Verdidebatt

Eg vil slåst med teksten

PREIKER: Eg har sjølv erfart kor lett det er å tilpasse preika til eige verdssyn. Tekstane i Det gamle testamente har i så måte potensial til å vere ein kjærkommen stein i skoen for predikanten.

I diskusjonen om å ta ut tekstane frå Det gamle testamentet (GT) / Den hebraiske bibelen som del av preiketekstane i Den norske kyrkja, seier magekjensla mi meg at det ikkje umiddelbart er ein god idé. Kvifor ikkje?

Eg har ikkje vore prest i meir enn eit knapt halvår, men eg har allereie merka meg kor utfordrande det kan vere å lage rom for, og prioritere preikearbeid, og halde det teologiske arbeidet varmt. I forslaget om å ta ut GT-teksten som pålagt preiketekst trur eg at ein står i fare for å gå i fleire feller.

For det fyrste: å gjere rommet for teologi som kan treffe breidt og ålmennmenneskeleg mindre, for det andre: å snevre inn berøringa med andre abrahamittiske religionar og for det tredje: å underkjenne tekstane i GT som godt nytt og som ein heilt sentral klangbotn for det nye testamentet, og for vår kultur og historie.

Dina Willemse, Kapellanen i Grorud menighet

Risikerar å bli «hemmablind»

Det er fort nok gjort som det er å hoppe bukk over det som byr på utfordringar. I ei overoppheta og aksellerert tid, der ein skal rekke over langt meir enn det som er menneskeleg mogeleg, er det friksjonsfrie idealet. I møte med tekstane frå det Det gamle testamentet/den hebraiske bibelen er det imidlertid mykje som fortonar seg svært framandt.

GT må rett og slett gis liturgisk og teologisk prioritet dersom det ikkje skal gå i gløymeboka.

—  Dina Willemse

Eg trur at ei slik framandheit – både i det tekstlege, og i det forskingsmessige/teologiske kan vere eit gode. På svensk heiter det å bli «hemmablind» når ein ikkje ser det som er like framfor ein, fordi det har blitt så fortruleg. Kanhende kan dei nystamentlege tekstane bli «hemmablinde» for oss.

I den samanhengen bidrar GT-tekstane med noko nytt og overraskande inn i samanhengen. GT-tekstane gir ressursar, referansar og opningar inn i dei nystestamentlege tekstane, og dei nystestamentlege tekstane gjer det same tilbake i GT-lesningane.

Ein stein i skoen

Det å slåst med teksten er ofte det som kan gjere ei preike god. Eg har allerie erfart kor lett det er å hoppe på gamle kjepphestar og eigne teologiske yndlingstema, og (ofte umedvite) tilpasse teksten til eige etablert verdssyn. Det er ikkje dermed sagt at ein GT-tekst automatisk er eit bolverk mot slike lesningar, men eg meiner at desse tekstane har større potensiale til å vere ein kjærkommen stein i skoen for predikanten.

Ein stein i skoen krev som kjent at ein tek aktive grep for å bevege seg vidare. I ein prestekvardag kan det innebære å gi litt meir tid til tekstarbeidet. Det kan innebære å gå ein ekstra runde med kommentarar og anna akademisk tilfang, eller å diskutere teksten med kollegaer eller andre som kjem eins veg. Det kan rett og slett bety at teologen skal drive med teologi.

Eg har allerie erfart kor lett det er å hoppe på gamle kjepphestar og eigne teologiske yndlingstema

—  Dina Willemse

GT gir også ein viktig klangbotn for det ålmenmenneskelege. Forteljingar og forestillingar, myter og underlege forteljingar, filosofi, moral og poesi og alt i mellom har stor boltreplass. Tekstane opnar eit rom og ein rikdom som ein kanskje ikkje kjem så enkelt til av seg sjølv.

Sjølv om GT-tekstar framleis har ein plass i gudstenesta, og det er innført eit forsterka fokus på Salmane i den nye ordninga, ser eg for meg at det fort kan bli ein salderingspost å verkeleg kna det gamaltestamentlege stoffet i ein hektisk prestekvardag. GT må rett og slett gis liturgisk og teologisk prioritet dersom det ikkje skal gå i gløymeboka.

GT har det store spennet

GT-tekstane opnar dørene til skapingsteologien, det jødiske opphavet, og dei store og bærande forteljingane om kva eit menneske er. GT har det store spennet – korleis verda vart skapt, kva som er mennesket sin plass, alt det livet og eksistensen brytest mot.

GT har også den ikkje-domestiserte Gud, den Gud som let seg forhandle med, den Gud som endrar seg. Ein slik Gud sluttar ikkje å utfordre, og vi «har Han» aldri. Ein slik utfordring gir sunn uro til teologien.

GT ligg som ein heilt sentral bakgrunn i vår kultur, sjølv om det bleiknar stadig i medvitet.

—  Dina Willemse

GT ligg som ein heilt sentral bakgrunn i vår kultur, sjølv om det bleiknar stadig i medvitet. Då er det å knyte seg til tekstane som dannar grunnlaget for desse nedarva perspektiva ein nødvendigheit som vi ikkje bør ta ut av gudstenesta.

Mange av tekstane og førestillingane i GT er også tekstar vi deler med jødiske og muslimske sysken, og som også ligg tett på den katolske kyrkja sin teologi og liturgi. Slik vil det å minske plassen til GT-teksten kunne bidra til å minimere berøringsflatene mellom truande, i ei tid som verkeleg treng det motsatte.

Teologisk arbeid under press

Presten si rolle har dei siste åra blitt tettare knytt til arbeid med trosopplæring, og mange prestar jobbar også meir enn tidlegare med diakonale oppgåver i kyrkjelyden. I dette omlandet ligg ofte mange administrative oppgåver, og dette kjem på toppen av organsieringa rundt dei kyrkjelege handlingane.

Det er ein samtale for seg, men eg kan ikkje skjøna anna enn at måten ein bruker hjernen på i praktisk problemløysing og adminstrative oppgåver, møteverksemd og organisering, skil seg kvalitativt frå fordjupinga og openheita som krevst i eit kreativt arbeid, som det å skrive ei preike jo er. Her er jo målet nettopp å stå i paradoksa, halde mogelegheitsrommet ope utan å konkludere for raskt og å gå på leit etter språk for det som aldri fullt ut kan seiast.

Det teologiske fagarbeidet er allereie under press. Å ta ut GT-teksten vil kunne reie grunnen for at preiker over GT blir enno skjeldnare vare. Nokre gåver kan ein trenge å bli tvinga til å bli ved over tid, for å sjå verdien av dei.

Godt nytt finst i GT

Ei praktisk og liturgisk innvending er at det ei utfordring med evangelieprosesjon som ramme rundt ein gamaltestamentleg tekst. For kvifor og korleis opnar og sluttar ei lesning av 5. Mosebok, utan å hevde at «slik lyder det hellige evangelium»? Mitt spørsmål blir då om det ikkje er forskjell på å lese frå dei fire evangelia og å preike over det som er godt nytt. Godt nytt finst i 5. Mosebok, og det finst i Lukasevangeliet.

Min ståstad er at det då vil vere betre å sjå på liturgien og rammene rundt teksten, slik at det blir klårt for kyrkjelyden og predikanten korleis ein rammar inn ein GT/HB-tekst utan å underslå dei gode nyheitene dei er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt