Verdidebatt

Eg blei ingen jeger

Haustens store eventyr blir det kalla. Jegerar på jakt etter eit bytte. Kva er motivasjonen for å drive jakt i dag? Og korleis rustar dagens jegerar seg til å drepe eit dyr?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Knut Aastad Bråten

Kulturhistorikar, folkemusikar og skribent

Framom oss ligg fjell og endelause vidder. Ei einsleg rype flyg opp, forsvinn, blir borte bak haugane. Sidan er alt stille, tomt, daudt.

Eg set kikkerten på nasen, saumfer landskapet for dette eine: Dyret. Byttet. Trofeet. Noko vi stolt kan vise fram.

I sekken ber eg nødvendig utstyr om det skulle bli bruk for det. Kniv. Sag. Svarte plastsekkar. Dyret må også flåast, parterast, fraktast. Sjølv har eg aldri tidlegare vore med på jakt. Dette er fyrste gongen. Korleis vil eg reagere på synet av eit døyande dyr, det varme blodet, den svake pulsen?

Eit dyr er jo også eit liv.

LES OGSÅ: Ane Bamle Tjellaug: «Er det ingen døde dyr i maten, går jeg heller sulten til sengs»

Eg er ingen jeger

Vi gjekk tomhendte heim. Heldigvis, tenkjer eg med meg sjølv. Etter årets jaktdebut står det klart for meg: Eg er ingen jeger. Kjem heller aldri til å bli det. Ikkje for det: Eg blir gjerne med att om høvet byr seg. Eg kan kike etter dyr og studere landskapet. Eg har ein rygg som kan bere ferskt, blodraudt kjøt. Eg er ingen fundamentalist i matvegen, likar allslags kjøt. Og då eg var smågut, sprang eg med kaffikjelar fulle av kokande vatn kvar haust når grisen skulle skåldast og slaktast.

Men eg er ingen jeger. Slik far min heller aldri vart det. Eller far hans att. Rett nok var bestefar min bygdeslaktar, for rundt på gardane om hausten, hjelpte til med avliving, tapping av blod, skjering. Kanskje låg det ein annan premiss, ein annan motivasjon til grunn for dei som slakta heime på gardane den gongen, enn for dei som jaktar på viltet i skogen?

Å vandre i fjellheimen er ei fin anledning til å filosofere over jakt som fenomen og kva jakt betyr for menneske i dag. For mange er jakt lidenskap og hobby, fritid og opplevingar for livet. For andre er jakt det motsette: umoralsk, bestialsk. Uansett ber jakta i seg eit grunnleggjande og fundamentalt alvor: retten til å ta liv.

Reflekterer vi noko særleg over det?

Før var jakta eit slit

Det låg aldri moralske eller etiske motførestillingar til grunn for jaktdebuten tidlegare i haust. Slik det heller aldri var eit nederlag å kome tomhendt heim. Kanskje var det alt det andre som drog? Ei ny oppleving. Naturen. Praten. Eller sporet av fortida. Undervegs kjem vi over fleire dyregraver, ein alminneleg fangstmetode fram til skytevåpen vart vanleg. Eg tenkjer på spenninga hjå jegerane den gongen, men mest på svolten, på kampen for tilværet, på matauk og knappe ressursar, på dei som sat att heime. I sekken har eg turmat i mengder. Kleda held meg tørr og varm, og nedst i lia står bilen parkert. Jakta gjev perspektiv på fortida og samtida, på behov og nytte, på leik og alvor.

Haustens store eventyr, liksom. For eit slit jakt var før i tida, tenkjer eg.

Jakt dreier seg historisk – og djupast sett – om å hauste av naturen, om å utnytte byttet til mat, klede eller andre bruksting. Jakt har vore eit kjærkome tilskot til garden og bygdesamfunnet, ikkje minst for dei som hadde lite frå før.

LES OGSÅ: Bokmelding: Lars Mytting flettar forteljingar om reinjakt, farefulle flyturar og spennande krigshistorier inn i sin nye roman

Jakta - ei mannegreie

Det finst ikring 516.000 jegerar i Noreg i dag. Snautt 135.000 av dei betalar avgift og er såleis aktive jegerar. Jakt er populært blant mange, men ikkje blant folk flest. Nesten to av tre jegerar er menn over 40 år, og dei som jaktar, blir stadig eldre, skriv Statistisk sentralbyrå. Og sjølv om fleire kvinner kjem til, er dei nesten fråverande, snaue 6,5 prosent. Jakt er utan tvil ei mannegreie for menn med typiske mannsyrke: gardbrukarar, tømrarar, snikkarar, ingeniørar.

I ein ny rapport frå Menon Economics kjem det fram at elgjakta skapar milliardverdiar – både i omsetning av kjøt, i utgifter knytte til sjølve jaktopplevinga, men òg gjennom innverknaden på folkehelsa. Men trass i milliardane: Når kampen for å sikre nok mat på bordet ikkje lenger ber jakta åleine, når matbutikkar og delikatesseforretningar fløymer over av mat frå morgon til kveld – kva skal då vere motivasjon og drivkraft for jakta?

Nærkontakt med naturen

Jakta står sterkt i landbruket. 66 prosent av jegerane var i 2014–2015 eigarar av ein landbrukseigedom eller i familie med nokon som var det. For mange av dei er jakt ein rett som fylgjer garden, men òg naturforvaltning i vidaste forstand, mellom anna bestandsregulering, ansvar for det biologiske mangfaldet og god forvaltning for komande generasjonar.

Jakt er forvaltning av utmark, slik det også er tradisjon og kultur, truer og skikkar. Jakt – i likskap med alle ytringar – ber kulturarven vidare. Dette kom særleg fram då samiske jegerar i år vart skulda for å drive ulovleg jakt på ender. Forskar Solveig Joks forsvarte den samiske praksisen. Vårjakta på ender er viktig for bevaringa av språket, meinte ho.

Jakt er førebuingane og prosessane i forkant, men òg spenninga og forventinga undervegs. Mykje skal på plass, mykje må ordnast. Vi skal sikre våpen og nødvendig slakteutstyr, finne leia og tolke landskapet, slik det òg er høg puls og småe marginar – før grand finale og den endelege utløysinga: sikte, skyte, sjå dyret falle.

Jakt er fyrst og fremst nærkontakt med naturen: vandringar på gamle stigar, tunge steg i blaut myr, haustfargar og ruskevêr. Eg tenkjer ofte at dei som er på jakt, er heldige som har eit stille fellesskap. Så fint det må vere å sitje på post, og berre halde kjeft i lag.

LES OGSÅ: Filosof: «Etter å ha sett Tiger King melder et spørsmål seg: Hva kjennetegner en ekte dyrevenn?»

Kulisse for sjølvskryt

Framleis er jaktkultur mannskultur. Rekrutteringa skjer i hovudsak frå far til son. Tonen, stilen, praten, blikket. Jakt gjer unge gutar til menn, slik det stadfestar og definerer kva ein mann skal vere – og ikkje vere.

Eg veit ikkje om sjølvrealisering er eit uttala mål blant jegerar. Men eg forventar at jaktinteressa speglar tida og trendane elles. Til ein viss grad, iallfall. Blant jegerane finst også han som søker nye mål og utfordringar, han som aldri tidlegare har brydd seg om blod og våpen, men som gjer jakta om til eit gjennomgripande prosjekt. Kan hende jaktar han på villdyret – i seg sjølv.

Det blir ofte rabalder kvar gong nokon postar bilete av smilande jegerar og daude dyr på sosiale medium. Men er det jakt? «Til vanleg var veidemennene fåmælte», skriv lokalhistorikaren Knut Hermundstad. Eg veit ikkje alltid kva som er siktemålet for sjølvi-generasjonen, men jakt fungerer fint som kulisse for merksemd og sjølvskryt. Berre likarane er mange nok.

Kva er jakta i dag?

Å vilje andre vondt er ein skambelagd, men like fullt sann menneskeleg eigenskap. I oss bur mordarar og sadistar. Nokon finn meining i å ta livet av eit levande vesen. For denne jegeren betyr ikkje forsvarleg forvaltning eller matauk stort, men kicket ein får av å drepe nokon.

Jakt er spenning og kameratskap, kulturarv og opplevingar for livet – og kampen for tilværet. Iallfall for dyra. Det siste året vart det felt i underkant av 490.000 småvilt, rådyr, hjort, elg og rein under jakt. Mange av dei blir skadeskotne, lir, blør i hel. Kva betyr dyrs liding for dagens jegerar og i forteljinga om haustens store eventyr?

Motivasjonen for å jakte er ikkje lenger det han ein gong var. Naturleg nok. Det utfordrar oss til å tenkje nytt om jakt som fenomen, og kva det skal bety for opplyste menneske – i dag.

LES MER:

Norsk Vegansamfunn har blitt livssynssamfunn. – Jeg savner en helhetlig livsanskuelse, sier Joys

Her er forklaringen: «Derfor er veganisme et livssyn»

Professor i religionsvitenskap: «Nå trenger vi ærefrykt for livet»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt