Når eg les om kristenleiarar som følgjer KrF-strategane si bøn om å samla støtte til eit kriseprega parti, blir eg full av undring og spørsmål. Som til dømes: Kva er det neste livsområdet som norske kristenleiarar tenker det er naturleg å rettleia sine medlemer på?
Kva utdanning og arbeid dei skal ta? Kva bank dei skal bruka? Kva bilmerke dei skal køyra?
[ Indremisjonsledere: Vi oppfordrer kristne til å stemme KrF ]
Uroa over rolleforståing
Eg har sjølvsagt full respekt for at dei personleg meiner det er viktig å berga eit parti som støttar dei kristenkonservative. Og eg har respekt for at dei synest det er greit å gje KrF-leiinga eit signal om at høgredreiinga var rett veg å gå. Alt dette er heilt legitime vurderingar og ikkje minst ein forståeleg strategi frå KrF si side.
Det som derimot både undrar og uroar meg er kva dette seier om desse kristenleiarane si rolleforståing og deira syn på eigne forsamlingar. Reknar dei med at «flokken» deira er glade for rettleiing i demokratiet sine vanskelege krinkelkrokar eller ser dei «saka» som så viktig at det får våga seg om dei samtidig svekkar si rolle som andelege leiarar?
Og kva meiner dei med dette å seia til samvitsfulle kristne som kjenner seg mest heime i diverse andre parti? Har dei ikkje forstått sin Bibel rett? Forstår dei ikkje sitt eige (eller Guds) beste? Eller er dei kanskje ikkje kristne på den rette måten?
Og kva meiner dei med dette å seia til samvitsfulle kristne som kjenner seg mest heime i diverse andre parti?
— Dag Sele
Nye hyrdeoppgåver?
Som politikar aksepterer eg det sjølvsagt som heilt naturleg at både enkeltpersonar og organisasjonar peikar på konkrete parti. Og som kristen set eg også pris på at våre andelege leiarar viser samfunnsengasjement og tonar flagg i enkeltsaker, der dei finn det naturleg. Men som kristen og aktivt medlem av eit trussamfunn, kjenner eg på uro over kristenleiarar som finn det naturleg å rettleia forsamlingane sine i korleis dei bør nytta stemmeretten sin.
Denne utvidinga av «virksomhetsområdet» for norske kristenleiarar gir meg assosiasjonar til eit reklameoppslag eg ein gong såg på ein stolpe i Nairobi: «Dr. Karim helps in lost love, infertility, marriage, politics & lost items».
Godt val og lukke til med den utvida hyrdeoppgåva framover!
[ Øystein Gjerme fra talerstolen: «Veldig viktig» å stemme gult ]