Verdidebatt

Listhaugs mørke Facebookside

FLYKTNINGAR: Eg håpar ingen av dei 22 uskyldige barna som har komme til Noreg høyrer Sylvi Listhaug sine ord, og må lure på kva dei har gjort feil for å bli hata så sterkt av verda.

Varmt velkommen til dei 35 av 50 flyktningane frå Moria som Noreg endeleg har funne plass til. Måtte framtida dykkar bli god og verdig - med menneskerettar og tryggleik.

På Facebook-sida til Listhaug skylder ho på flyktningane, som vanleg. Ho synest det er grusomt at Noreg opnar grensene for desse menneska medan nordmenn har barnebarn og kjærastar dei ikkje har fått sjå under pandemien.

Ho meiner Noreg reddar flyktningar i staden for kreftpasientar, og ikkje tar vare på nordmenn gjennom pandemien. Igjen skaper ho eit gap og eit hat mellom menneske ved å legge skylda på sårbare, uskyldige menneske.

Har mista alt

Flyktningane som kom til Noreg på onsdag, har mista alt i krigen i Syria. Dei saknar barn, foreldre, kjærastar og besteforeldre – ikkje berre på grunn av pandemien (som også rammar dei), men fordi dei er drepne av bomber som verda sender over dei, eller fordi dei er igjen i eit krigsherja land.

Sjølvsagt er det trist med nordmenn som saknar sine næraste, er sjuke eller lid under korona. Eg håpar inderleg at alle som er aleine og sjuke får den hjelpa dei treng, og at pandemien snart sluttar å skape vonde historier.

Men dette betyr ikkje at Noreg ikkje kan stille opp med hjelp til flyktningane samtidig.

Sylvi blandar korta bevisst

Det er ikkje på grunn av flyktningane at nordmenn lid og ikkje får dekka behova sine. Det er ulike pengar og ressursar som blir brukt på dei ulike postane. Å få folk til å tru at Noreg kun hjelper flyktningar og ikkje bryr seg om nordmenn, er stygt, og det er å fare med løgn.

Sylvi blandar korta, bevisst. Dette gjer ho for å sette folk opp mot kvarandre - fordi ho ikkje ynskjer flyktningar frå Syria, Afghanistan eller Afrika i Noreg. I staden for å seie rett ut at ho ikkje vil ha dei her, set ho seg sjølv i eit edelt lys, som ein person som ber på smerta til nordmenn.

Ho set også bevisst ordet asylsøkar og IS-terrorist i samme setning når, slik at dei som kun les postane hennar, og ikkje elles set seg inn i saka, koplar dette saman og stemmer mot innvandring. Slik skapar ho frykt og hat. Og i kommentarfeltet hennar er det så skittent og mørkt at ein byrjar å grine viss ein er der inne for lenge.

I kommentarfeltet hennar er det så skittent og mørkt at ein byrjar å grine viss ein er der inne for lenge.

—  Liv Karin Dahlstrøm

Håpar ikkje barna høyrer Sylvi

Som politikar og menneske kunne Listhaug valgt å ynskje barna og foreldrene som kom i går velkommen, og samtidig vist sympati for nordmenn som slit under pandemien. Men det vil ho ikkje. Med ei iskald hand fortset ho arbeidet sitt med å spreie rasisme og framandfrykt.

Eg håpar ingen av dei 22 uskyldige og sårbare barna som kom til Råde førre veke, høyrer Listhaugs ord, og må lure på kva dei har gjort feil for å bli hata så sterkt av verda, og av privilegerte, trygge nordmenn i eit av verdas beste land.

Listhaug er likt av mange. Me har alle ein nabo, ein eller fleire i slekta eller ein kollega på jobb som støttar ho. La oss alle ta ansvaret med å belyse den andre sida av saka, slik at orda hennar ikkje blir sanning. For blir dei det, står menneskeheita i fare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt