Verdidebatt

Kva har skjedd med radioandaktane?

NRK: Det er kanskje ikkje pent å seie det, men ein del av andaktene i NRK ber altfor mykje preg av å vere litt positivt laussnakk, der Fadervår er det einaste som kan minne om ei lita gudsteneste.

Ein tidlegare kjent rikspolitikar skal ha sagt dette for lenge sidan: «Jeg hører hver dag på radioandakten og går ut i hverdagen, styrket i min vantro!»

Eg kjenner mange – og veit at det er endå fleire – som høyrer på radioandakta kvar dag og får styrke og mot til å møte kvardagen. No er denne programposten framleis levande. Fire dagar av sju kan vi få med oss nokre gode ord på vegen, sjølv om det er stor skilnad på dei rundt femten minutt andakta brukte av tid før, og no, når det kanskje berre er snakk om ein knapp tredel.

Og medan andakta før hadde «kristeleg» musikk og song både før og etter talen, bør du vere brennsnar å slå av radioen med det same radioverten har sagt namnet på han eller ho som har halde andakta, for musikk av heilt anna slag enn det som passar til ei andakt dundrar i veg og – for mange -viskar ut alt som i nokre fattige minutt bar preg av andakt.

Arne Ola Grimstad

Er det lenger ein andakt?

Vanlegvis har eg høve til å lytte til andakta, men vert diverre meir og meir i tvil om det eg høyrer, kjem inn under omgrepet andakt. I følgje leksikona skal andakta vere ei slags minigudsteneste. Men det er det nesten heilt slutt med.

Det spørs om ikkje det somme vågar å kalle ei andakt, heller burde kome inn att i eit «ord for dagen-innslag».

—  Arne Ola Grimstad

For mange år sidan hadde NRK ein programpost som dei kalla «Ord for dagen». Det var opplesing av eit innhaldsrikt dikt, eller eit prosastykke, etterfølgt av eit klassisk musikkinnslag eller song. Eg kan minnest at Amsterdam Konsertgebauorkester med Edward von Baunum som dirigent spelte Air frå Suite nr 3 i D-dur av Bach rett ofte etter det verbale innslaget i Ord for dagen. No er det lenge sidan dette programmet var på sendeplanen, men det spørs om ikkje det somme vågar å kalle ei andakt, heller burde kome inn att i eit «ord for dagen-innslag».

Positivt laussnakk

Det er kanskje ikkje pent å seie det, men ein del av notidsandaktene i NRK ber altfor mykje preg av å vere litt positivt laussnakk. Då er Fadervår det einaste som kan minne om ei lita gudsteneste.

Når eine andakta etter den andre er heilt fri for bibelord, Guds-namn eller anna som vi trudde høyrde heime i ei gudsteneste, då må det vere lov å undre seg. Når tema er otte, redsle, manglande tryggleik i kvardagen, ventar eg å høyre ord frå Bibelen som kan trøyste, setje mot i meg, gi meg den trygge handa eg treng for å gå ut i kvardagen. Men eg får visst vente fånyttes. Fadervår kjem til slutt. Og velsigninga, mest som eit andaktsalibi.

Lett å tenkje litt konspiratorisk

Eg skal vare meg vel for å påstå at denne «halde-Gud-utanfor-trenden» i mange radioandakter er vilja verk og ein del av radiopolitikken i NRK. Det har storma før, når det har vorte kutta ned på sendetida og dagar i veka. Men for ein del av oss som har levd ei stund og sett utviklinga, er det lett å tenkje litt konspiratoriske tankar.

Eg står att med ei kjensle av at det ikkje berre er i skulestova det skal vere forbode med noko form av forkynning.

—  Arne Ola Grimstad

No veit ikkje eg kven i NRK som har ansvaret. Og eg kjenner heller ikkje til kvifor andaktene som for ein stor del går vekk frå omgrepet og i staden legg seg på nokre velvalde ord om generell mellommenneskelege tankar om det eine og det andre i kvardagen, har andra form så mykje. Men eg står att med ei kjensle av at det ikkje berre er i skulestova det skal vere forbode med noko form av forkynning.

Kan hende er meninga god: Det er fleire som vil lytte til generelt prat om likt og ulikt som møter oss, og som av og til står på tvers for oss, enn å få med livsvisdom, formaning og trøyst frå sentrum av vår kristne tru og moral. Men dersom det er dette syn som ligg bak, burde i det minste programposten få eit anna namn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt