Verdidebatt

La oss ha fleire gudstenester i naturen

SKAPARVERKET: Jesu ord om det levande vatnet verkar sterkare når ein er samla ved ein elvekulp. Tida vi no er inne i er eit godt høve til å fornye relasjonen mellom gudstenesta og naturen.

For tida rår det ein slags unntakstilstand i gudstenestelivet. Det er ingen ordinære samlingar i kyrkjene. Vi har lite nattverd, og vi ser nedgang i dåpstala. All aktivitet må ha avstand mellom menneske. Mange satsar på digitale tilbod - eller ein samlast til andakt i naturen med ei bålpanne i midten.

Mange ventar på at vi skal kome attende til «det normale». Men det spørs om vi nokon gong kjem attende til det gudstenestelivet vi hadde ved inngangen til 2020. Dels fordi viruset sannsynlegvis ikkje let seg utrydde, men vil kome attende i nye mutasjonar i all framtid på same måten som influensaviruset gjer.

Og dels fordi dei erfaringane vi no har gjort, vil endre permanent den måten vi er saman på. I USA snakkar ein allereie om «The Post-Pandemic Church». Ei innføring i denne utfordringa finn vi i artikkelsamlinga til Mark D.W. Edington: «We shall be changed. Questions for the Post-Pandemic Church.» (2020)

Geir Sørebø

Gudsteneste rundt bålpanna

Fleire kyrkjelydar har i januar og februar trass i kulden feira gudsteneste ute i naturen. Gjerne rundt eit bål eller rundt fleire bålpanner med god avstand. Sjølv har eg erfart at dette både har samla meir folk og andre deltakarar enn dei ein tradisjonelt møter i kyrkja på min kant av landet

Den tida vi no er inne i, er eit godt høve til å fornye relasjonen mellom gudstenesta og naturen. Vi kan gjerne nytte formuleringa frå ein reklamesnutt i CNN: « It’s time to redefine our relation to nature».

Naturen er ein aktør i lovprisinga av Gud

Friluftsgudsteneste er ikkje noko nytt, men ofte har naturen berre vore ein arena, og elles har liturgi og preike langt på veg vore sameleis som inne i kyrkjebygningen. Vi har i mindre grad nytta elementa i naturen som ein integrert del av gudstenesta og forkynninga.

Vatn, tre, blomar, fjell og fuglar har heilt frå bibelsk tid vore medaktørar i lovprisinga av den treeinige Gud. Ei gjennomlesing av evangelia vil avdekke at det som vert fortalt i stor grad gjeld hendingar som går føre seg utadørs, i naturen. Difor vil også ei forkynning som lyder utadørs og er farga av det ein ser, kunne kome nærare opprinnelege idear i teksten.

Mi erfaring er at ein oppdagar nye dimensjonar ved nesten alle tekstar når ein let dei samspele med naturen omkring.

—  Geir Sørebø

I høve til nokre tekstar er det innlysande. Kristi forklåring på fjellet får ein ny dimensjon på ei skinande snøkvit høgde, Jesu ord om det levande vatnet verkar sterkare når ein er samla ved ei kjelde eller ein elvekulp, Peters fiskefangst fungerer annleis når kyrkjelyden er samla rundt ein båt på stranda. Mi erfaring er at ein oppdagar nye dimensjonar ved nesten alle tekstar når ein let dei samspele med naturen omkring.

Den treeinige Gud i naturen

Her er det ikkje berre snakk om pedagogikk, men også om teologi. «Eg ser deg Gud i kvar den blom som tirer» er ein fin salme som diverre ikkje kom med i Norsk Salmebok 2013, og som vitnar om korleis skaparen kjem til synes i naturen på mange ulike måtar.

Men i seinare år har det også vorte meir syn for at inkarnasjonen ikkje berre er dette at Guds Son vart eit individ av menneskeslekta, men også det at den transcendente Gud vedkjente seg og vart integrert i den immanente naturen. Gud, Den heilage ande, vert både på gresk og hebraisk omtala med ord som også betyr vind eller pust, og materialiserer seg som eld eller due.

Slik sett er den treeinige Gud nærverande i naturen. Og vi kunne legge til: Den som kjenner dei mange plantenamna på norsk, engelsk og latin, vert fort slått av kor mange spor vi finn av Jomfru Maria i botanikken.

Nattverd i kornåkeren?

Ei tilrettelagd gudsteneste ute i naturen kan på ulike måtar samspele med naturen sine element, og slik kan vi også gje naturen ein større eigenverdi. Kvifor ikkje forrette dåp ved ei elv med klårt vatn og ta vatnet direkte frå elva?

«Miskunnsame Gud, vi takkar deg for at dåpsvatnet ved ditt ord er ei nådens kjelde», heiter det i dåpsliturgien. Desse orda fungerer betre når ein står ved den fysiske kjelda. Kvaliteten på dåpsvatnet vert ikkje forbetra ved at ein tappar det frå springen og tømmer det opp i eit fat. Eller kva med nattverdsfeiring ved sida av ein kornåker?

Kva med nattverdsfeiring ved sida av ein kornåker?

—  Geir Sørebø

Etter å ha forretta gudstenester gjennom 40 år, sit eg no med ei sterk kjensle av at høgmessene våre ikkje kommuniserer godt nok med vår tid. Dei har for lite bevegelse. Dei har uttrykksformer og ein dramaturgi som ikkje lenger fungerer optimalt. Dei har vorte for hermetiske innafor boksen av fire vegger og faste kyrkjebenker. Eit prisverdig unntak, som bør utviklast vidare, er pilegrimstradisjonen med sine gudstenester.

Covid-19 som inspirasjon

Det kan vere at vi skal vere takksame for at Covid-19 gjev oss ein impulsen til å kome ut av våre vanetankar om gudstenestefeiring og utvikle nye konsept som er meir framtidsretta. Eg har sjølv prøvd å kome med eit lite bidrag gjennom serien God Helg. Korte forkynnande videoar frå naturen for kvar helg, som er presenterte på heimesida «Praise God in the Nature» (www.worshippinginthenature.com).

Det har aldri vore mitt siktemål å devaluere høgmessene i kyrkjerommet. Tvert imot. Men eg meiner at dei har vorte for einspora og statiske. Vi har for lite innovativ kraft og vert for passive i møte med nye utfordringar.

Vi har lenge tala om grøne kyrkjelydar utan at det har gjort så mykje med gudstenesteformatet.

—  Geir Sørebø

Reformprosessane i fredstid kokar oftast ned til kosmetiske endringar, og etter ein flaum med dokument og mange langdryge høyringar sit vi att med ei kjensle av at dette var berget som fødde ei mus. Eg ønskjer heller ikkje å fjerne meg frå bibeltekstane. Eg ønskjer tvert om å levandegjere bibeltekstane på ein ny måte.

Vi er inne i eit grønt skifte i samfunnet. Vi har lenge tala om grøne kyrkjelydar utan at det har gjort så mykje med gudstenesteformatet. Covid-19 kan vere eit spanande vendepunkt til å samspele meir med naturen i vår gudstenestefeiring. Vi skulle ikkje trenge å søkje i keltiske tekstar eller reise på studietur til Assisi for å oppleve dette.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt