Verdidebatt

Den rette læra og den riktige omsetjinga?

Bibelselskapet går ikkje inn i ein debatt med lesaren. Det opptrer heller som formidlar for kyrkja

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Andrew Wergeland

Universitetslektor i hebraisk og Det gamle testamente ved MF

Morten Beckmann har igjen fått spalteplass i avisa (06.04) for å ta opp spørsmålet om Bibelselskapet har ein agenda, slik som han og ­Anders Martinsen gjorde i same avisa 7. februar i fjor. Men sjølv om dei fekk svar av Bibel­selskapet (09.02.19) og kritiske­ kommentarar frå sidelinja av meg (20.02.19), er det vanskeleg å sjå kva som er nytt i Beckmanns siste innlegg. Det er kanskje difor svaret frå ­Bibelselskapet i år (15.04) heller ikkje inneheld noko nytt saman­likna med i fjor. Moglegvis er kritikken frå Beckmann noko endra slik at ­Bibelselskapet ikkje er så ­mykje framstilt som formyndar overfor bibellesarar, men som trulaus mot sin eigen tradisjon.

Ny agenda?

Beckmann framstiller det som om Bibelselskapet viser ei ny og kontroversiell haldning når kyrkjas felles lære er med på å styra omsetjingsvala deira. Dette skal vera eit radikalt brot med tidlegare praksis, også i internasjonal bibelselskapssamanheng, ja, «et historisk veiskille­». Men som eg viste i kommentaren min i fjor, har dette vore vanleg praksis sidan før Jesu tid. Eller, når har ein misforståeleg tekst vore idealet for tekstoverleveringa, eller at absolutt alle tolkingsalternativ må bli bevart?

Dei dogmatiske kontroversane som skal unngåast i omsetjingar laga i bibelselskap-regi er jo helst dei som skil ulike kyrkjesamfunn. Som ein økumenisk organisasjon, ville det ikkje gi meining om Bibelselskap gjekk inn for omsetjingsval som dei ulike kyrkjene i ­Noreg ikkje kunne samlast om. Om noko er nytt her, så er det Beckmanns nøytralitetskrav til eit bibelselskap som vil stå i heile kyrkjas teneste. Eg blir usikker på om han har fått med seg korleis Bibelselskapet forstår seg sjølv og oppdraget sitt.

LES OGSÅ: Generalsekretær i Bibelselskapet: «Bibeloversettelsen skal ikke overstyres av kirkelig dogmatikk»

Bibel­selskapet går ikkje inn i ein ­debatt med lesaren

Beckmann anklagar Bibelselskapet for å ha endra Bibelens eigne ord for at lesaren skal koma fram til at kyrkjas syn på Jesus er sant. Som mangeårig lærar i eitt av bibelspråka og tidlegare bibelomsetjar, klarer eg ikkje å forstå kva han meiner med at «­Bibelens egne ord ­endres». Sjølv viss ein ser bort i frå utfordringane med å fastsetja ord­lyden i grunnteksten, inneber all omsetjing frå eitt språk til eit anna ei endring av orda i kjelde­teksten til orda i målteksten.

Ser ein likevel bort frå dette, verkar det som om Beckmann meiner at Bibelselskapet har som mål å argumentera for eit bestemt syn på Jesus med omsetjinga si. Men som eg har forklart tidlegare, har neppe Bibelselskapet noko anna mål enn å omsetja Bibelen i tråd med korleis kyrkja i økumenisk forstand forstår tekstane­, deriblant synet på Jesus. Bibel­selskapet går ikkje inn i ein ­debatt med lesaren. Det opptrer heller som formidlar for kyrkja.

Ikkje overstyring

Dersom ein er ueinig i synet på Jesus som kjem fram i 2011-revisjonen, er riktig adressat for motforestillingar derfor kyrkja, ikkje Bibelselskapet. Alternative, ikkje-kyrkjelege framstillingar av Jesus er til tider populære. Dersom Bekmann meiner det er viktig å utfordra måten kyrkja forkynner Jesus på, kan det godt henda han finn interesserte lesarar.

Dei som har slutta seg til ­kyrkjas tru på Jesus, derimot, treng noko anna. Dei treng det Bibelselskapet og andre bibel­tekstarbeidarar har levert i over to tusen år: ei omsetjing som hjelper dei å bli kjent med han som kyrkja forkynner, slik kyrkja forkynner han. Sidan ­Bibelen er kyrkjas bok, kan ein ikkje kalla dette overstyring eller «å sminke Bibelen». Det finst ikkje ein sannare måte å omsetja Bibelen på, ikkje ­nokon annan måte å omsetja den meir i samsvar med dens vesen på.

LES MER:

• Kritiserer Bibelselskapets bruk av Aune Sand: – Han objektiverer kvinner

• «Har Bibelselskapet en agenda med bibeloversettelsen? Kan dette kalles annet enn å sminke Bibelen?»

• Dansker tok Israel ut av Det nye testamentet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt