Verdidebatt

Når grumset tyt ut

DEHUMANISERING: Pest og pandemiar får fram det aller verste grumset. Som at ein NRK-programleiar får seg til å seia om Israel at «Det er nesten som jeg skulle ønske at vaksinen ikke virket».

Innslaget er beklaga. Men NRK har enno ikkje erkjent kva for ein strek som vart passert. Dette var antisemittisme, her i forkledning – som ufyseleg og farleg kritikk av eit land. Israel må som alle land tola kritikk. Men det er ei grense for alt.

Programleiaren stempla Israel som «apartheidstat». Då Sør-Afrika var apartheidstat, var det ingen apartheidmotstandar som lira av seg tilsvarande gufs om landet og folket i Sør-Afrika.

Det er mange «ræva land», om vi skal bruka språkbruken til Shaun Matheson i NRK. Vi i Stefanusalliansen har arbeid i mange land der brutale og autoritære regime er ansvarlege for grove overgrep, eller der ekstremistar gjer overgrep som regima ikkje tek oppgjer med.

Farleg dehumanisering

Men i både Iran, Saudi Arabia og Pakistan er det regima som må tola kritikken. Ingen eg kjenner eller veit om ville finna på å seia noko som kunne lesast eller høyrast som at dei ønskjer at heile folket i desse landa skal bli smitta av ein potensielt dødeleg sjukdom.

Det er ei kjelde for det grumset som tyt ut i kriser. Her er eit land blitt demonisert, og med det er også folket dehumanisert.

Dehumanisering er farleg. Når virus spreier frykt og død, er dei som frå før er uglesett og forakta, ekstra ille ute. Det er enklare å gå etter sårbare grupper når samfunnet sjølv er sårbart. Vi har sett dette det siste året.

Rundt i ei rekkje land har vi sett korleis pandemien har henta fram gamalt gufs og hat mot grupper

—  Johannes Morken

Den løgnaktige myten

Tidleg i pandemien, i slutten av mars i fjor, publiserte den italienske målaren Giovanni Gasparro det nyaste måleriet sitt: «Sankt Simon av Trents martyrdom ved jødisk rituelt drap». Det var bygt på ein gamal myte frå 1400-talet om Simon av Trent, den løgnaktige myten om at jødane drap kristne barn og drakk blodet deira.

Midt i stigande dødstal i Italia, då landet var episenter og etterkvart fekk fulle likhus, kom altså eit måleri som spelte på ein eldgamal myte om jødar. Myten har gjennom hundreåra produsert løgner og skapt hat - og frykt. Det vart ikkje minst lagt merke til korleis målaren framheva jødane i biletet sitt – med lange nasar og med knivar.

Ein gamal fordom mot ei folkegruppe vert fort henta fram i eit samfunn i djup krise, eit samfunn som treng nokon å retta frykta mot. Gasparro møtte både kritikk og heiarop.

Brukt som skyteskiver

Rundt i ei rekkje land har vi sett korleis pandemien har henta fram gamalt gufs og hat mot grupper – som i sine land er minoritetar. Det har vore mange døme på diskriminering ved utdeling av naudhjelp. Det har slått ut i jakt på syndebukkar og somme stader i rein hatkriminalitet. Religiøse minoritetar er blitt diskriminerte – og undertrykte. Virusfrykta er blitt brukt for å styrkja frykta for og undertrykkinga av heile folkegrupper.

NRK skal svara for den streken ein av deira medarbeidarar passerte – grensa mot det dehumaniserande og farlege.

—  Johannes Morken

Det har ein stad ramma muslimar, ein annan stad kristne og ein tredje stad hinduistar. Det har skjedd i land som India, Pakistan og Kina. Dei som frå før er stempla som trugsmål mot majoriteten eller mot regimet, er blitt brukte som skyteskiver.

Ord kan vera farlege

Dette skal NRK slett ikkje svara for. NRK skal berre svara for den streken ein av deira medarbeidarar passerte – grensa mot det dehumaniserande og farlege. Kvar gong den vert passert, er det ei plikt å erkjenna – og å seia tydeleg frå. For igjen må vi minna om at ord kan vera farlege.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt