Verdidebatt

Norske soldatar i verdsklasse

AFGHANISTAN: Noreg sitt militære bidrag i Afghanistan har gjort ein forskjell. For innsatsen har vi fått spesialsoldatar i verdsklasse. Norske politikarar derimot, bør gå i seg sjølv.

Då Noreg gjekk inn i Afghanistan i 2001, var det for å forsvare USA. Operasjonen starta som kollektivt sjølvforsvar mot al-Qaida etter angrepa mot USA 11. september 2001, og med FNs tryggingsråd i ryggen. For fyrste gong var artikkel 5 i NATO-pakta utløyst, og Noreg stilte villig opp i USA og Europa.

For operasjonen i Afghanistan – Operation Enduring Freedom – ville USA ikkje ha noko NATO-operasjon, men ynskte friare tøyler. Noreg og andre land vart med som gode allierte. Afghanistan-operasjonen var styrt av USA åleine.

Elendige utsikter for statsbygging

Allereie våren 2001 hadde Bush-administrasjonen vore klar: «Vi driv ikkje lenger med statsbygging». I Afghanistan valde USA likevel å fjerne det sittande regimet til Taliban, med skrikande behov for nett statsbygging.

I NATO-rekkjene var europeiske statar i aukande grad ukomfortable med ein amerikansk administrasjon som fjerna regimer ein ikkje likte, etablerte fangeleirar utan krigsfangestatus og innførte torturmetodar. Då FNs tryggingsråd i 2002 etablerte stabiliseringsstyrken ISAF, greip europearane sjansen.

USA var allereide på veg vidare mot eit nytt krigseventyr i Irak. Statsbyggingsideen i Afghanistan var heile vegen primært eit europeisk føretak.

Cecilie Hellestveit

Innsatsen for statsbygging har heile tida vore underdimensjonert. Samanligna med Balkan på 1990-tallet, har styrkeforholdet stort sett vore 1:15. Tidvis har amerikanarane og hatt operasjonar mot dei same folka som europearane har prøvd å byggje stat saman med. Utsiktene for å lukkast med statsbygging under slike forhold er elendige.

Skal ein hoppe i fallskjerm, og ein legg i veg med tursekken til far sin, er utfallet gitt. Men det betyr ikkje at innsatsen ikkje har endra Afghanistan. Landet som Taliban har teke over er eit anna land med ei anna befolkning enn i 1996.

Den militære og sivile statsbyggingsinnsatsen har mykje av æra for det. Det Afghanistan vi forlet er eit anna samfunn enn det Afghanistan vi kom til i 2001.

Noreg har levert på høgt nivå

For Noregs vedkommande har innsatsen ikkje vore forgjeves. Noreg har levert på høgt nivå. Det har vi gjort til vår næraste allierte, USA, som Godal-utvalget konkluderte med i 2016.

Vi stilte med styrkar og sende dei i kamp. Vi har og levert på høgt nivå til det europeiske statsbyggingsprosjektet. Vi har bidrege med viktige humanitære og sivile bidrag som gjer at Taliban no tek over er eit anna Afghanistan.

20 år i Afghanistan har gjort at Noreg har fått eit militærapparat som i mykje større grad er rusta for den svært komplekse verda der ute

—  Cecilie Hellestveit

Sjølv som ein liten nasjon har Noreg sitt bidrag både militært og sivilt gjort ein forskjell. Og kva har vi fått att for innsatsen? Vi har fått spesialsoldatar i verdsklasse. Ikkje drapsmaskinar, men soldatar som er i verdsklasse når det gjeld kalibrering av maktbruk – så lite og presis maktbruk som mogeleg.

20 år i Afghanistan har gjort at Noreg har fått eit militærapparat som i mykje større grad er rusta for den svært komplekse verda der ute som dette århundret ligg an til å gje oss. Sjølv for dei av oss som var svært kritiske både til intervensjonen i Afghanistan i 2001 og til måten oppgåvene har vorte løyste på, er det noko anna enn at det ikkje var verdt det.

Politikarane bør gå i seg sjølv

Dei som i størst grad bør gå i seg sjølve etter Afghanistan, er den norske politikar-standen. Når norske styresmakter vel å sende norske soldatar til land langt borte, må dei óg kunne gjere rede for kva formålet er, kva for farer som ligg i oppdraget, og kvifor det likevel er verdt det.

Gjennom mange år var norske styresmakter svært unnvikande på kva oppdraget i Afghanistan i realiteten dreide seg om. Her ligg ein hovedforklaring på kvifor mange i Noreg no konkluderer med at alt var forgjeves. Ærlegheit varer lengst. Det gjeld óg for militære utanlandsoppdrag.

Afghanistan-erfaringa har gjeve oss mykje innsikt i korleis statsbygging ikkje skal føregå.

—  Cecilie Hellestveit

For her er det på sin plass med eit varsko. Når vi no gjer opp status etter Afghanistan, er det ikkje fortida som må stå fremst i pannebrusken, men framtida. NATO-møtet i juni i år har som ein av sine føremål å styrke støtte til sikkerheitsapparat i NATO sine nærområder (les Midtausten og Afrika). Altså nett det vi har dreve med i Afghanistan dei siste åra.

Det er ikkje fordi NATO leitar etter ein eksistensgrunn, men fordi situasjonen i nærområda våre krev det. Dette vil i stor grad verte Europa sitt ansvar. Skulle Noreg og Europa gjeve opp ideen om å hindra ustabilitet i våre nærområder i sør, vil ustabilitet komme til Europa.

Afghanistan-erfaringa har gjeve oss mykje innsikt i korleis statsbygging ikkje skal føregå. Det er den lærdommen vi må ta med oss vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt