin» 2014) om deira samver med den jødiske familien Karpol, som hadde heimen sin i Sør-Fron frå 1918 til 1947.

No har Synne Corell i boka Likvidasjonen ytterlegare dokumentert familiens liv og lag, på ein måte som dramatisk utfyller våre lokale anekdoter og forteljingar.

Boka, med undertittel «Historien om Holocaust i Norge og jakten på jødisk eiendom», framstår i den norske Holocaust-litteraturen som ei av dei mest omfattande og veldokumenterte til no. Corell er historikar, med doktoravhandling om framstillinga av okkupasjonen 1940-45 i norsk historiekultur og historiebøker.

Kjartan Ruset

Skamfullt minne i Frons historie

Boka vier to utførlege kapittel serskilt til familien Karpol. Dei er også gjennomgangspersonar i fleire andre kapittel i boka. I eit kapittel skildrar NS-lakeien, sakførar Wollert Wilhelm Valle, sitt arbeid som «bobestyrer» for tilsaman sju jødebo i Hedmark og Oppland. Plyndringa av Karpol-heimen var det han som stod for, saman med lensmannen i bygda.

Historikaren Tore Pryser har i arkiva leita fram orda som Valle uttala direkte til gamle Gerson Karpol: «Samuel, søn din, var en hund, og vi nazister arbeider for å få avlivet slike karer».

Auksjonen over Karpol-buet i mars 1943 er eit skamfullt minne i Frons historie, folk frå begge Frons-kommunar tok viljug del i auksjonen.

—  Kjartan Ruset

Corell siterer kva Valle skreiv om Klara Karpol til Statspolitiet i Oslo: «Hun er den mest ondartede i familien». Slik dokumenterer historikarane kva slags rå vondskap som låg til grunn for jødeaksjonen og den seinare likvidasjonen, plyndringa av jødisk eigedom.

Karpol-familien og deira lagnad levandegjer alt som løyner seg i omgrepet «likvidasjon», som i denne samanhengen ikkje handlar om mord, men om ran av eigedom, rettstryggleik, identitet og status i samfunnet.

Auksjonen over Karpol-buet i mars 1943 er eit skamfullt minne i Frons historie, då folk frå begge Frons-kommunar tok viljug del i auksjonen. Det er i seinare tid levert inn nokre få gjenstandar frå denne auksjonen, mellom anna skrivebordet og skrivemaskina til Samuel Karpol. Her kan det gjerast meir lokalt i Fron.

Bygda svikta dei

I europeisk forvaltning av kulturminne legg ein vinn på å samle inn ting som tilhøyrde ofra for Holocaust. Konkrete gjenstandar fortel historia på ein tydelegare måte enn ord og omgrep.

Det kanskje viktigaste frå ein lokal synsstad, er at gamle Gerson Karpol sjølv kjem til orde, gjennom det Corell har henta fram av korrespondanse, vitnemål i retten og i avhøyr. Sjølv om familien Karpol hadde mange og gode venner i grend og grannelag, følte han nok at bygda, med leiarane i spissen, svikta dei.

Det spesielle med denne jødiske familien var at dei var så godt integrert og så vel likt i bygda

—  Kjartan Ruset

Det var ikkje politi, men andre lokale autoritetar som stod for hentinga og transporten av Jette og Gerson ut av bygda. Dei vart frakta i sjukekorg og trudde dei skulle til behandling på sjukehuset på Lillehammer (Gerson hadde ein vond fot, Jette var dement) – og så viste det seg at dei var tiltenkt same lagnad som borna: bli deportert til gasskamra i Auschwitz.

Ein tysk offiser viste større humanitet enn norske aktørar, då han tok den gamle til sides (etter fengsels-opphaldet på Bredtvedt), før han skulle om bord i fangeskipet i februar 1943. Såleis slapp han Auschwitz, men hans sjelege Holocaust, med den fornedring og audmjuking han måtte tole både under og etter krigen, fram til han døde i 1947, stod ikkje mykje tilbake for livet i konsentrasjonsleiren.

Eit viktig vitne

I brev til den nye lensmannen skriv Gerson Karpol i 1945: «Jeg skal ha rede paa alt hvad er skjedd, nu tar jeg dere til ansvar paa alt.»

Det spesielle med denne jødiske familien var at dei var så godt integrert og så vel likt i bygda, og difor vart fornedringa og audmjukinga dess sårare. Spesielt måtte den gamle faren ha kjent på dette på vegne av sonen Sam, som hadde tent bygda og folket så trufast heile sitt vaksne liv.

I etterordet «Om utvalg av personer og familier» skriv Corell: «De færreste jødene som levde i Norge i 1940 har etterlatt seg den mengden og typen dokumentasjon som finnes etter Oscar Mendelsohn, Eileen Bjørnson og Gerson Karpol. Det gjør dem takknemlige å skrive om, men det er samtidig viktig å være klar over at dette også gjør dem helt spesielle». Slik løfter Corell Gerson fram som eit viktig vitne i det norske Holocaust, på mange måtar ei oppreisning.

Ta oppgjeret som gjenstår

Det vart halde ei minnehøgtid for Karpol-familien, initiert ved sokneprestane i Sør- og Nord-Fron 26. oktober 2002, på 60-årsdagen for jødeaksjonen. Det vart starten på innsamling av minna om familien.

På ei minnetavle ved krigsminne-museet på Kvam er dei tre Karpol-borna oppførte blant dei krigsdøde i Fron. I 2019 vart det nedsett såkalla «snublesteinar» for dei tre utanfor kommunehuset på Sør-Fron, med ei temautstilling i Sør-Fron bibliotek gjennom sommaren og hausten. Skulane i Sør-Fron har faste opplegg der historia vert fortalt. Mange i Fron har fått augo opp for kva denne familien i si tid betydde i våre bygder.

Dei fortener å ha ein tydeleg og ærefull plass i vårt kollektive minne.

—  Kjartan Ruset

Corell stadfester det tidsvitna lokalt fortel, at Klara, Ester og Samuel (Sam på folkemunne) var aktive og deltakande på mange område i lokalsamfunnet, som gode hjelparar og medaktørar, og som gode medmenneske.

Men Corells bok vert samstundes ei sterk utfordring til Frons-bygdene om å ta det oppgjeret som enno gjenstår med ei skamfull fortid – det gjeld spesielt behandlinga av dei gamle – og ta vare på det som enno finst av materielle minne etter familien. Dei fortener å ha ein tydeleg og ærefull plass i vårt kollektive minne.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt