Verdidebatt

Maria den sjølvbevisste

MADONNA: Den porselenshuda som du ser på dei italienske renessansebilda av jomfru Maria, er sannsynlegvis like falsk som dei Snapchat-filtrerte bilda av norske kvinner i dag.

I adventstida har eg har tenkt meir enn vanleg på Guds mor og familiebilda av henne og Jesusbarnet. Madonna ser ut som ei italiensk adelskvinne utan spor av verken eigne meiningar eller fysisk arbeid i friluft. Lys i huda, vakker og skjør.

Renessansebilda skulle ikkje gi ei historisk korrekt skildring av ei snikkarkone frå landsbygda i Midtausten, men la vekt på det som bygde opp under kyrkjelæra, tradisjonane og kjenslene til dei tilbedande. Samtidig støttar framstillinga godt oppunder det patriarkalske idealbildet av ei kvinne. Den tidlege feministen Simone de Beauvoir kalla kulten rundt jomfru Maria for «den største sigeren for maskuliniteten».

Høg på seg sjølv

Kan forteljinga om Maria lesast som trakassering og seksuell vald frå Guds side? Spørsmålet har blitt debattert i nokre år og er nyleg blitt aktualisert i Noreg. Mange har lete seg provosera. Sjølv trur eg ikkje at Gud har noko imot spørsmål som er stilte på vegne av dei som er fornedra, marginalisert og utnytta, tvert om. Men kva om stemma i Maria sin lovsong ikkje berre er full av nåde, men av sjølvbevisstheit og styrke?

Bibeltekstane gir ikkje grunnlag for det eindimensjonale og slappe bilde av Maria som tradisjonen har teikna av henne. Allereie når Lukas fortel at engelen dukkar opp i Nasaret, ser me det. Kjapt etter å ha høyrt at ho skal bli gravid og få sonen til Den høgste, spør ho den fryktinngytande engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Orda kan tolkast som ei spydigheit, eller i det minste eit rakrygga og freidig spørsmål.

Kunne ho sagt nei til Gud? I så fall ville ho ikkje vore den første bibelske skikkelsen som gjorde det. Alt i Skrifta tyder på at mennesket har denne fridommen i møte med Gud. I staden gir ho det språkprofessor Karen Swallow Prior kallar «det første nedskrivne verbale samtykket i mennesket si historie». Når Maria seinare bryt ut i poetisk og ganske revolusjonær lovprising midt i ein samtale med gravide Elisabet, er det ikkje småtteri ho seier om si eiga rolle i historia: «Frå no av skal alle slekter prisa meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige». Ein uærbødig lesar vil kunna kalla henne ganske høg på seg sjølv.

Kva om ho var ei breibeint og høglytt kvinne, som bar store vasskrukker heim og slakta høns bak huset med grove arbeidsnevar?

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Breibeint og høglytt kvinne?

Kva om Lukas ikkje la orda Maria sin lovsong, i munnen på henne, og at ho – ei av kyrkja sine eldste – faktisk var ei av førstehandskjeldene hans, som gjennom eit langt liv hadde finpussa si eiga forteljing om det viktigaste som hadde skjedd henne? Kvifor skulle ikkje ho ta eigarskap til den?

Set me dei bibelske forteljingsbitane om Maria saman, får me eit bilde av ei kvinne som står stødig med rak rygg og kraftig nasebein. Kva om ho var ei breibeint og høglytt kvinne, som bar store vasskrukker heim og slakta høns bak huset med grove arbeidsnevar?

Sjølv om ein kunne ønskt at evangelia fortalde meir om henne, så har me i alle fall ein peikepinn: Jesus. Han hadde sannsynlegvis både personlegdomstrekk og sosial arv frå mor si. Evangelia viser han som ein karismatisk leiartype med genuine lytteevner, store talegåver og temperament.

Då Jesus sulla seg vekk i tempelet som 12-åring, var begge foreldra redde. Men det var mora som stod for kjeftinga, då dei endeleg fann han. Den vaksne Jesus blei sint då disiplane sende mødrene vekk med ungane og då han jaga ut dei som dreiv handel i tempelet. Hadde han temperamentet til Maria?

Sterkt og sjølvsikkert smil

Jesus løfta fram kvinner som gjorde som dei ville – anten dei skulka matlaging for å lytta til han, eller sløste vekk ei skandaløst kostbar salve. Kan synet hans på kvinner henga saman korleis han har opplevd si eiga mor? Det var mor hans som indirekte, men tydeleg bad han løysa problemet med for lite vin på eit tidspunkt då bryllaupsgjestene (ho også?) hadde drukke lenge. Det tyder på at Maria både var praktisk, uredd og handlekraftig. Ho treng slett ikkje å ha vore så mjuk og føyeleg, sjølv om ho var god.

Tvert i mot står ho fram som ei som slett ikkje var redd for å ta styring, men som greip livet med begge hendene. Om ikkje dei italienske målarane gav oss ei slik gudsmor, kan ho i alle fall møta oss for vårt indre auga med sterkt blikk og sjølvsikkert smil. Og me skal, som slektene før oss, prisa henne sæl.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt