– Korleis ser koronakvardagane dine ut?
– Dei liknar mistenkeleg mykje på kvarandre. Kvar dag er blitt ein søndag, seier Grytten.
– Kva er det beste og verste med desse dagane?
– Det beste er å få vere med dei eg er mest glad i. Det verste er at eg ikkje får vere med resten av dei eg er glad i.
Alle saman, inne og isolert
– Korleis verkar situasjonen på skrivinga di?
– Eg er jo ein heldig innegubbe. Eg kan skrive kvar som helst, bare eg har ei datamaskin og nokre plater. No er eg i innspurten på ei ny novellesamling, og det skal gå greitt. Hadde dette vore heilt i byrjinga av skrivinga, hadde eg kanskje rota meir rundt i min eigen galskap.
– Kva inspirerte deg til å skrive NAUDBLUSS?
– Ja, vi er her, alle saman, inne og isolert, verda ser litt annleis ut, og vi veit ikkje heilt kva vi har i vente der ute, men vi har vel eit håp om å bli kjent med kvardagen igjen.
– Er du uroleg, og kva er du redd for?
– Ja, eg er uroleg for far min, sjølvsagt, og så er eg redd for bikkjeslagsmålet som kjem etter dette, då alle med makt og pengar og privilegium og raude capsar skal skulde på kvarandre og forsøke å halde fast på sine posisjonar.
LES OGSÅ: «Korona gjør at eldre kan tape i konkurransen om livet. Hva gjør det med oss?»

Serietips og Messi-sakn
– Nokre tips til folk som keiar seg?
– Eg har veldig lite sympati med folk som synest livet er keisamt, anten dei er heime eller ikkje heime. Dei kan til dømes ringe nokon som er einsame heilt på ekte og spørje om dei skal spele sjakk på ein app eller utveksle gode spelelister.
– Kva med tv-seriar, har du sett noko som fleire bør få med seg?
– Eg har bare sett ein episode av miniserien «The Plot Against America» på HBO, men det var lovande. Mannen bak, David Simon, har lagd nokre av dei tv-seriane eg har likt best: «The Wire» og «The Deuce» og «Show Me A Hero». Elles er Paolo Sorrentino ein suveren filmskapar, sjå gjerne hans to seriar om paven og Vatikanet («The Young Pope» og «The New Pope»).
LES OGSÅ: «Frode Grytten skriver beske skildringer av menn i krise som lengter hjem»
– Kva ser du fram til etter at dette er ferdig?
– Å sjå Messi skru ballen over muren og opp i nærmaste kryss.
– Kva bør vi lære av denne krisa og ta med oss vidare?
– At vi er nøyde til å samarbeide på denne kloden, at vi er avhengige av kvarandre, at vi kan ikkje halde fram med å presse og pine planeten slik vi gjer, og at det ikkje er så lurt å gå på afterski i Nord-Italia og Austerrike.
NAUDBLUSS
gi beskjed til
juni, juli, august
meld frå til september
send ord til oktober
vi er her inne
vi er her i alle husa
fanga som insekt
i handflatene
vi har pussa vindauga
for å sjå gata vår betre
vi er kopla til kvarandre
via internettets tynne sivilisasjon
vi skriftar til oss sjølv kvar kveld
men nyheitene flyt stille opp
frå kjellaren og fyller alle
rom med frykt
varsle våren, gi sommaren
ei streit melding
så snart dette er over
straks dette er slutt
finn oss, redd oss, berg oss
bær oss ut i lyset
Av: Frode Grytten
---
Fakta:
---