Verdidebatt

Difor støtter KrF frivillig arbeid

FRITIDSKORT: Frå å vera eit prøveprosjekt i enkelte kommunar bør fritidskort-ordninga utvidast til å dekka heile landet.

.

Verdien av frivillig arbeid er stort, og kan ikkje målast i pengar. Det er difor viktig at det frivillige engasjementet får gode vilkår, slik at flest mogleg kan delta i organisasjonar, idrett, lag og foreningar.

Frivillig arbeid gir samhald og glede, og er på mange måtar livsnerven i samfunnet. Gjennom Fritidskortet senker KrF terskelen for å delta.

Noreg har eit organisasjonsliv som er verd å ta vare på, fordi det å dela engasjementet med andre gjennom organisert frivillig arbeid er både meiningsfylt, interessant og nyttig. Fellesskap som blir skapt på idrettsbanen, i forsamlingssalen, ved klatreveggen, i mekke-klubben eller rundt leirbålet, gir engasjement og talent rom til å veksa og utviklast.

Gjennom frivillig arbeid lærer ein lag-arbeid – og at ikkje alt i livet kan målast i pengar, karakterar eller smilefjes.

Nærmiljøet er viktigare enn internett

I kjølvatnet av korona-pandemien har det vore fokus på korleis vår psykiske helse blir påverka av mangelen på sosial kontakt. I løpet av nokre månader våren 2020 opplevde me alle korleis det er å mista dei vanlege møtestadene: jobb, skule og barnehage. Samtidig blei alt organisasjonsliv lagt på is – alle samlinger, treningar, kor-øvingar og møter på ettermiddag, kveld og helger var plutseleg borte frå kalenderen. Facebook og Twitter var framleis lett tilgjengeleg for engasjerte meiningar – men er dette eigentleg noko godt alternativ? Det å samlast fysisk, ansikt til ansikt, for å snakka, synga, planlegga, trena, konkurrera eller diskutera … det har ein verdi i seg sjølv – det gjer det lettare å oppleva at alle våre små fellesskap er ein del av ein større samanheng.

Sosiale medier har gitt oss nye kontaktflater og mulighet for å finna meiningsfeller. Men våre meiningar og kontaktbehov fortjener sosiale møtestader der me kan treffa medmenneske i same rom, utan ein meters avstand. Den viktigste sosiale plattformen finst i nærmiljøet, ikkje på internett. Det er viktig at samfunnet har rom for eit mangfald av organisasjonar. Så er det opp til kvar enkelt å bruka fritida slik dei ønsker.

Men fritidsaktivitetar og frivillig arbeid er sjeldan gratis. Det krev innsats i form av tid, engasjement – og pengar. KrF har i alle år prioritert støtte til lag og organisasjonar, også i budsjettarbeid på Stortinget. Både offentleg støtte og skattefritak for private gåver gir inntekter til lag og organisasjonar. Likevel kan terskelen bli høg for mange som ønsker å delta i frivillige aktivitetar på fritida. Både utstyr og medlemspengar kan vera kostbart.

Fritidsaktivitetar og frivillig arbeid er sjeldan gratis. Det krev innsats i form av tid, engasjement – og pengar. KrF har i alle år prioritert støtte til lag og organisasjonar, også i budsjettarbeid på Stortinget.

Eit samfunn der ingen står utanfor

KrF ønsker ikkje at lommeboka skal bestemma kven som kan delta på fritidsaktivitetar. KrF har difor fått gjennomslag for ei ordning med Fritidskort. For barn og unge mellom 6-18 år gir Fritidskortet mulighet for å dekka utgifter til fritidsaktivitetar som borna eller foreldra elles måtte betalt sjølv. Klatreklubb, speider, riding, dykking, turn, kultur eller motorsport … det er bare engasjement og fantasi som set grensene.

KrF vil ha ei samfunn der ingen står utanfor eller opplever einsemd. Aktiv fritid og eit mangfoldig organisasjonsliv er viktig for at flest mogleg får delta i fellesskap i nærmiljøet.

Fritidskortet gir barn og unge mulighet for å delta på fritidsaktivitetar utan å måtte prioritera dette opp mot andre utgifter. Frå å vera eit prøveprosjekt i enkelte kommunar bør ordninga utvidast til å dekka heile landet. KrF vil ha ei samfunn der ingen står utanfor eller opplever einsemd. Aktiv fritid og eit mangfoldig organisasjonsliv er viktig for at flest mogleg får delta i fellesskap i nærmiljøet. Difor støtter KrF frivillig arbeid og Fritidskort for barn og unge!

Knut Vassbø, KrF

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt