Verdidebatt

Noreg treng haugiansk næringspolitikk

ARBEIDSLIV: Hauge såg arbeid som ei kraft som kunne lyfta menneske inn i fellesskap. Det tankegodset er det vi treng for å rydda plass til fleire i arbeidslivet vårt.

Over 100.000 personar med nedsett funksjonsevne står utanfor det norske arbeidslivet. Dette er ikkje ein framtidssituasjon. KrF vil kjempa for eit arbeidsliv som har plass til absolutt alle som kan arbeida, fulltid eller deltid.

Vi ser til arven frå gründeren Hans Nielsen Hauge, som i si tid oppretta tusenvis av arbeidsplassar i Noreg, særleg for dei som trong det mest. På den tida omfatta det det einslege kvinner, enker, aleinemødre, personar med helsenedsettelse eller funksjonsnedsettelse av ulike slag.

Dette var nytt i Noreg og gjorde at vanskelegstilte kunne forsørga seg og sine og få ein auka levestandard og eit betre liv.

Fylkestopp i Hordaland, ­Torill Selsvold Nyborg (KrF).

Det vi har lært

Året som ligg bak har vist kor viktig det er å ha ein jobb å gå til både for den enkelte og for samfunnet. Mange har opplevd å mista arbeidsplassen, og stadig fleire får no kjenna på gleda av å få koma tilbake i arbeid. Det gjev enormt mykje for eit menneske å få arbeida, vera i eit utviklande fellesskap, og verta sett pris på og verdsett for den ein er.

Sjølvsagt er det viktig for inntektene til staten at flest mogleg er i arbeid. Det viser seg at personar som treng tilrettelegging av arbeidsplassar, bidreg til positiv produksjon og økonomisk utvikling i verksemdene. Vi må erkjenna at inkludering i arbeidslivet handlar om å setja menneskeverdet i sentrum, og det må vi gjera meir av framover.

Å arbeida er ein viktig verdi i eit menneskeliv. Å tilretteleggja arbeidsplassar slik at dei tilsette får bruka og utvikla dei ressursar dei har, betyr utruleg mykje for den enkelte, men også for innteninga i verksemdene. Sjølv om Noreg har låg arbeidsløysa samanlikna med andre land, er det framleis store grupper som ikkje er tilstrekkeleg inkludert i arbeidslivet vårt. Det er alvorleg.

For mange står utanfor

Over 100.000 personar med funksjonsnedsettingar står utanfor det norske arbeidslivet, viser tal frå Bufdir. I tillegg skårar Noreg dårlegare enn snittet av dei 37 OECD-landa, på inkludering av personar med redusert funksjonsevne. Covid-19 pandemien har gjort det vanskelegare for personar med redusert arbeidsevne å få arbeid.

Dette er bakteppet når vi går mot val til hausten. Noreg treng ein næringspolitikk for å inkludera fleire. Både fordi vi treng verdiar til å finansiere velferdsstaten i åra som kjem, men også fordi arbeid betyr enormt mykje for den enkelte når det gjeld livskvalitet og velstand.

For å halda tritt med utviklinga må vi alle innstilla oss på «læring gjennom heile livet» Ikkje berre med tanke på arbeidslivet, men også for personleg danning og utvikling.

Inntening og ansvar

I år markerer vi at det er 250 år sidan predikanten og gründeren, Hans Nielsen Hauge, vart fødd. Eg meiner vi må sjå til arven etter Hauge når vi skal utforme arbeidspolitikken i åra som kjem. Det tankegodset som han representerer er nøyaktig det landet vårt treng for å rydda plass til fleire i arbeidslivet vårt.

Hauge reiste rundt i heile Noreg med tanken om at næringslivet skulle tena pengar, men også ta eit sosialt ansvar for sine innbyggjarar og lokalsamfunn. Hauge var ein hardtarbeidande mann. Med sine etterfølgjarar, haugianarane, bidrog han til å oppretta nærmare 150 verksemder av ulike slag. Anslagsvis var han med på å skapa mellom 7-8000 nye arbeidsplasser i ei tid då Norge hadde om lag 900.000 innbyggjarar.

Arbeidet hans står som eit glimrande døme på korleis ein kan forandra livet til menneske ved å gje dei ein jobb.

—  Torill Selsvold Nyborg

Sentralt i arbeidsfilosofien til Hauge var verdien av arbeid som ei kraft som kunne lyfta menneske inn i fellesskap, som dei ikkje før var ein del av. Kvinner blei for første gong tilsett i industrien, funksjonshemma fekk tilrettelagde arbeidsoppgåver på fabrikkane.

Hauge reiste i store delar av landet og etablerte nye bedrifter, og arbeidet hans står som eit glimrande døme på korleis ein kan forandra livet til menneske ved å gje dei ein jobb.

Det er eit eksempel som KrF følgde då vi gjekk inn i regjering og fekk gjennomslag for ein likeverdsreform for funksjonshemma. Her har vi tatt mange viktige grep. Vi har gjort om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse (BPA) om til å bli eit likestillingsverktøy, ikkje bare eit helseverktøy. Slik sørger vi for at fleire funksjonshemma får hjelpa dei treng i kvardagen for å kunne ha ein jobb.

Eit arbeidsliv med plass til alle

Det ligg KrF på hjerta å vidareføra og forsterka «Inkluderingsdugnaden». Vi har både i regjering og som støtteparti for regjeringa Solberg, fått mange hundre nye tilrettelagde arbeidsplassar og har 11.700 plassar i dag.

For 2021 har vi fått 300 nye arbeidsplassar, det hjelper, men er ikkje nok. Realiteten er at det kjem 800 nye ungdommar til kvart år, så satsinga må bli mykje sterkare. KrF vil meir og difor må vi vidareføra og forsterka inkluderingsdugnaden slik at det offentlege og private næringslivet står saman for å inkludera mange fleire.

I offentleg sektor har KrF eit mål om at fem prosent av alle nytilsette skal vera personar med «hol i CV-en» eller personar som treng tilrettelegging.

Dette er berre nokre av tiltaka KrF går til val på i år. Om to månader avgjer veljarane kva verdiar som skal forma utviklinga av Noreg framover. Med eit sterkt KrF får landet eit parti på Stortinget som vil arbeida iherdig for eit arbeidsliv som har plass til absolutt alle, også dei som trenger litt ekstra hjelp.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt