Verdidebatt

Eit målretta hat mot kristne og muslimar

HINDUNASJONALISME: Den neste utanriksministeren må våga å snakka med India om dei målretta angrepa på muslimar og kristne.

Utviklinga i India er eit av fleire illevarslande døme på at religiøse minoritetar og trusfridom er under hardt press. Her er eit tragisk indisk døme:

Kring 60 kristne er samla til gudsteneste i ein landsby sentralt i India. Det er søndag 29. august. Inn stormar ein mobb på over 100. Dei trakasserer kvinner, bankar opp menn, ramponerer alteret og trampar ein bibel under føtene. Dei er tydelege: Folk som er fødde i India, «må tilbe hindu-guddommar».

Johannes Morken

Valdshandlinga over er ikkje eineståande. I landsbyar i utkantar er kristne utsette for målretta hat frå hindu-nasjonalistar som dyrkar ideen om India som eit land for hinduar.

I ni delstatar har dei pressa fram lover som i praksis kriminaliserer alle konverteringar til kristen tru. Lovene vert brukte av nasjonalistiske mobbar som med vald går laus på kristne med (ugrunna) påstandar om at dei med lureri, tvang eller pengar konverterer folk.

Blis skulda for «kjærleiks-jihad»

Urovekkjande er det at også muslimar no vert ramma av lovene Muslimar som gifter seg med hindu-kvinner, blir skulda for å driva «kjærleiks-jihad» mot hindu-nasjonen. Det utløyser både hat og vald.

Muslimar og kristne har i sju år med statsminister Narendra Modi og partiet BJP opplevd politisk tilstramming og meir målretta hat og vald frå ideologiske krefter som støttar regjeringa. I mange saker snur politiet ryggen til valdskreftene. Vår partnar i India skaffar i mange saker advokat som hjelper kristne og andre valdsoffer til sin rett.

Muslimar er mange gonger blitt ugrunna skulda for å spreia viruset.

—  Johannes Morken

Hatet og valden har heller ikkje teke pause under pandemien. Muslimar er mange gonger blitt ugrunna skulda for å spreia viruset.

Første halvår i år blei det dokumentert 145 valdsaksjonar retta mot kristne på grunn av trua deira. Tre blei drepne. 22 kyrkjer blei vandaliserte. Det viser statistikken frå Det evangeliske kyrkjefellesskapet i India (EFI).

I mars valde EFI å ta pause frå publiseringa av rapportar om hatefulle angrep, dels fordi kyrkjene mobiliserte krefter mot pandemien. Men ei viktig årsak var også at generalsekretær Vijayesh Lal blei meld til politiet av ein BJP-politikar som skulda kyrkjeleiaren for landssvik. Årsaka var publiseringa av rapportar om hat og vald mot kristne.

Vil frigjera India for prestar og burkaer

Men ikkje før var EFI i gang igjen og halvårsrapporten publisert før det kom mediemeldingar om eit hindunasjonalistisk toppmøte i regi av den paramilitære organisasjonen RSS. Møtet vart lagt i ein kjent by på grensa mellom delstatane Madhya Pradesh og Uttar Pradesh. Dette er to av delstatane som det hindunasjonalistiske regjeringspartiet BJP styrer. Dei toppar også statistikken over valdsangrep mot minoritetar.

Her lanserte RSS ein kampanje med eit slagord som direkte omsett betyr å frigjera India for prestar og burkaer. Våre vener i India les dette som at paramilitære RSS vil bli kvitt kristendom og islam.

For kyrkjeleiaren Vijayesh Lal var bodskapen så illevarslande at sjølv tre drap på kristne første halvår kom i skuggen.

Igjen mobiliserer hindunasjonalistar med minoritetane som skyteskive i ei krise

—  Johannes Morken

Eit politisk mål for RSS er å pressa regjeringspartiet til å innføra ei nasjonal lov som skal kriminalisera alle konverteringar til islam eller kristen tru.At RSS mobiliserer har samanheng med at BJP nyleg tapte eit viktig val i delstaten Vest-Bengal.

Årsaka var truleg pandemi-handteringa til regjeringa. Statsminister Modi hevda i vinter at pandemien var over og let på det grunnlaget millionar få delta på store hindufestivalar. Slike festivalar vert brukte for å dyrka ideen om India som eit land for hinduar. No vart dette i staden smittefestivalar.

Noreg må våga

Igjen mobiliserer hindunasjonalistar med minoritetane som skyteskive i ei krise. Dette er svært urovekkjande. Verda treng India i ei konstruktiv global rolle, mellom anna i kamp for klimaet. Men då kan vi ikkje feia under teppet den hindunasjonalistiske retninga landet går i. Noreg sit saman med India i Tryggingsrådet og må våga å snakka med stormakta også om menneskerettar.

India illustrerer ei urovekkjande utvikling i fleire land: Majoritetsreligionen blir brukt som eit farleg maktmiddel mot religiøse minoritetar.

Her er det rom for forsterka innsats for ei ny utanriksminister og utviklingsminister.

—  Johannes Morken

Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet har slege fast kampen for trusfridom i partiprogramma sine. No bør dette på plass også i regjeringsplattforma og gje tydelege innslag i utanrikspolitikk og bistandspolitikk. Den avtroppande regjeringa har trappa opp på dette feltet. Men her er det rom for forsterka innsats for ei ny utanriksminister og utviklingsminister.

Folk i utanrikstenesta må få endå meir kunnskap slik at dei kan opp krevjande saker i New Dehli og andre hovudstader. Å forstå religion er avgjerande for å forstå til dømes India og vera til hjelp for undertrykte minoritetar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt