BISKOP KARI VEITEBERG:

Ein god idé å anbefala Moxnes

Å lese jamleg i bibelen også for å vere førebudd til å kunne forkynne evangeliet i samtida, har heilt frå starten av vore ein vesentleg del av lutherske prestar sin spiritualitet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kari Veiteberg

Biskop i Oslo

Dagen etter regjeringas viktige pressekonferanse om smittetiltak, vel Vårt Land å bruke mykje spalteplass på ein setning eg skreiv då eg delte eit innlegg av Halvor Moxnes for ei god tid sidan. På bakgrunn av dette gjer religionsredaktør Alf Gjøsund seg nokre tankar om kyrkjeleg einskap og om å vere samlande, og tenker vidare ut i frå nokre svært hypotetiske problemstillingar.

Eg ber om forståing for at eg ut i frå dagens situasjon vil svare nokså kortfatta på Gjøsunds lange artikkel.

Tekstens samanheng

Det er jo i desse dagar kanskje meir en til vanleg, viktig å ta alt i beste meining. Gjøsunds lange og til tider belærande artikkel kan i det minste, tenker eg, vere nyttig av to grunner: Den kan vere ei påminning om at også viruspandemien ikkje må stele all vår merksemd og at det er nødvendig å tenke på heilt andre ting innimellom. Det kan også gi fleire høve og anledning til å lese Moxnes sitt omtalte og delte lesarbrev i Vårt Land eller lese det ein gong til.

Ei kvar kvalifisert lesing føreset at ein også ser på tekstens samanheng og også vår og tekstens kontekstar. Det siste har eg lært av mellom andre Halvor Moxnes og også andre gode teksttolkarar heilt frå starten av studietida mi.

LES DET OMTALTE DEBATTINNLEGGET: Teologiprofessor Halvor Moxnes: «Espen Ottosen er ikke bibeltro»

Ein god idé å dele lesarbrevet

Det heile starta altså med at nokre vart urolige fordi eg delte dette lesarbrevet med desse orda: «Ta deg fem minutt om du vil ta inn klok bibeltolkekunnskap av professor em. i Bibelvitenskap Halvor Moxnes.» Det meiner eg stadig er ein god ide. Eg deler ofte slike lesartips må heimesidene mine, ofte dreier det seg om tekstar skrive av folk og kollegar eg slettes ikkje er heilt einig med i alle spørsmål. Poenget med denne anbefalinga er at innlegget til Moxnes formidlar nødvendig kunnskap om kva det er å lese og tolke bibeltekstar i vår kyrkje, og viser kor viktig det er. I innlegget stiller viser Moxnes at det finst andre måtar å vere tru mot det bibelske bodskapen på. Og han dokumenterer at Bispemøtet med utgreiinga «Sammen» frå 2013 la eit felles grunnlag å tolke Bibelen ut i frå: «Selv om utvalget delte seg i to i synet på homofilt samliv, var de felles om et grundig arbeid med et luthersk og historisk bibelsyn.»

Ottosen er ingen kjettar

For meg er det viktig å understreke, og det gjer eg kvar gong eg har høve til det, at kyrkja er avhengig av grundig teologisk arbeid og av høg kompetanse når det gjeld å lese bibelske tekstar. Dette blir understreka i eit av løfta i ordinasjonsritualet: «selv av hjertet legge vinn på å leve etter Guds ord, og i studium og bønn å trenge inn i de hellige skrifter og den kristne tros sannheter».

Å lese jamleg i bibelen også for å vere førebudd til å kunne forkynne evangeliet i samtida, har heilt frå starten av vore ein vesentleg del av lutherske prestar sin spiritualitet.

Eg ber om forståing for at eg ikkje kan gå inn på Gjøsunds meir hypotetiske problemstillar, til dømes om kva eg ville gjord dersom han ba om ein ordinasjonssamtale. Eg har så vidt eg veit ikkje på noko vis sagt at Ottosen er ein kjettar, og eg kan heller ikkje skjøne at Moxnes har gjort det. Men det får og kan han svare for sjølv.

Nært samarbeid med mine kollegaer

Eg ser at Gjøsund ber meg lære av mine utmerka kollegaer som etter hans meining er «samlende og kloke» og også anbefaler meg «med fordel tenke på samme måte» som dei. Det gjer eg faktisk, kvar dag og eg kan berolige dei urolige med at vi faktisk har eit godt og nært samarbeid. Eg opplever dette nære samarbeidet som avgjerande i den situasjonen vi står i i desse merkelege tidene. Det er viktig i denne tida både å stå saman og også gjere bruk av vår eigen stemme.

LES MEIR:

Ottosen svarer Moxnes: «Jeg tror Moxnes tar feil om hva Bibelens tekster refererer til»

MF-lektor: «Både Moxnes og Ottosen er bibeltru»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt