Verdidebatt

Det konservative instinktet er ei gåve i vår tid

VERDIAR: Vår tid treng ikkje konservative, som i mangel på gode idear eller av frykt for framtida, tyr til gjenbruk av slitte fortidsrestar. Men ho treng framleis konservative.

Sir Roger Scruton (1944-2020), Storbritannias fremste konservative intellektuelle sidan Edmund Bruke, fortalte mange gonger om hendinga som gjorde han til ein konservativ.

I mai 1968 såg den unge Scruton ein ustyrleg studentmobb gå laus på bilar og buområde til alminnelege franskmenn. For kva? Dei visste det knapt sjølve. Rasande flokka dei seg om ein marxistisk ideologi som Scruton alt då oppfatta som fullstendig utdatert.

Der og då forsto han at han var på andre sida. Han kjende ei avsky for desse sjølvopptekne middelklassestudentane som knapt kunne forklara kvifor dei for fram som dei gjorde.

Der og då entra Scruton ein livslang motstraums kamp for å ta vare på, bygga opp og foredla. Djupt inni seg kjende han det han seinare skildra som «det konservative instinktet»: Eit ønske om å ta vare på det som er bygd opp, heller enn å riva ting ned.

Sofie Braut

Men instinktet til å ta vare på skal ein ikkje skjemmast av.

—  Sofie Braut

Instinkt med dårlege kår

Dette konservative instinktet ser i dag, drygt 50 år etter Scrutons epifani, og vel eitt år etter hans død, ut til å ha nokså dårlege, i beste fall tvitydige kår, særleg blant dei som set dagsorden og når fram i overskriftene.

Nokså nyleg har vi erfart velting av statuar, vandalisering av minnesmerke og brot med grunnleggande kategoriar knytt til kjønn og familierelasjonar, berre for å nemna nokre raske døme.

I ei folkeleg tyding ligg det nært at konservative er dei som fryktar alt nytt og klynger seg til det kjende når den menneskelege mangelen på fleksibilitet og stadig omstilling slår inn. Mange føler dermed ei slags plikt til å omfamna alt nytt utan å fortrekka ein mine.

Men instinktet til å ta vare på skal ein ikkje skjemmast av. Det er svært menneskeleg, og handlar ofte meir om det ein er takknemleg for enn det ein fryktar.

Eit skjellsord

I kristen samanheng har omgrepet konservativ på kort tid utvikla seg i retning av eit skjellsord, og mange, også dei som faktisk ER konservative både av legning og teologi gjer mykje for å unngå denne vanærande merkelappen.

Somme tyr til omskrivingar, andre prøver å unngå å uttala seg om typiske «markør-saker» slik som samlivsspørsmål og bibelsyn, mens atter andre gjer bot ved å framstå så oppdaterte og freshe dei berre kan.

Dei kan alle læra litt av Scrutons grunnleggande frimodige konservatisme, som stolt stiller seg på andre sida når den frådande flokken vil kasta fortida på dør, og som i respekt for alt arbeidet for å bygga opp, insisterer på både å gå gjennom og ta vare på det beste frå dei som har gått føre oss.

Kristenkonservative bør også kvitta seg med skamma over å lena seg på Bibelen

—  Sofie Braut

Ei gåve til ei forvirrande tid

Dette er nemleg ikkje tida for å skamma seg over å vera motstraums. Identitetspolitikkens klamme hand treng tvert imot ein klarsynt konservatisme som til dømes framleis koplar kjønn til biologien og skaparverket. Kjønn som anten sosial konstruksjon eller eit produkt av kjensler, er eit perfekt døme på idear i samtida som bør utfordrast.

Her er det konservative instinktet ei gåve til ei tid som forvirrar barna med såkalla rosa kompetanse som tvingar ein seksualisert tankegang inn i barnehagar og småskule.

Kristenkonservative bør også kvitta seg med skamma over å lena seg på Bibelen, men heller i endå større grad bidra til å få fram kor avgjerande rolle den heilage skrifta speler, ikkje berre til personleg oppbygging og kristne fellesskap, men for heile kulturen vår.

Jesus sjølv trong skriftene

Det er fascinerande, slik mangeårig pastor i New York, Tim Keller, påpeikte i ei preike som vart delt no i påska, å merka seg kor avhengig Jesus sjølv var av skriftene. Han som sjølv var Ordet skulle vel knapt trenga å gå vegen om profetiar og skriftsitat?

Likevel var det nettopp det han gjorde om og om igjen, like inn i døden. Då han hadde stått opp, var det i mosebøkene og profetiane han henta legitimitet for heile sitt oppdrag. Å gjera seg avhengig av stadig å venda tilbake til dei heilage skriftene i Bibelen, er nettopp motkulturen for ei tid som framstiller det å skapa si eiga sanning som fridom.

Empirien kan like godt fortelja oss det motsette: det er faktisk latterleg enkelt å riva ned slikt som det har teke lang tid å bygga opp.

—  Sofie Braut

Ofte får vi inntrykk av at å vera konservativ er ei form for intellektuell og sosial latskap, gjerne fordi ein i mindre grad enn radikale går under opprørte parolar som krev gjennomgripande endring. Å ta vare på det ein har fått overlevert, er likevel alt anna enn ei passiv hermetisering; det er noko alle som har arva ei bedrift eller ein gard enkelt vil kunna slå fast.

Empirien kan like godt fortelja oss det motsette: det er faktisk latterleg enkelt å riva ned slikt som det har teke lang tid å bygga opp. Slik Sir Roger Scruton såg på nært hald i 1968, treng det korkje ligga mykje tanke eller omtanke i å hiva seg med i eit høgrøysta krav om noko nytt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt