Verdidebatt

Gud er også ei bakstekone

KVINNER I KYRKJA: Som feminist og biskop håpar eg at eg kan får vere med å gjere rommet betre å vere i for alle kvinner.

Den 19. mars 1961 blei Ingrid Bjerkås ordinert som den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja. Vi er takksame.

Sjølv er eg prest, Oslo biskop og feminist. Kva betyr det at kyrkja vår no har hatt seksti år med kvinnelege prestar?

Dei fleste i kyrkja er jo ikkje prestar. Dei fleste sit i benkane under gudstenestene, høyrer og ser framover, framover mot altaret.

Dersom vi berre brukar maskulint språk om Gud, kan vi skape eit inntrykk av at Gud er meir mann enn kvinne.

—  Kari Veiteberg

Kvinner har endra kyrkja

Ei av Norges første feminist-teologar, Dagny Kaul, har fortalt meg om kva ho opplevde i Frogner kyrkje då ho for første gong såg ei kvinne ved altaret: Det var Sylvi Baardseth Panjawi, som var kapellan i Frogner frå 1977 til 2000.

«Det skjedde noko fundamentalt med heile mi erfaring – oppleving – av det heilage,» sa Dagny Kaul.

Klart at kvinner ved altar og på preikestol endra noko! Det skjedde noko med den klare rollefordelinga der alle har fått tildelt sin plass: menn der, kvinner der, barn der, skeive der. Det er ei maktfordeling som har levd i kyrkja og som vi stadig kan sjå restar av.

Gud som bakstekone

No seksti år sidan den første, er vi mange kvinner. Og vi er eit sant mangfald av kvinner!

Eg blei fødd same året som Ingrid Bjerkås blei ordinert og eg blei ordinert tretti år etter. I mi studietid blei mange av oss opptatt av spørsmålet om språk.

Dersom vi berre brukar maskulint språk om Gud, kan vi skape eit inntrykk av at Gud er meir mann enn kvinne. Kor er det blitt av Gud som Surdeigsbakar, Bakstekone, Myntleitar, Sauebonde, Gartnar, Veverske, Visdom, Hyrde, Ven, Kjelde, Fjell, Bjørnemor? Ho finst i Bibelen! Og også slike namn på Gud kan skape ei anna oppleving av det heilage!

Seksti år sidan: Etter den tid har vi heldigvis fått fleire prestar som er kvinner, og vi har fått eit større mangfald i kyrkja.

Stadig høyrer vi historier om kvinner som ikkje blir sett, vi høyrer også om dei som blir sett på ubehagelege måtar.

—  Kari Veiteberg

Kvit og privilegert

Som feminist og biskop håpar eg at eg kan får vere med å gjere rommet betre å vere i for alle kvinner. Men kampen er ikkje over enno: Stadig høyrer vi historier om kvinner som ikkje blir sett, vi høyrer også om dei som blir sett på ubehagelege måtar. Det dreier seg om makt, om å gi makt, og få makt.

For min del, som no har makt som biskop, har eg også blitt minna på av søstrer verda over, at vel er eg kvinne, men eg også kvit, privilegert middelklasse og velutdanna.

Vi må arbeide saman for at rommet for alle blir større og betre: At du som veks opp, du som no studerer til prest, at du som sit i kyrkjebenken, kan erfare at du har eit rom i kyrkja – som den du er.

I desse dagar minnes vi Ingrid Bjerkås og ser framover. Kampen er ikkje over. Også i dag og her heiter det: Fremad og ikkje gløyme!

Teksten er opprinneleg ein appell som vart halde i Haslum menighet under 60-årsmarkeringa for Ingrid Bjerkås sin ordinasjon.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt