Verdidebatt

Eit demokratisk lyspunkt

MALAWI: For kvar krise, for kvart regjeringsskifte, har demokratiet og grunnlova i Malawi blitt styrka, endå om det kan ha vore på hengjande håret.

Folkestyret synest å vere i tilbakegang over heile kloden. Fridom og maktfordeling blir undergrave av autoritære ledarar. Det er så ein må leite etter lyspunkta. Men dei finst, frå Bidens siger i USA til valet av ny grunnlovsforsamling i Chile.

I Afrika finn ein påfallande nok lyspunkt blant dei fattigaste landa. Tidlegare i år skifta makta frå ein vald president til ein annan i Niger, ein milepæl for eit land som er nedst på FNs utviklingsindeks. Og i 2020 vart Malawi, som over tid er blitt eit av Norges sentrale land for langsiktig bistand, kåra av tidsskriftet The Economist til The Country of the Year.

Asbjørn Eidhammer, Tidligere ambassadør og evalueringsdirektør i Norad

Malawi har «gjenoppliva demokratiet»

Det var ein dom i Malawis høgsterett den 3. februar i fjor som resulterte i denne kåringa, og som fekk dette folkerike landet til å gjere fleire hopp på internasjonale demokratiindeksar.

Resultatet av valet i mai 2019 vart erklært ugyldig. Utbreidde og systematiske regelbrot i oppteljinga av stemmene gjorde den knappe valsigeren til den sitjande presidenten Peter Mutharika høgst usikker. I omvalet i juni i fjor slo opposisjonen seg saman, og Lazarus Chakwera vann med klar margin. Jusprofessoren Mutharika godtok nederlaget, noko som ikkje lenger er sjølvsagt ein gong i vestlege land.

Det britiske tidsskriftet grunngav kåringa med at Malawi hadde gjenoppliva demokratiet i ein autoritær region. Det bles autoritære vindar i naboland som Zambia, Uganda og iallfall inntil nyleg i Tanzania.

Men for Malawis del representerer høgsterettsdommen kontinuitet i ei politisk utvikling over meir enn to tiår.

Grunnlova utfordra gong på gong

Amerikanske Seymor Lipset, som var sentral på pensum i statsvitskap i mi studietid, formulerte testen på demokrati slik: at folket i eit land har konstitusjonelle muligheter til å skifte ut ei regjering. Den prøva har Malawi bestått fleire gonger sidan den første demokratisk valde nasjonalforsamlinga 17. mai 1995 vedtok ei av dei friaste grunnlovene i verda.

Men det kunne sett annleis ut om det ikkje var for ein sjølvstendig dommarstand, sterke kyrkjesamfunn og støtte frå det internasjonale samfunnet.

Etter sterkt indre og ytre press måtte den 90 år gamle diktatoren Hastings Banda i 1993 gå med på ei folkerøysting om å innføre fleirpartival. Han tapte, og han tapte også det første frie presidentvalet i 1994, då Bakili Muluzi fekk flest røyster.

Det sterke presset frå kyrkjene på dei folkevalde var truleg avgjerande

—  Asbjørn Eidhammer

Sentralt i prosessen for folkestyre og ny grunnlov sto ein komite av ei rad kyrkjesamfunn og muslimske organisasjonar, og andre som slutta seg til. Grunnlova sikra frie val og fri presse og andre sentrale rettar for borgarane. Ein vald president kunne berre sitje i to periodar.

Men grunnlova skulle bli utfordra gong på gong. Eit par år etter at President Muluzi vart attvald i 1999 var det berre tre avhaldande røyster i parlamentet som hindra ei grunnlovsendring som ville gjort det muleg for han å stille på nytt i 2004.

Det sterke presset frå kyrkjene på dei folkevalde var truleg avgjerande, i tillegg til at domstolane avviste forsøk på å stengje ute parlamentsmedlemmer som melde seg ut av regjeringspartiet.

Tatt i eid til jubel frå folket

Etterfølgjaren Bingu wa Mutharika fekk matproduksjonen til å vekse raskt dei første åra, men etter attval i 2009 utvikla det seg ei økonomisk og politisk krise som isolerte den autoritære presidenten og førte til uro og forsøk på undertrykking.

Så døydde presidenten brått skjertorsdag 2012. I eit par nesten surrealistiske døger nekta regjeringa for at presidenten var død, medan ledarane febrilsk prøvde å hindre at visepresident Joyce Banda, som hadde ryke uklar med Mutharika, skulle ta over.

Men byrettsdommarane som kunne ha utsett saka og hindre Banda i å bli innsett, gjorde seg utilgjengelege og drog til landsbyane sine. På eit tidspunkt prøvde regjeringsledarane å få hærsjefen til å ta makta inntil det kunne haldast nye val, men han nekta, blant anna etter ein telefon til sine partnarar i Pentagon.

Krisa enda med at høgsterettsjustitiarius tok Joyce Banda i eid i det nye kinesiskbygde parlamentet til jubel frå folkemassane på plassen utanføre.

Joyce Banda la om den økonomiske politikken. Ho gjorde slutt på trugsmål og ho tilsette kvinner i ei rad viktige posisjonar. Ho var populær.

—  Asbjørn Eidhammer

Likestilling og korrupsjonsskandalar

Joyce Banda la om den økonomiske politikken. Ho gjorde slutt på trugsmål og ho tilsette kvinner i ei rad viktige posisjonar. Ho var populær. Så kom korrupsjonsskandalen Cashgate. Over ein periode på 4-5 månader i 2013 vart store summar betalte ut rett frå statskassa til konti som høyrde til ulike firma og enkelpersonar.

Det vart klart at sentrale personar i regjeringa og regjeringspartiet sto bak. Trass i at Joyce Banda sette i gong ein omfattande aksjon for å rydde opp, med mange arrestasjonar og etter kvart domfelte, var det ikkje nok til at ho fekk ny tillit ved valet i 2014.

På valdagen var det overraskande nok tidlegare president Mutharikas bror, Peter Mutharika, som fekk flest røyster. For Joyce Banda var det litt av eit sjokk, men etter nokre timars uvisse hadde ho ingen andre utvegar enn å godta resultatet. Makta skifta på konstitusjonelt vis endå ein gong.

Den hittil siste prøva kom så med høgsterettsdommen og den nye regjeringa etter valet i fjor. I den intense kampanjen som gjekk føre seg medan ein venta på høgsteretts dom, sette ein brei allianse av organisasjonar og kyrkjer sitt preg på landet.

Styrka med kvar krise

For kvar krise, for kvart regjeringsskifte, meiner eg at demokratiet og grunnlova i Malawi har blitt styrka, endå om det kan ha vore på hengjande håret. Det skal domstolane ha sin del av æra for. Sjølv om dei med små budsjett ofte er ineffektive, har dei om att og om att vist seg å vere politisk uavhengige.

Eit sterk folkeleg engasjement og ein klar politikk frå dei sentrale utviklingspartnarane har gjort sitt til at den politiske eliten har føya seg etter dommane.

Ein skal ikkje undervurdere den rolla Norge og andre partnarar, særleg FN, EU, Storbritannia og USA, har spela.

—  Asbjørn Eidhammer

Ein skal ikkje undervurdere den rolla Norge og andre partnarar, særleg FN, EU, Storbritannia og USA, har spela. Det gjeld både ved omfattande støtte gjennom staten og sivilsamfunnet for å fremje demokrati og godt styresett, og i ein kontinuerleg politisk dialog med myndighetene.

Men skjørt er folkestyret. Ennå er ikkje demokratia i land som Malawi og Niger konsoliderte i den forstand at dei er blitt the only game in town, som statsvitarar har uttrykt det. Dei vil trengje støtte til å verne om folkestyret i lang tid framover.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt